Debatt
«Ord frå direktoratet betyr ikkje noko lenger. Ein kan ikkje festa lit til det POD skriv eller seier.»
Særalder er ei betent sak – ei som veks og blir styggare dess lenger den får stå urørt. Vi festar lit til at politidirektør Håkon Skulstad kjempar rettar opp denne uretten snarast.

Dette er en meningsytring. Innholdet gir uttrykk for forfatterens holdning.
Det er høve til å gratulera utnemd Politidirektør, Håkon Skulstad, med ei viktig gjerning i ei krevjande tid for Noreg.
Som tillitsvalgt for geografisk driftseining Hordaland er det gledeleg at nokon i frå heimtraktene har nådd heile vegen til toppen av norsk politi.
I åra som har gått sidan Skulstad var lensmannsbetjent og til han nyleg vart politidirektør, har det skjedd mykje i verda, men lite med lensmannskoden.
Stillingskoden og ramma som tvingar distrikta til å ta til takke med utsletne politifolk når publikum har havna i naud.
Tilsette med bakgrunn frå den tidlegare lensmanns-etaten blir, gjennom gamle stillingskoder, haldne utanfor ordninga for særalders-grense.
Tilsette med bakgrunn frå den tidlegare lensmannsetaten blir, gjennom gamle stillingskoder, haldne utanfor ordninga for særaldersgrense.
Trass i at dei jobbar operativt – i uniform, på patrulje, på vakt – får dei ikkje gå av med pensjon på same måte som andre politiutdanna. Dette er ikkje berre svært urimeleg – det svekker heile beredskapen i distrikta.
I fleire små lokalsamfunn, som til dømes i Samnanger der Skulstad vaks opp, vil innbyggjarane bli møtt av ein politipatrulje beståande av to utsletne 60-åringar på nattevakt.

Distriktsberedskap er avhengig av at vi klarer å rekruttere unge, kompetente folk som vil leve, jobbe og bli verande i mindre lokalsamfunn.
Det er vanskeleg nok frå før.
Når desse ser at dei ikkje får same pensjonsvilkår som andre med same utdanning og oppgåver, mistar vi dei. Mange søker seg no til større byar eller ut av politiet.
I lys av satsinga på Forsvaret, ser vi no at politietaten i distrikta tapar i konkurransen om dei nyutdanna frå Politihøgskulen.
Det er kun i hovudtariff-avtalen i staten og songar frå Hellbillies ein kan lesa og syngja om lensmannen.
Det er spesielt provoserande at Politidirektoratet har fjerna det 800 år gamle lensmannsbegrepet for å få eit meir moderne og inkluderande språk, men ikkje har rydda opp i dei djupt urettferdige løns- og arbeidsvilkåra som følgde med.
Det er kun i hovudtariffavtalen i staten og songar frå Hellbillies ein kan lesa og syngja om lensmannen.
Det heile vitnar om eit sjukeleg syn som får råda i etaten; om det ikkje er eit problem i dei store byane, så er det heller ikkje eit problem.
Dette er med på å svekka den allereie tynnslitte tilliten vi i den gamle lensmannsetaten har til HR-avdelinga i Politidirektoratet og personalsjefen i staten.
Ord frå direktoratet betyr ikkje noko lenger. Det er berre ord. Ein kan ikkje festa lit til det direktoratet skriv eller seier.
Særalder er ei betent sak – ei som veks og blir styggare dess lenger den får stå urørt.
Skulstad er truleg kjend med historia då strilane blei utsett for urettvist skatteregime frå adelen i Bergen i 1765. Mang ei regjering og adelege har angra på at dei satte distrikta på prøve.
Vi festar difor lit til at Skulstad kjempar mot urett uansett kvar han ser den og rettar opp denne uretten snarast.