Debatt
«Ja, det hastar med ei heilskapeleg digitalisering av norsk politi»
I eit meiningsinnlegg i Politiforum 28. april, peikar Hanne Bredal og Bjørn Erik Ludvigsen i Kripos på fleire sentrale bekymringar knytt til digitalisering, som eg som politidirektør deler med dei.

Dette er en meningsytring. Innholdet gir uttrykk for forfatterens holdning.
Det er no fleire gjennomgripande prosessar på gong som skal setja norsk politi i stand til å løysa samfunnsoppdraget også i framtida.
Det er ingen tvil om at teknologi gjer at kriminaliteten finn nye vegar inn i samfunnet vårt. Og den digitale kriminaliteten er grenselaus.
I den raske digitaliseringa av samfunnet er det difor avgjerande at politiet utviklar seg for å kunne handtera nye former for kriminalitet, for å sikra tryggleik og rettssikkerheit for innbyggjarane.
Meiningsytringa til medarbeidarane ved NC3 i Kripos er eit uttrykk for eit utolmod som eg også kjenner sterkt på, og som eg veit delast av mange i etaten vår.
Fordi endringane rundt oss skjer so raskt, blir vi redde for ikkje å henga med. Og med rette.
Ei slik gjennom-gripande endring handlar like mykje om menneske og kultur, som teknologi.
Ei slik gjennomgripande endring handlar like mykje om menneske og kultur, som teknologi.
Og kulturen i politiet den er sterk, noko artikkelforfattarane også peikar på.
Dei siste tre åra har vi difor jobba systematisk med kulturutvikling i toppleiinga.
Det er ei heilt anna forståing av kva digitalisering betyr for utviklinga av norsk politi no, enn berre for få år sidan. Det er ein sentral føresetnad når vi no set fart på verksemdsutviklinga vår.
Vi skal endre måten vi løyser oppgåvene våre på ved hjelp av teknologi. Vi jobbar difor med å etablera ein heilt ny styringsprosess, som integrerer ein ny måte å tenke utvikling på i etaten.
Vi skal lage nasjonale løysingar som møter lokale behov.
Disponering av ressursar og kompetanse skal ha eit heilskapeleg, nasjonalt perspektiv. Vi skal lage nasjonale løysingar som møter lokale behov. Dette er ein ny måte å tenke på for oss i politiet.
No skal investeringar som skjer i Politiets IT-eining (PIT) henge saman med dei IT-investeringane og utviklinga som skjer ute i etaten.
Ein ny modell for tenesteutvikling, anten for innbyggjarane eller for medarbeidarane våre, er også under etablering. Parallelt skal vi også jobba for å få ein større digital modenskap i heile politiet.
Eg er difor mindre bekymra for framtida, enn eg hadde vore om vi ikkje allereie hadde tatt desse grepa. Endring er krevjande, men må til dersom vi også skal klara å løysa samfunnsoppdraget vårt i framtida.
Eg har tru på at vi er på god veg til å lukkast med å endra arbeidsprosessane våre, med å knyta fag og teknologi tettare saman, slik at vi er klare til å kunne ta imot dei ekstra ressursane som vi har bedt om gjennom ei konseptvalsutgreiing for 2027.