Debatt
«Norsk politi treng ein betydelig betre bemanning»
Tidlegare toppbyråkrat Øystein Blymke bommar på ein vesentleg ting i sin kronikk i Politiforum.
Dette er en meningsytring. Innholdet gir uttrykk for forfatterens holdning.
Som vanleg har den dyktige skribenten og tidligare toppbyråkraten Blymke mange gode poeng og spennande vinklingar.
Det er lett å stilla seg bak behovet for meir fokus på kompetanse i høve til «nye» kriminalitetsformer.
Som ofte i debattane om behovet for meir politi eller ikkje, manglar det eit vesentleg fokus.
Men som ofte i debattane om behovet for meir politi eller ikkje, manglar det eit vesentleg fokus.
Ein tek aldri utgangspunkt i kva situasjonen er for dei som står i førstelinja for å løysa primæroppgåva til politiet: Vakt og beredskap.
Om ein ser på tal for tilsette som er IP-godkjent og som då kan gå vakt og beredskap, er talet betydeleg redusert dei siste åra.
Mange operative opplever større vaktdistrikt, dårlegare vaktordningar med hyppigare helgevakter og mindre fleksibilitet i høve til ferieavvikling.
På toppen kjem eit stort tal overtidstimer og ekstravakter som resultat av den internasjonale trusselsituasjonen og mykje demonstrasjonar og store arrangement som krev heilt andre tiltak fra politiet enn tidlegare.
Tal på oppdrag og belastning på vaktstyrken har auka, særleg er dette dramatisk i Oslo.
Tal på oppdrag og belastning på vaktstyrken har auka, særleg er dette dramatisk i Oslo, men også mange andre store og små byar og stader opplever presset.
Små stader som Andøya har fått ein enorm vekst i «avviksmeldingar» i høve til det trusselbildet me i dag lever under.
Sånn kan ein halda fram, og lista ville verta svært lang.
Det er også ein realitet at for dei fleste tenestestadar, små og store, er det førstelinja som går vakt og beredskap som må ta ein stor del av budsjettkutta, som igjen betyr færre på vakt.
Når ulike spesialrområder skal prioriterast, er det alltid lettast å «ta stillingar» fra den staden det samla sett er flest politistillingar.
Summen av dette er at svært mange opplever ein for stor belastning, som ikkje står i samsvar med dagens krav til eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø, der ein også skal ha eit liv utafor jobben med små born og familie.
Dersom ein ser på bemanninga på mange operasjonssentralar, eller dei som jobbar med førebyggjande arbeid som si primæroppgåve, vil ein også sjå at det manglar politifolk.
Så Blymke, ja du har mange gode poeng, men bommar kraftig på konklusjonen om at det ikkje er behov for fleire politifolk.
Det same vil ein sjå innanfor etterforsking.
Så Blymke, ja du har mange gode poeng, men bommar kraftig på konklusjonen om at det ikkje er behov for fleire politifolk.
Blymke tek også eit blikk på den «gamle» og evigvarande debatten om at «fleire politifolk gjev mindre kriminalitet». Det er det ikkje lett å svara eintydig på, for som Blymke skriv, «paradoksalt nok vil man kunne hevde med en viss rett, at økt politibemanning fører til økt kriminalitet, av den registrerte kriminaliteten vel og merke».
Å avdekka meir av den «skjulte» kriminaliteten er ein god investering.
Men det kan ikkje vere vanskeleg å konkludera med at å avdekka meir av den «skjulte» kriminaliteten er ein god investering.
Berre den økonomiske kriminaliteten kostar årleg fellesskapet meir enn 100 milliardar kroner.
Både Blymke og eg var involvera i debatten og arbeidet med 2 politi per 1000, og me veit begge at dersom ein i dag legg inn dei same premissane og ser på kriminalitetsutviklinga, trusselsituasjonen og operative utfordringar, ville ein truleg enda på eit behov for 3 politi per 1000 – i tillegg til det gode fokuset Blymke har på rett kompetanse.