To politifolk per tusen innbyggjar er for lågt

Det undrar  meg at ein reduserar opptaket til Politihøgskolen utan å ta ein ny oppdatert vurdering av det reelle behovet for politikraft.

Publisert

I dag er det eit politisk mål om at det skal vere to politifolk per tusen innbyggjar. 

Dersom ein hadde hatt ein oppdatert analyse i høve til bemanningsbehovet basert på dei kriteria som låg til grunn for bemanningsutvalet sin rapport, og supplert med endringar sidan 2008, hadde ein truleg enda på ca 2,6 politi per tusen innbygjar. 

Kort tilbakeblikk: I  samband med statsbudsjettarbeidet til Stortinget i 2004-2005 spelte Politiets Fellesforbund  ( PF)  inn behovet for ein bemanningsplan for politiet. Ein hadde særleg god dialog med Knut Storberget om saka. Han vart justisministar frå hausten 2005 og arbeidet vart godt fulgt opp med eige prosjekt som leverte sin rapport 2008.

Arne Johannesen, GDE-leiar for Sogn og Fjordane, Vest politidistrikt.

Som forbundsleiar fulgte eg heile prosessen frå innspelet til Stortinget, som deltakar i styringsgruppa for prosjektet og oppfylgjinga med auka opptak til Politihøgskulen til 720 for å nå måla i rapporten. 

LES OGSÅ: Antall politistudenter kuttes til 400

Trengs ein oppdatert vurdering

PF hadde laga ein  samanlikning  av politidekninga  i ulike  land i Europa .  Noreg  hadde ein av dei dårlegaste dekningane per tusen innbyggjar. 

Fokuset  var å auka politikrafta (eit begrep som Knut Storberget vart svært glad i).  Ny ATB vart framforhandla med regelen om 11 timar kvile i 2005, det synleggjorde behovet for meir politi for å ha same politikraft.

Politiet jobba for mykje overtid, så HMS i stort og smått vart eit viktig argument. Fokuset på å få meir lik polititeneste over heile landet med aktiv teneste 24/7, og ikkje beredskapsvakt, vart vektlagt. Og ikkje minst endra kriminalitetsbilde og større krav til  politiet.

Kva har endra seg sidan 2008? Det undrar  meg at ein reduserar opptaket til Politihøgskolen utan å ta ein ny oppdatert vurdering av det reelle behovet for politikraft. 

Ein bør ta ein skikkeleg analyse på alle vesentlege endringar som tek av politikrafta/kapasiteten etter 2008 og fram til i dag.

Som døme kan ein trekka fram:                  

  • Endra krav til opplæring for IP (timar med opplæring)
  • Bemanninga på operasjonssentralane etter 22. juli. 
  • Framleis fleire distrikt/regionar med beredskapsvakt.
  • For mykje bruk av ATBs unntak i høve 11/8 timar kvile
  • Etterforskingsløftet med obligatorisk årleg opplæring
  • Kvalitetskrav i politireform
  • Politikontaktar
  • Tilrettelagte avhøyr
  • Nettovergrep og bildedeling – 350% auke frå 2014-2018
  • Krav og forventningar frå samarbeidspartnarar
  • Auke på 75% innan seksuallovbrot 2014-2018

 For store skiftingar

Dersom me hadde fått ein oppdatert bemanningsplan basert på dette og andre utviklingstrekk, hadde ein garantert konkludert med eit behov godt over to politifolk per tusen innbyggjar.

Sjølv om ein per no har 1,99 politifolk per tusen, når ein tek med særorgan og PST, er det framleis sju politidistrikt som kun har ein bemanning på mellom 1,5 og 1,67 per tusen. Sjølv leiar eg ein GDE som har 1,05 politi per tusen innbyggjar.

Opptaket til Politihøgskulen er politisk styrt ved at ein set eit tal i statsbudsjettet, og det har variert frå 240 – 720 dei siste 20 åra. Dette er for store skiftingar.

Sverige gjorde ein stor feil ved å senka opptaket til sin politiutdanning på slutten av 1990-talet, og hadde nokon år tidleg på 2000 talet utan opptak til politiutdanninga. Dette måtte dei slita med i mange år. No har dei fokus på å utdanna 10.000 nye.

Skal ein halda oppe kvaliteten og kontinuteten på politiutdanninga må det vera ein langsiktig planlegging  basert på analyse over behov for politikraft. Noko av grunnlaget for eit politisk styrt opptak er også at då må ein tilsetja alle som vert utdanna, elles er det ingen samanheng mellom politiske føringar og realitetar. 

LES OGSÅ: Er to politi per tusen innbyggere nok?

Realistisk debatt

Politiet har mange ulike oppgåver og store forventningar  frå samfunnet om å løysa alt med stor kvalitet. Men ein må aldri gløyma at sjølve bærebjelken i samfunnsoppdraget til politiet er vakt- og beredskap ved politipatrulja sin innsats.

Sidan 2008 har politipatrulja stadig fått større ansvarsområde og nye oppgåver, som politiarbeid på staden. I dei fleste politidistrikt er det også færre tilsatte som er del av politipatrulja.

Når ein greiar ut politibemanninga burde ein starta med ein analyse av behovet for politi for å dekka behovet innan vakt- og beredskap (politipatrulje), så kan ein gå vidare til dei andre primæroppgåver.

Arbeidsgjevar og organisasjonane bør så raskt som mogleg finna fram bemanningsutvalet sin rapport av 2008 og oppdatera den med alle kjente utviklingstrekk fram til i dag, så får me sjå kva bemanningstal ein endar på. Då kan ein få ein realistisk debatt i høve til behov for politistudentar per år dei neste 10-15 åra.

Det er viktig med fakta og gode analysar som motvekt til lettvint politisk retorikk. 

LES OGSÅ: «I Norge nærmer vi oss to politifolk per tusen innbyggere», sies det. Men stemmer det egentlig?

Powered by Labrador CMS