Tariff og krise
Men tariffoppgjeret i 2009 blir ikkje avblåst. Tvert imot, det nærmar seg med stormskritt.
Det har vore mange merkelege synspunkt på årets mellomoppgjer. Somme har kravd null-oppgjer, andre har tatt til orde for å avlyse heile lønnsoppgjeret. Frå enkelte arbeidsgjevarar har ønsket vore eit kriseopplegg etter modell frå 90-talets såkalla solidaritetsalternativ.
Men tariffoppgjeret i 2009 blir ikkje avblåst. Tvert imot, det nærmar seg med stormskritt.
Unio held fast på at pensjon blir toppsaka. Men i tråd med protokollar og reglar skal det også forhandlast om lønn - om pengar. Spelet er i gang. Om enn under litt meir krevjande forhold enn det vi såg for oss under hovudoppgjeret i fjor.
Mellomoppgjeret i 2009 skjer nemleg under usikre økonomiske forhold både nasjonalt og internasjonalt. Prognosane blir stadig nedjusterte. Derimot blir dei stadig oppjusterte når det gjeld arbeidsløysa.
Likevel - krisa må ikkje hindre nødvendige og offensive tiltak, heller ikkje i tariffpolitikken. Det er til dømes ei kjensgjerning at offentleg sektor må rekruttere mange - svært mange i åra som kjem. Ikkje minst gjeld det for politietaten, som i seg sjølv er i ein kriseprega situasjon. Det er heilt uakseptabelt at det blir drive rovdrift på dei tilsette fordi det manglar folk, slik vi ser både i politiet og i andre sektorar.
Skal offentleg sektor bli vinnar på arbeidsmarknaden, må dei også bli lønnsvinnar. Utdanning og kompetanse må kort og godt verdsettast betre økonomisk for den enkelte. Det vil ligge til grunn for Unios krav også for dette mellomoppgjeret.
Sjølv om lønnsveksten dette året blir lågare enn den har vore dei par siste åra, vil mange likevel få meir å rutte med. Overhenget og ein del andre forhold tyder på at lønnsveksten blir brukbar også i år. Dessutan er renta kraftig redusert, og prisveksten ligg også an til å bli låg gjennom 2009. Det er dermed ikkje sagt at den relative lønnsposisjonen for våre medlemmer blir så god som den burde vere, i lys av kompetanse, ansvar og risiko. Tvert imot. Men det målet er meir ambisiøst enn det rammene for mellomoppgjeret gir rom for.
Forhandlingane starta ved påsketider, forhandlingsfristen er 1. mai, og eventuell mekling skal vere ferdig mot slutten av mai.
Siste avsnittet i denne artikkelen blei endra nærast på overtid: Endeleg svarte regjeringa på kravet om «politiforhandlingar». Vi er einige om eit forhandlingsopplegg. Dermed går saka inn i ei ny fase. Staten har forsikra at dei har forhandlingsvilje. Men resultat har vi ikkje enno. Det blir spennande tider på fleire arenaer.