Knut Røneid er tidligere politimann. Han har snudd i sitt syn på narkotikaforbud, og forteller sin historie.
Knut Røneid er tidligere politimann. Han har snudd i sitt syn på narkotikaforbud, og forteller sin historie. (Rune Sævig)

«På veg heim byrjar eg for første gang å tvile på det eg akkurat har vore med på»

En tidlegare politimann fortel om korleis han har endra syn i narkotikadebatten.

Det er ein gong på 1990-talet, i ein tettstad i Sør-Norge. Nokre vekers spaning mot eit bestemt miljø har avdekka bruk av narkotiske stoff, og det er handfaste opplysningar om at det vil bli nytta slike stoff av fleire personar då desse skal treffast på ei kjend adresse.

Det vert bestemt å aksjonere. Beslutningar vert innhenta av rettssystemet, slik at formalitetane er i orden. Mannskap vert kalla inn, ekstrabevilgingane er allereie på plass. Sidan dette er ein fredagskveld, så må alle tenestemenn og -kvinner få overtidsbetalt, og i tillegg kan det verte snakk om transportar rundt om i landet, om varetektfengslingar osv.

Dei aktuelle personane vert overvaka, adressa er som nemnt kjend, så det er etablert ein spaningspost i nabolaget. Her kan ein ha kontroll på trafikken til og frå adressa.

Utover kvelden kjem det nokre personar på besøk, og aksjonen er i gang. Alle menn/kvinner kjenner sine oppgåver, og som troll ut av den kjende øskja er vi inne i det aktuelle husværet. Alle utgangsdører og vindauge er kontrollerte av politifolk som passar på at ingen prøver å stikke av garde, eller prøve å kaste ut narkotika.

Personane inne i husværet anar ingenting før dei ligg på golvet med handjarn. Dei vert frakta til arrest, framstilte for lege for blod- og urinprøvetaking, samt at husværa til alle dei involverte vert ransaka.

Resultat: Fire personar pågrepne på fersken medan dei røykte hasj. Det vart kverrsett (nynorsk for «beslaglagt») 10 g hasj, noko som på den tid hadde ein verdi på ca. kr. 1000, om eg ikkje hugsar feil.

Elles vart det funne litt brukarutstyr, men ikkje noko som tyda på bruk av tyngre stoff. Dei involverte innrømma at, joda dei hadde samlast for å høyre på Led Zeppelin og å hyggje seg med ein blås attåt, samt nokre øl.

Dei fekk kvar sitt førelegg etter avhøyr, og alle vart dimitterte neste morgon.

Der kunne for så vidt historia ha slutta, men i bilen på veg heim så byrjar eg for første gang å tvile på det eg akkurat har vore med på.

Kva skade gjorde desse fire karane eigentleg?

Dei hadde samlast for å høyre på god musikk. Som tilbehøyr fyrde dei av kvar sin hasjblås, og så satt dei der da. Høyrde på noko av det beste som er laga av rock, kosa seg med blåsen sin, og hadde det, vil eg anta, kjempebra. Iallfall til dei låg med trynet i parketten med 200 kg. politi oppå seg.

Vi er tilbake i 2017. Mykje har skjedd sidan den gangen på 1990-talet. Eg har forlengst slutta i etaten. Og det kunne ikkje falle meg inn i halvsøvne å byrje der att heller.

Eg har for lenge sidan kome til den konklusjon at norsk narkotikapolitikk er totalt feilslegen. Det har ikkje vore noko enkel konklusjon å komme dit, det har teke fleire år.

Derfor skal eg ta litt historikk:

Eg var 22 år gamal da eg byrja på det som da heitte Politiskulen i august 1987. Det var reine tilfeldigheiter som gjorde at eg byrja der, men når ein først var der, så var det vel berre å prøve så godt ein kunne.

Sommaren 1989 gjekk eg ut av skulen, med karakterar ca. på snittet. Det einaste faget eg eigentleg fekk særleg dreis på var av alle ting «Tvangsfullbyrdelse». Det vil seie handsaming av inkassokrav, det som namsmannen steller med. I våre dagar er vel slikt arbeid nærast ute av etaten, akkurat som ei mengde andre sivile saker som den gang låg naturleg til eit lensmannskontor. Kven av dagens nyutdanna politifolk kan vel i dag tenkje seg at lensmannen i si tid handsama til dømes barnebidrag?

Eg har for lenge sidan kome til den konklusjon at norsk narkotikapolitikk er totalt feilslegen.

Det vart litt farting rundt om i landet på diverse arbeidsplassar i tida frå 1989 til 1997. Eg fant at arbeid med narkotika var eigentleg ganske interessant, og prøvde å lære meg litt opp på forskjellige typar stoff, alt fra hasj, til amfetamin, LSD, heroin og you name it. Kunnskap er aldri feil.

Mantraet frå første dag i etaten var at all bruk av narkotika var absolutt tabu. Dette vart innprenta omtrent frå den første timen vi hadde på Politiskulen. Alkohol og røyk derimot, det var OK. Som ei lita avsporing var eg ved eitt einaste tilfelle inne på røykerommet på Politiskulen. Det var ei sjokkerande oppleving, og stanken der inne kjem eg aldri til å gløyme. Det var heilt grusomt, og den einaste staden eg har opplevd verre var på mottaket for våtorganisk avfall på Simas sommaren(!) 2007.

OK, å røyke nikotin gir ikkje den store rusen og har vore ei lovleg vare her i landet i årevis. Sidan 1989 har heldigvis haldninga til røyking endra seg mykje og det skal han ha, Dagfinn Høybråten: Den lova fra 2004 skal han ha all ære av.

Eg hadde også den mildt sagt tvilsame gleda av å være med på Politiskulen si juleavslutning i 1988.

Som 23-åring hadde eg smakt sterk drykk mang ein gang og var ein smule bevisst på kor stort inntaket burde være før alt ville gå til helsike.

Det var nok ikkje alle som hadde same erfaring, for å sei det slik. La oss berre konkludere: Det var… Selsomt.

Men uansett kor drita full ein kunne være, det vart aldri prøvd narkotika. Det ville ha betydd slutten på arbeidslivet innan politiet, for det var OK å være snydens på julebordet, så lenge du ikkje delte ein rev med ein kamerat og høyrde på Black Sabbath på stereoen.

Det var først litt utpå 1990-talet, på ein politistasjon ein ikkje angitt stad, at eg for første gang tmøtte ein kollega som hadde eit litt anna syn på dette med narkotikapolitikk enn det som var vanleg på den tida.

Han var av den (den gang) radikale oppfatning at narkotika burde avkriminaliserast, då dette ville ta botn ut av mykje av vinningsbrotsverka som likevel nesten aldri vart oppklara. Det var opplese og vedteke at mykje av vinningsbrotsverka i og rundt Oslo på den tid vart utført av narkomane som var ute etter lett omsettelege varer. Dei kronene som dei narkomane så fekk inn, brukte dei til å finansiere dopbruket sitt med. Merk at dette nok til ein viss grad var korrekt. Dette var før vi hadde EØS, og mobile kriminelle frå andre land var framleis noko sjeldan.

Vedkommande som hadde desse radikale meiningane vart avfeia med dei vanlege frasene om at narkotika jo er så farleg, og at dersom du tek ein einaste hasjblås, så er du eigentleg hekta. Deretter vert det berre sterkare og sterkare stoff, og til slutt endar du dine dagar som eit vrak bak Oslo S.

Dette var heilt vanlege meiningar i politiet på den tid: Ein hasjblås, så var fortapinga rundt om eit par hushjørner.

Årsaka til at eg hugsar akkurat denne kollegaen var ikkje berre at han var den einaste eg hadde møtt som forfekta desse meiningane. Han var også ein svært flink politimann på alle vis, ein av dei dyktigaste eg har jobba med.

Litt utpå 1990-talet, eg kan ikkje hugse året nå, så vart det skipa ei foreining som kalla seg Norsk Narkotikapolitiforening. Eg melde meg ganske så kjapt inn i denne foreininga, da eg syntes dette var eit godt tiltak. Kampen mot narkotika var viktig, og vi hadde vel ingen ungdommar å miste til denne forferdelege svøpa som låg over landet vårt?

Dette var heilt vanlege meiningar i politiet på den tid: Ein hasjblås, så var fortapinga rundt om eit par hushjørner.

For det var det som var baktanken: Beskytte unge og barn frå narkotika, nærast koste kva det koste ville. Eg syntes det var ein god ting å bruke dei «knappe ressursane» i politiet på, altså det å beskytte samfunnet mot den gifta som narkotika var og er.

At det alt på den tid døydde atskilleg fleire av både tobakk og alkohol var det ingen som verdiga ein tanke. Det var fastslege at narkotika var det desidert verste på jord.

I 2003 var eg eigentleg ganske lei heile etaten. Dei stadige omorganiseringane som det tok årevis å få fullført skapte mykje misnøye, og la det være sagt med ein gang: Det å omorganisere ein så konservativ etat som politiet var den gongen på 1990-talet (og kanskje er den dag i dag, kva veit eg), det må ha vore ein helsikes jobb.

Absolutt alt som kunne minne om endringar var motarbeida og protestert mot. Til dømes tok det eit par år å få på plass at det skulle heite «politidistrikt» i staden for «politikammer». Det var tildels store protestar mot den namneendringa. Som om det skulle være noko å bry seg om.

Likeeins var det motstand mot at barnebidraga skulle overførast til trygdeetaten, at lensmennene skulle overførast frå Fylkesmannen til politimeistaren og gud veit kva. Det eg kan hugse best utover 90-talet var at alle klaga. Og eg var ein av dei, det er inga grunn til å benekte det.

Vinteren 2002/2003 byrja eg å søkje andre stillingar utanfor etaten. Det å eigentleg aldri ha fri var vorte ganske så belastande. Ein måtte jobbe til alle døgnets tider, på fridagar og høgtidsdagar, og det til ei løn som ikkje var imponerande bra akkurat.

Eg hadde dessutan fått nok av all klaginga som aldri førde nokon veg likevel. Og som tidlegare nemnt: Eg klaga også. Sikkert berre på bagatellar som ein ikkje burde bruke ein kalori på, men slik var heile etaten hadde eg inntrykk av: Eit evigvarande klagekor om mangel på ressursar, dårleg løn, omorganiseringar osv.

På den fjerde søknaden fekk eg napp. Det var som kundekonsulent i eit forsikringsselskap, og 28. februar 2003 gjekk eg ut av kontordøra på det lokale lensmannskontoret med ny livsglede. Rett nok hadde åra på heimstadens lensmannskontor antakeleg vore dei beste eg hadde hatt i heile politikarriera, men det var spesielt det å måtte jobbe til alle døgnets tider som var spikaren i kista. Eg var lei, og vil eg anta, neppe særleg hyggeleg å jobbe med lenger heller.

Den første tida etter at eg slutta, hadde eg ein viss kontakt med mine gamle kollegaer, men gradvis vart det mindre og mindre. Dei som eg hadde trivst best med i etaten fekk seg gjerne nye jobbar dei og, og det kom stadig til håpefulle nyutdanna politifolk som eg følte eg hadde null til felles med. Og det ville neppe ha vore særleg motiverande for dei å høyre på klaginga mi heller.

Etter kvart som åra gjekk og eg vart, tør eg påstå, klokare, så endra også mitt syn på narkotika seg. Var dette eigentleg den enorme samfunnsbyrda som vi hadde vorte indoktrinert med heilt sidan den før nemnde augustdagen i 1987? Og om det verkeleg var slik at narkotika var så viktig å kjempe mot, burde ein ikkje da vurdere å prøve noko nytt?

For sidan dei første hasjrøykarane og spede forsøk på psykedelisk dop her i landet på 1960-talet, så hedde det vore opplest og vedteke at dette måtte det være eit forbod mot. All bruk av narkotika er å rekne som misbruk, så sant det ikkje er utskreve i høve legebehandling da. Morfin er jo eit døme på eit stoff som vert nytta både som rusmiddel og som smertestillande legemiddel.

Uansett, det er gått fleire tiår sidan dei første hasjgutane satt med reven sin og høyrde på Rolling Stones. Det er snart 50 år sidan Woodstock og hippietida («If you can remember it, you weren`t really there»).

Men på dei 50 åra, så har det aldri vore snakk om noko anna enn at dopbruk må straffast, og at politiet skal «ta» dei som brukar, omset og produserer narkotika.

Det har utvikla seg til ein lite pen heksejakt, der openbart sjuke menneske som tunge narkomane tross alt er, vert jaga frå stad til stad i storbyane. Eg hugsar sjølv at vi hadde som målsetning å plage dei som brukte stoff mest mogleg. Ja, «plage» er ordet som vart nytta. Det var aldri snakk om å hjelpe ein som brukte stoff. Han skulle tvert om plagast og uroast mest mogleg, slik at han kanskje vart skremt frå å bruke narkotika fleire gonger.

Eg hugsar sjølv at vi hadde som målsetning å plage dei som brukte stoff mest mogleg. Ja, «plage» er ordet som vart nytta.

Nå i ettertid må eg seie at det var ein heilt hjelpelaus tankegang. Lite humant, og svært dårleg behandling av folk som gjerne hadde bruk for hjelp, og iallfall ikkje straff. Eg er faktisk skamfull over å ha vore med på å behandle folk på ein slik måte. Men på den tid visste eg ikkje beitre. Eg var sikker på at dette ondet måtte ein slå hardt og nådelaust ned på.

Utover på 2000-talet og inn i det nye tiåret, endra eg altså meir og meir oppfatning om dette med narkotika og bruken. Åra gjekk, og det var eigentleg ingenting som tyda på at problemet vart mindre. Skulle det brått være slik ein dag at norsk politi kunne utbasunere: «All narkotika er borte! Vi har lukkast!»?

Nei. Skal vi tru dei stadige klagesongane frå etaten og deira profesjonelle gråtekoner, så er problemet minst like ille nå, som det har vore sidan 1960-talet.

Og det er da ein burde spørre seg: «Kanskje vi skal prøve noko nytt?»

Men som eg har sagt før: I den erkekonservative politietaten, så er ikkje det gjort i ei håndvending å prøve å gjere ting på ein annan måte enn før. Sjølv ikkje etter 50 år med forbod og eit narkotikaproblem som ikkje ser ut til å bli særleg mindre. Nei, det skal og må straffast for all bruk.

Dog: Det er lys i enden av tunnellen. Ting skjer. Stadig fleire både i og utanfor politiet snakkar no seriøst om ei omlegging av narkotikapolitikken. Kanskje vi omsider forstår at vi har å gjere med tildels alvorleg sjuke menneske, slik som tunge narkomane tross alt er. Kvifor i all verda skal politiet, som ikkje er utdanna helsepersonell, ta seg av sjuke folk? Det blir som å ta med bilen til røyrleggaren, og sei: «Fiks denne!».

Og når det gjeld lettare stoff, som til dømes hasj, er det verkeleg slik at ein blås, og så er vi hekta? Nei. Eg tør påstå å kjenne eit atskilleg antal personar som har prøvd hasj, og har late det bli med det. Kanskje tek dei seg ein blås i hyggeleg lag nokre gonger i året. Kanskje prøver dei det ein gang, og ser at dei heller vil ta seg ei øl i staden, da hasj ikkje var noko tess likevel.

Knut Røneid er tidligere politimann. Han har snudd i sitt syn på narkotikaforbud, og forteller sin historie.
Knut Røneid er tidligere politimann. Han har snudd i sitt syn på narkotikaforbud, og forteller sin historie. Bilde: Rune Sævig

Skremselspropagandaen som  vi vart proppa med i ungdommen, og som eg opplevde vart vidareført medan eg jobba i politiet har spela fallitt. Det å skremme folk frå å prøve noko, har vist seg å ikkje fungere.

Så kva skal ein da gjere? Skal vi over natta få dette inn i eit legalt system, der det offentlege skal ta seg av sal av stoff til narkomane?

Sjølvsagt ikkje.

Det første ein bør gjere, er i det minste å tilby dei tunge brukarane eit verdig liv. Desse sjuke menneska må takast hand om av helsepersonell som kan sitt fag, de veit; dette med bilen og røyrleggaren.

Dernest må vi det minste kunne tilby dei ein smule tryggleik. Det å tilby dei tunge brukarane eit røyke-/sprøyterom burde være lett å få til, samt å gi dei tilgang på reine sprøyter og betra hygiene. Det er ikkje slik at dersom vi fjernar røyke-/sprøyterommet, så forsvinn dei narkomane, sjølv om det nesten kan virke slik på einskilde. Det vert berre å feie problema under teppet.

Eg ser heller ikkje ein einaste grunn til at det skal være straffbart å ta seg ein hasjblås. Det er ikkje snakk om legalisering, men ei avkriminalisering. Det er ikkje snakk om å bygge opp eit nettverk med kafear slik som i Nederland. Om du røyker ein hasjblås, så er det ikkje lovleg, men du skal heller ikkje bli straffa i form av til døme fengsel.

Det første ein bør gjere, er i det minste å tilby dei tunge brukarane eit verdig liv.

«Men det er skadeleg å røyke hasj!». Ja, eg veit det. Men det er minst like skadeleg å drikke alkohol. I ei ideell verd, så hadde vi klart oss utan rusmiddel, men det ligg i menneskets natur å pirre hjernen med diverse stoff. Dessutan, skal vi forby alt som er skadeleg? Da burde vi iallfall forby tobakk i dag.

«Jammen alkohol har vi da hatt i mange år!» Ja, eg veit det og. Til det er å sei at opium, som er råstoffet til morfin, som i sin tur vi også kan lage heroin av, har vorte nytta som rusmiddel i tusenvis av år. Morfin vart laga som legemiddel for over 200 år sidan, og heroin vart også opphaveleg laga som medisin i 1870-åra. Cannabis har vorte nytta i 5000 år, og råstoffet til kokain, kokaplanta, har vorte nytta til rus i over 1000 år. Alder på rusmiddelet er såleis ikkje noko argument.

«Narkotika er forbode, og det har hjelpt oss!». Nei. Etter 50 år med streng forbodslinje og utan at narkotikabruken ser ut til å minke, så burde vi forstå at her må andre tiltak nyttast. Dessutan er det på sin plass å minne om at vi også har hatt eit forbod mot alkohol her i landet. Det er 100 år sidan, og var ein dundrande fiasko. Forbodet varde i 10 år for brennevin, og i kortare periodar for øl og vin. Forbodet førde til ein drastisk auke i kriminalitet som heimebrenning, smugling og ikkje minst uventa kostnader i form av handheving av forbodet.

Det høyres kanskje kjent ut?

«Jammen, eit forbod har gjort at det er få som har prøvd narkotika!». Jo, det er kanskje vel og bra, men vi har også ein svært dyster dødsfallstatistikk som følge av narkotikabruk. Og spør du meg, så er det langt viktigare å hindre dødsfall, enn at hasjbruken aukar ein smule.

Ein motstandar av ei endring av nåverande narkotikaregime vil sjølvsagt hevde at laaangt fleire vil prøve narkotika og ikkje minst hasj dersom vi avkriminaliserer bruk av lettare stoff. Ja, det er mogleg det, men kva med dei som lever svært uverdige liv og som endar sine dagar på gata i Oslo etter ein dose dårleg dop? Trur verkeleg forsvararane av dagens politikk at det vil stryke med haugevis fleire ungdommar og vaksne dersom vi avkriminaliserer hasj?

Igjen, det er ikkje snakk om legalisering. Det er noko heilt anna enn avkriminalisering. Det verkar som om dei konservative, for å kalle dei det, trur at ei omlegging av narkotikapolitikken vil bety dopa folk på kvar ein kafé og sanselause vrak i rennesteinen utanfor huset ditt. Nesten som på ein kvar countryfestival på 1980-talet altså. Berre med det unntaket at da vi var på Skjåk og høyrde på hestepop og lassojazz, så gjekk det kun i alkohol. I mengder. Men det var visst heilt ok.

I Portugal la ein om narkotikapolitikken rundt årtusenskiftet. I åra som har gått har landet vorte hylla for si avkriminalisering av bruk av narkotiske stoff. Der er det ikkje lenger straffbart å ta seg ein hasjblås eller litt partydop i helga. Du må i staden inn til samtale med ein kommisjon.

Det er verdt å merke seg at sal, dyrking og produksjon framleis er ulovleg.

Landet hadde før omlegginga ein svært stygg overdosestatistikk, ein av dei høgaste i Europa. Nå til dags er den tvert om ein av dei lågaste, medan vi her i Norge, som tviheld på den strenge forbodslinja, er i den heilt andre enden. Eg meiner at dette burde fortelje ein del.

OK, den portugisiske modellen er kanskje ikkje fullkommen, men den verkar å fungere langt betre enn den norske.

For la oss være ærlege nå: Medan verda hyllar Portugal for den radikale omlegginga, og det strøymer forskarar frå heile verda til Lisboa, så er det aldri tale om at den norske modellen må takast i bruk i andre samanliknbare land. Har vi i det heile teke vorte rekna som eit føregangsland innan narkotikapolitikk?

Nei. Det seier vel eigentleg sitt.

Ein annan og viktig årsak til at vi bør legge om narkotikapolitikken, er ikkje berre det at politiet ikkje har kvalifikasjonar til å ta seg av sjuke menneske. Ved å avkriminalisere narkotika, vil det også frigje store ressursar i etaten, som kan brukast til heilt andre og langt viktigare ting. Det å trygge samfunnet mot terror, netthets, hatkriminalitet, menneskesmugling, økonomisk kriminalitet, kvardagskriminalitet, osv. Eg kan ikkje få sei det ofte nok: La dei som kan det, ta seg av dei sjuke.

Konklusjonen må bli: Norsk narkotikapolitikk har forlengst spelt fallitt, og det trengs ei stor omlegging. Jo før, jo betre.

Det er som nemnt ting som tyder på at noko skjer, også innanfor etaten sjølv. Stemmer som ønsker ei omlegging av narkotikapolitikken kjem til syne. Det hadde vore utenkjeleg på den tid da eg var tilsett i etaten. Men eg meiner dette eit steg i rett retning. Responsen frå forsvararane av den noverande politikken har vore akkurat som forventa: Svært negativ og med openbart liten sans for dei nye tankane.

Men det får nå våge seg.

Til toppen