Dette er en meningsytring. Innholdet gir uttrykk for forfatterens holdning.
Svært mange politidistrikt må
halda stillingar ledige for å få
budsjetta i balanse. Min kunnskap
og erfaring som forbundsleiar i 21 år og
som leiar i politiet 10 år, kan kun finna eit år som har vore like alvorleg i
høve til budsjett.
I 2005 sa
den svært lojale og dyktige politidirektøren Ingelin Killengren til Aftenposten at «politibudsjettet er heilt på grensa
til det forsvarlege». Dette var heilt i samsvar med Politiets Fellesforbund
sine innspel til Stortinget sitt arbeid med revidert budsjett.
Resultatet vart
at Framstegspartiet fremja sak om tilleggsløyving på 500 millionar kroner som
skulle gå til «frie driftsmidlar» til politidistrikta. Dette vart vedteke som
ein vekst som skulle vidareførast som ein fast auke.
Politiforum
nummer 1 i 2023 har godt fokus på politibudsjettet 2023, og Roger Bjerke
stadfestar at Politidirektoratet er bekymra for at stramme budsjett vil føra
til kutt i stillingar. Min spådom er at
dette vert ein betydeleg utfordring utover i 2023. Mange vil nok lena seg på langvarig
erfaring frå økonomistyring i politiet, som syner at det «ordnar seg alltid».
Regjeringa
har varsla meir pengar til politiet på revidert budsjett i juni, og det er
nokså uvanleg at det vert signalisert mange månadar før det reviderte
budsjettet vert lagt fram.
Eg er ikkje optimist
Trass i
dei klare signala er eg ikkje optimist. Det er ingen ting i det politiske
ordskifte som tyder på at politikarane har teke innover seg utfordringane som
politiet står i på kort og lang sikt. Ei regjering som skal forhandla fram
budsjett med SV vil ikkje løysa desse utfordringane.
I det alternative
budsjettet til Høgre var det heller ingen positive signal, tvert om, der låg
det mindre pengar til politiet.
Politiet har vore underfinansiert i mange år
Politiet
har vore underfinansiert i mange år, som også mange andre offentlege etatar kan
ein lett hevda.
Samfunnsoppdraget til politiet er avgjerande i eit
velfungerande demokrati , for at folk skal oppleva at dei lever i ein
rettsstat.
Med det
bakteppet me har med krig i Europa, store utfordringar med organisert
kriminalitet, rus- og psykiatriutfordringar som påverkar politirolla, og ikkje
minst stort behov for å auka digitaliseringa, er det ikkje forsvarleg å
redusera handlingsrommet til politidistrikta. Den nasjonale trusselvurderinga
synleggjer godt utfordringane.
Dei siste
åra sin krisehandtering har synt at politiet ikkje er ein beredskapsetat som kan
handtera kriser åleine, men er totalt avhengig av at andre kjem inn og utfører
politioppgåver. Store områder og mange kommunar har ingen aktiv politipatrulje
som er på vegen 24/7, men har beredskapsvakt.
Mange opplever at det er økonomien som styrer om etterforsking skal prioriterast.
Etterforsking av store og mellomstore saker har aldri kravd meir
ressursar, og mange opplever at det er økonomien som styrer om etterforsking
skal prioriterast.
IKT-utviklinga
i politiet går for sakte, det er nok av dokumentasjon på behovet for store løft
og satsing på utskifting av politiet sine eigne system og ikkje minst nye
publikumsløysingar.
Satsinga
på droner opnar opp for nye måtar å jobba på, men det vil også krevja mykje
meir ressursar framover.
Nettpatruljene
har vore ein stor suksess i mange distrikt, her må det satsast endå meir i åra
framover. Det må vera eit mål innan kort
tid å etablera digital(e) politistasjon(ar).
Etaten må
settast i stand til å handtera mengda av digitale spor. Og ikkje minst må me
fylgja opp dei viktige og gode politiske signala om meir synleg og lokalt
tilstadeverande politi, men ikkje i form av fleire bygningar eller nye passkontor.
Det er feil bruk av pengar.
Høg tillit er ein vesentleg faktor
Alle som
meinar noko om politipolitikk, er oppteken av å ha eit politi med høg tillit
hos folket. Dette er ein vesentleg faktor for å lukkast med politirolla i eit
demokrati.
Dersom me skal snu trenden med synkande tillit til politiet, må politikarane ta sin del av ansvaret og sørga for både
bemanning, utstyr og teknologisk utvikling som fører til at ein kan levera på
samfunnsoppdraget.
Me må gjera det motsette av politiske føringar.
For å
synleggjera utfordringa, kan eg ta utgangspunkt i mitt ansvarsområde. Sogn og
Fjordane må i 2023 redusera talet på politistillingar med 10 prosent, sjølv om
dei overordna signala er å styrka lokal synlegheit og tilstadevering ute i alle
kommunar. Me må gjera det motsette av politiske føringar.
Dette er
ikkje ein konsekvens av at geografien vert nedprioritert for å styrka Bergen
eller dei funksjonelle driftseiningane. Realiteten er at GDE Bergen må «blø
mest», og det må gjennomførast store kutt hos dei funksjonelle einingane.
Min bekymring er at me bryt ned mykje av det me har bygd opp via politireformen
Dette er
berre ein illustrasjon på det mange står i. Min bekymring er at me bryt ned
mykje av det me har bygd opp via politireformen, særleg sterke, gode fagmiljø
som står i fare for å smuldra opp.
Politikarane og øverste fagleing må få ein
felles forståing av balansen mellom sterke sentraliserte fagmiljø og styrkinga
av den lokale tilstadeveringa av politiet. Det må vera ja takk begge deler.
I dag er det ein utfordring at Senterpartiet sin nostalgi og tru på at alt var betre før får styra over politifaglege vurderingar.
Når ein
står i ein krevjande budsjettsituasjon, er det endå viktigare at faglege
vurderingar vert vektlagt i prioriteringane. I dag er det ein utfordring at Senterpartiet sin nostalgi og tru på at
alt var betre før får styra over
politifaglege vurderingar. Opning av nedlagte passkontor og politistasjonar er
framleis god Sp-politikk, men stikk i strid med politifaglege råd og all sunn
fornuft.
Eit
dårleg politibudsjett vert endå dårlegare av politisk detaljstyring. Etaten
samla sett har no ein viktig jobb med å synleggjera konsekvensane og tydleg få
fram kva ein må nedprioritera fram mot revidert budsjett i juni.
Det har
aldri vore viktigare enn no og dei neste åra å styrka politiet sin rolle og
moglegheit til å løysa sitt samfunnsoppdrag. Politiet har ein viktig rolle som stabilisator
i urolege tider.
--
Har du et eksempel på konkrete konsekvenser av dårlig politiøkonomi? Da vil vi gjerne høre fra deg. Kontakt journalist Oda Aarseth på oda@pf.no eller 920 51 545 - gjerne via Signal.