En kenyansk domstol åpnet i 2013 for at politiet får organisasjonsfrihet. Generalsekretær George Muchai i den kenyanske hovedsammsnslutningen COTU, har fulgt arbeidet tett. Politimester Arne Jørgen Olafsen (bildet) var med på å gi råd i saken.

Fagorganisering – solidaritet og samfunnsbygging

Norske politifolk er på ingen måte i lønnstoppen. Det er lang veg dit. Men vegen er uendeleg mykje lengre for kollegaer i Kenya.

Publisert Sist oppdatert

Politifolk i Kenya er dårlegast betalt blant offentleg tilsette. Mange politifolk lever i fattigdom. Rekrutteringa til yrket er elendig. Politifolk har låg status, og manglar støtte og tillit frå folk. Faren for korrupsjon er stor.

Fagorganisering for politifolk har vore bortimot utenkeleg i fleire afrikanske land, deriblant I Kenya. I ein del land er politiet si rolle i større grad å verne styresmaktene enn å verne folket.

Gradvis har styresmakter og andre i Kenya innsett at politiet si rolle må endrast, og at politiyrket må verdsettast betre. Det vil gagne både samfunnet og politiet sjølv. Fagorganisering er blitt ein del av strategien for eit betre politi, og for betre vilkår for politifolk.

Gjennom ILO har både Unio og Politiets Fellesforbund vore aktivt med på arbeidet for å etablere ein fagorganisasjon for politifolk i Kenya. Ein delegasjon frå Kenya kom til Noreg i 2010, og møtte representantar både frå stortings- og regjeringssystemet, frå politileiinga og frå fagrørsla. Delegasjonen som kom til Noreg var nok i stor grad skeptiske til fagorganisering for politifolk. Haldninga var klart meir positiv etter Noregsopphaldet.

I tida etterpå blei representantar frå Unio og PF og frå norsk politileiing inviterte til kurs og seminar i Kenya, i hovudsak i regi av ILO, for å gi breiare innsyn i norske erfaringar. Likevel, dette handlar ikkje om å eksportere norske tradisjonar. Arbeidet må skje på ”heimlandet” sine premissar.

Det har vist seg å vere krevjande å få etablert ein sterk fagorganisasjon, trass i støtte frå både ILO og den kenyanske hovudorganisasjonen, COTU. Ein afrikansk politikar sa det om lag slik: «Som politikar er eg mot fagorganisering for politifolk, men som fagorganisert sjølv ser eg på fagorganisering som nødvendig for likeverd».

Den største formelle hindringa var likevel at grunnlova i landet blokkerte for fagorganisering for politifolk. Difor var det eit gjennombrot då lova blei endra i 2013. Mykje tyder på at informasjonen frå Noreg var viktig i denne samanheng.

ILO trappar no opp det arbeidet for å vidareutvikle og stryrke ein demokratisk og uavhengig nasjonal politiorganisasjon. På nytt er PF og Unio bedne om å medverke.

Det gjer vi, vel vitande om at ting tar tid. Men også om at dette er solidarisk kollegastøtte, og at det nyttar. Fagorganisering er samfunnsbygging.

I tillegg veit vi at effektivt politiarbeid blir meir og meir avhengig av internasjonalt samarbeid og av kunnskap om kvarandre.

Anders Folkestad
Powered by Labrador CMS