170 av 720 studieplasser forsvinner ved PHS fra august.
170 av 720 studieplasser forsvinner ved PHS fra august.

Reduksjonen i studentopptaket til Politihøgskulen kjem på heilt feil tidspunkt

Skrive Arne Johannessen.

Ved handsaminga av revidert nasjonalbudsjett kom det ein svært overraskande melding om at opptaket til Politihøgskulen allereie frå skuleåret 2018-19 vert redusert frå 720 til 550. Vedtaket kom på heilt feil tidspunkt og før ein kan nå målet om to politi per tusen innbyggjar.

Kanskje ein burde sjekka ut om alle måla no er nådd i høve til kvifor det vart tverrpolitisk semja etter innspel frå PF tidleg på 2000-talet om å laga ein bemanningsplan for politiet med eit mål om to politi per tusen. Situasjonen den gong var at Noreg hadde eit av dei dårlegaste bemanna politikorpsa basert på politi per tusen innbyggjar, dette har betra seg. Stortinget var også tydleg på at ein ville ha meir synleg politi og gå bort frå heimevaktordningar, dette har også betra seg, men fleire distrikt har framleis utstrakt bruk av heimevakt/beredskapsvakt, som den geografiske driftseininga (GDE Sogn og Fjordane) eg leiar. Og det handlar om talet på politi til å gå vakt.

Det var også klart uttrykkt at ein ikkje kunne basera politiberadskapen på at ein måtte ha unntak frå viktige vernebestemmelsar i arbeidsmiljølova for å få hjula til å gå rundt, dette har ikkje betra seg mykje. Ein måtte til og med frå juli 2009 forhandla fram kompensasjonsordningar for brot på kvilebestemmelsane i arbeidsmiljølova (8 og 11 t), dette er framleis eit stort problem.

Behovet for to politi per tusen har aldri vore større enn i dag, ein ny objektiv analyse basert på dei same prinsippa som tidleg på 2000 hadde truleg konkludert med at ein burde ha meir enn to per tusen, med bakgrunn i at kriminalitetsbildet har endra seg betydeleg.

Arne Johannessen Foto: Ole Martin Mortvedt

Den registrerte kriminaliteten går ned, men kompleksiteten og ressursbruken pr sak aukar betydeleg, jfr også Førsestadsadvokat Terje Nybø sin gode kronikk på Yttring, NRK 19.6. Der dokumenterar han at saker med mishandling i nære relasjonar har auka med ca. 24 prosent frå 2014-2018, og i same perioden har sekuallovbrot auka med ca. 103 prosent. Det er innført gode men svært arbeidskrevjande ordningar med tilrettelagte avhøyr av born og andre særlege sårbare personar. Og ikkje minst ser ein at digitaliseringa set politiet på heilt andre prøvar enn før, det gjeld både kapasitet og kompetanse. Digitale spor er avgjerande i stadig fleire type saker.

Den mykje omdiskuterte og omstridde politireforma har skapt nye forventningar. Politikarane har sjølv bidrege til nye forventningar på kvalitet, arbeidsform og nye funksjonar. I reformprosessen har POD utvikla svært mange standaristerte funksjonar for å tilfredsstilla politiske føringar, sjølv har politikarane "oppretta" politikontaktar. For ein avislesar som ser dette frå utsida, kan ein få inntrykk av at no har politikarane teke eit stort ansvar og oppretta politikontaktar og mange andre viktige funksjonar. Sanninga er noko anleis.

Som døme vil eg nytta mitt eige ansvarsområde Sogn og Fjordane for å illustrera utfordringa med gode politiske vedtak som ikkje vert fulgt opp.

Per i dag har Sogn og Fjordane ein politibemanning på 1.06 per tusen innbyggjar, heile Vest politidistrikt litt over 1,6 (nytt tall for Vest er 1,46 ifølge Politidirektoratet 4. juli, red.anm.). I løpet av ettersommaren 2018 vil me ha under ein per tusen.

I Sogn og Fjordane har me fulgt opp alle føringar om politikontakt og nye funksjonar, det betyr at me no har 15 politikontaktar, men det er funksjonar som vert lagt til eksisterande stillingar (ingen nyoppretta), me har på plass tilsaman 12 fagleiarar på ulike områder i våre tre lensmannsdistrikt og ikkje minst 12 innsatsleiarar og ein etterretningsfunksjon.

Ein kan ikkje hoppa av halvvegs, ein må stå løpet ut.

Summen av dette har eg stor tru på. Det er mykje bra og fornuftig i politireform, særleg i høve til spesialisering og nye målretta funksjonar. Men då er mitt hovudpoeng: når politikarane startar historias største politireform med sterke kvalitetsambisjonar, kan ein ikkje "hoppa av halvvegs", ein må stå løpet ut.

Det handlar om å få ein bemanning som sikar at me får fylla opp alle desse viktige funksjonane utan at me må tappa grunnorganisasjonen for nødvendige ressursar og ikkje minst ein økonomi som kan smørja sluttføringa av reformarbeidet. For det er ikkje som mange trur, at reformarbeidet no er avslutta, strukturen er på plass, men det er no me skal få det til å fungera. Det krev svært mykje hardt arbeid, nye stillingar, utstyr og pengar til drift. Som leiar med det daglege ansvar for drift, kjenner eg meg ikkje igjen i det bildet ein forsøker å skapa politisk.

Politireforma har eit stort potensiale, allereie har me skapt mykje positivt med politiarbeid på staden og opplæring (etterforskingsløftet). Dei seks prioriterte funksjonar i eit samspel har eg trua på, men det vil krevja ein investering før ein kan ta ut gevinsten. Ein kan ikkje ta innsparingane før ein har realistert gevinst. Dei tilsatte som har stått enomt på for å skapa det politiet politikarane har skildra i viktige Stortingsdokument, fortenar å lukkast, men ikkje minst publikum fortenar at politiske lovnadar vert realisert.

Til toppen