(Foto: Wikimedia Commons)

Alt har sin pris

Først i 17. mai-toget med en rennende løssnus.

  • Endret

Det var 17. mai for fleire år sidan. Været var fint, og alt var klart for den store festen. Eg hadde nok ein gong fått i oppdrag å gå fremst i borgartoget i Florø på 17. mai. Ein siste sjekk av antrekket. Ja, bandolæret var på plass, og hanskane var kvite og fine.

Eg føreberedte meg, og tenkte gjennom heile ruta som tok ca én time, og fann då ut at eg måtte jo ha litt «drivstoff» for å klare å fullføre med stil. Ein liten snus med høgste oktan ville gjere susen tenkte eg, og den blei pakka og lagt på plass under leppa. Eg kjende at energien kom, og humøret var på topp. No kunne då ikkje noko gå gale.

Eg var på plass ved sjukehuset der toget skulle starte i god tid. Sola skein, og alle smilte og var i storvegs humør. Dei første skritta gjekk bra, og takten kom òg omsider på plass. Det gjekk i fint driv forbi alderssenteret, og det var all grunn til å smile. Forresten, etterkvart oppdaga eg at det kanskje ikkje var lurt å smile så mykje. Eg forstod også meir og meir kvifor det heiter laussnus. Men kva kunne eg gjere? Det var mykje folk over alt, og det var framleis langt igjen.

Det var då eg kom på at det i krysset etter kyrkja sjeldan stod folk, og planen var klar. Her var min sjanse. Endeleg nærma eg meg, og eg passa på å ha litt ekstra avstand til flaggberarane, og gjorde meg klar til å få ut «svineriet». Eg jobba med tunga og lada då eg svinga rundt hjørnet. Då eg såg opp (litt motbakke) såg eg rett på ein festkledd familie, og rett inn i seks forventningsfulle barneauge, fire blå og to brune. Dei vinka og såg ut til å synes at det var stor stas. Avgjere var lett å ta. Her måtte etatens renommé gå framfor, og eg måtte bite i det sure eplet og svelga unna.

Det var framleis nokre hundre meter att å gå. Eg kjende at eg vart svimmel og kvalm, og farten vart auka drastisk då eg kjende at eg det var like før eg måtte kaste opp. Eg høyrde bak meg kommentarar om at eg gjekk alt for fort, men eg måtte berre late som eg ikkje høyrde det. Det gjekk heldigvis bra, og eg kom fram til sluttstreken ved stadion, men smilet og ansiktsfargen var nok ikkje lenger på plass. Det var ikkje alle i toget heller, fleire hadde sakka akterut på den siste etappa.

I Bergen brukar dei uttrykket «snusfornuftig». Eg veit ikkje kva det tyder, men uansett var det ikkje fornuftig å bruke snus denne gongen heller.

FLERE MORSOMME POLITIHISTORIER FINNER DU HER.

Til toppen