SAKNAR FOKUS PÅ FØREBYGGJANDE STRATEGI: – Skal kampen mot kriminalitet effektiviserast for å bruka mindre ressursar, er nøkkelen å koma i framkant og hindra at ting skjer i langt fleire saker enn i dag, skriv kronikkforfatter Arne Johannessen.

Skal kampen mot kriminalitet effektiviserast, er nøkkelen å koma i framkant og hindra at ting skjer

Utfordringa er at politimeldinga manglar ein overordna og strategisk tilnærming på korleis ein skal gjera førebyggjande arbeid til ein hovudstrategi.

Publisert Sist oppdatert

Politiet skal gjera meir med høgare kvalitet og mindre ressursar i framtida. Det er kortversjonen av politimeldinga frå regjeringa St.meld. 29: 2019-2020.

Arne Johannessen, Politiinspektør og GDE-leiar i Sogn og Fjordane, Vest politidistrikt.

Det er mange viktige og spennande tema i meldinga som fortenar ein god og seriøs debatt, men det er overraskande at ein på ny kjem med framlegget om å overføra fangetransport/framstilling til private aktørar. Dette er testa ut og evaluert, med ein klar konklusjon om at det var mindre fleksibelt til ein høgare kostnad enn dagens ordning. Dersom ein skal vurdera eit alternativ til dagens fleksible ordning, bør det vera å overføra alt ansvaret for transport og framstillingar til Kriminalomsorga.

Det er svært bra at ein vil ha ein gjennomgang av politiet sin bistand til helseoppdrag. Det er mykje å henta på politikapasitet om ein kan få ein kraftig reduksjon i bistandsoppdrag, Med ein auke frå 32.840 til 44.071 helserelaterte oppdrag per år i perioden 2016- 2019, har dette vorte ein svært stor belastning. Helse må i større grad ta ansvar for dette.

Meldinga har ein bra gjennomgang av status i politireformarbeidet og trekk opp vegen vidare. Som vanleg sterkt fokus på beredskap og etterforsking, og ikkje minst kravet til meir digitalisering. Det overraskar meg at ikkje meldinga har eit sterkare og meir heilskapleg fokus på ein overordna førebyggjande strategi. Stortinget har gjeve marsjordre på at førebyggjande arbeid skal vera ein overordna strategi og raud tråd igjennom alt me driv med. Skal kampen mot kriminalitet effektiviserast for å bruka mindre ressursar, er nøkkelen å koma i framkant og hindra at ting skjer i langt fleire saker enn i dag.

Samarbeid

Det er eit stort potensiale med samarbeid mellom politi, andre offentlege etatar og private aktørar. Som eit steg på den vegen, merkar eg meg gode formuleringar på «å ta i bruk nye teknologiske muligheter for å forebygge, avdekke og stoppe kriminelle handlinger». Eg merkar meg også med glede at ein vil «utvikle ein tverrdepartemental strategi mot nettbaserte overgrep mot barn».

Utfordringa er at meldinga manglar ein overordna og strategisk tilnærming på korleis ein skal gjera førebyggjande arbeid til ein hovudstrategi. Eg håpar at dette tema vert løfta inn i Stortinget sin handsaming. Det er svært bra at ein har fokus på ressursfordelinga mellom dei geografiske driftseiningane (GDE) og dei ulike funksjonelle. Den balansen må ein heile tida jobba med, men ein må ikkje skapa eit inntrykk av at nokon har for mykje ressursar.

Kvalitetsreforma sine intensjonar og klare føringar på sterke fagmiljø på OPS-en, etterforsking, førebygging og etterretning, er framleis ikkje sluttført over alt. Når me samstundes må styrka dei geografiske einingane, vert eg uroa av det gjentagande fokuset i meldinga om at «budsjettrammene vil bli strammere framover».

Kvalitet i arbeidet, digitalisering, utstyr og ressursar er viktig, og særleg gledar det at eit sterkt fokus på to politi per 1000 skal gjelda framover, også ved folketalsvekst - men det aller viktigaste er kvaliteten på dei tilsette.

Avgjørende for tilliten

Forståing av politirolla i eit moderne fleirkulturelt demokrati, rettferdig behandling av alle og ein grunnleggande respekt for alle andre menneskjer er avgjerande for tilliten og for å lukkast med politirolla i eit komplisert samfunn. Utveljinga av dei rette studentane til politirolla må ha sterkt fokus, og ikkje minst generalistutdanninga.

Eg vil åtvare mot å splitta opp generalistutdanninga med linjeval og spesialisering. Alle treng treårig bachelor som grunnlag, og ein bør heller vurdera å utvida med eittårig spesialistutdanning. Sjølv med sine klare manglar meiner eg stortingsmeldinga er eit godt grunnlag for ein politisk debatt i Stortinget for å vidareutvikla det gode norske politiet.

Historisk har ein klart å byggja ein felles politikk om forsvars- og politipolitikk (kriminalpolitikk). Politiet har ein så viktig rolle som stabiliserande faktor i demokratiet at det er behov for ei tverrpolitisk semje om vegen vidare. Politipolitikk er for viktig til å verta ein arena for partipolitisk markering og taktikkeri inn mot neste val. Eg håpar alle parti ser verdien av å samla seg om ein retning, om prioriteringar og om ein ressurssetting som er i samsvar med prioriteringane. Lat debatten handla om meir enn om talet på lensmannskontor, responstid og sakshandsamingstid. Ein må i langt større grad fokusera på kvalitet i alle deler av vårt samfunnsoppdrag.

Ambisjoner og ressurssetting

Politisk må ein også finna ein balanse mellom ambisjonar og ressurssetting. I dag er det totalt sett ein stor ubalanse.

To politi per 1000 er på ingen måte fullfinansiert, og det er eit stort etterslep på investeringar i teknologi, og ikkje minst i ein bilpark som vert dårlegare og dårlegare for kvart år. Eg merkar meg det store ressursuttaket til fellesfunksjonar og overordna leiing som POD, PFT og PIT.

Ein må ha ein kritisk gjennomgang på om leveransane står i høve til den kostnaden me betalar, og eg er heilt sikker på at det ligg moglegheiter for omfordeling av pengar som kjem politidistrikta til gode.

Powered by Labrador CMS