STORSNOKJI: Olav Nordstoga, som var lensmann i Trysil, og kona Anna Louise.

- Vi er nok mange som kan takka nettopp Storsnokji for at vi vart gangs menneskje

- Politisystemet på den tida var på alle vis førebyggjande, og før vi fekk rota det for mykje til for oss sjølve, kunne øvrigheita ta ein liten godprat med oss og foreldra våre, skriver Per Gunnar Stensvaag.

Publisert

Då eg vaks opp i det grisgrendte bygde-Noreg det kan verka som regjeringa helst vil leggja ned, hadde vi i Trysil ein høgt elska og akta lensmann. Olav Nordstoga kom opphaveleg frå Vinje i Telemark og snakka slik at Ivar Aasen ville ha vorte særs nøgd. Av respekt for Olav kjennes det difor særskilt turvande å skriva dette innlegget på rette målet.

 Nordstoga var av natur nyfiken, men aldri soleis at nokon følte han var påtrengjande. Tvert om var det ein god eigenskap han dro nytte av i sitt arbeid. Han hadde rett og slett ekte, sunn og varm interesse og omsut for sine sambygdingar der aust i skogbygda.

Sjølv deltok han på mykje utanom jobben. Han gjekk på turninga i lag med far min der dei saman med andre gubbar etter linegymnastikken alltid avslutta med å spela korgboll. At sjølvaste lensmannen var med, hindra ikkje at leiken med den store kula med kvart kunne gå noko hardt for seg. Meir pyntelig gjekk det vonleg føre seg når mange av dei same karane samla seg til møte i Rotary. 

Fikk kjælenamnet «Storsnokji»

Ho mor var i lag med lennsmannsfrua, ho Anna Louise, i Husmorlaget og dei sat båe i styret for skulemusikken. Der spela eg og systrene mine saman med dottera deira, og ho og dei to eldre brørne hennar var som oss med på ymse andre aktivitetar i bygda.

Gjennom kona og dei tre borna hadde han soleis ytterlegare antenner ute i sitt distrikt utan at ein einaste trysling nokon gong følte dei hadde med spionar å gjera. For ein lensmann var det sjølvsagt ein stor føremon å ha god oversikt i lokalsamfunnet.

At han grunna sin positive nysgjerrigheit og den fargerike Telemarksdialekta gjekk under kjælenamnet «Storsnokji» hjå oss unge, var difor aldri ondsinna meint frå nokon. Nei, Olav var som allereie nemnd ein særs populær lensmann, og ikkje berre det: Vi er nok mange som kan takka nettopp Storsnokji for at vi vart gangs menneskje.

Om vi fann på nokre sprell, som til dømes å køyra ulovleg på moped, snappa vår kjære lensmann opp slik før det gjekk for langt: «Hald dykk no inne på gardsplassane, gutar, og når dykk vert gamle nok, pass på at doningen er i kjørbar stand og har skilt på før dykk legg ut på landsvegen!»

Politisystemet på den tida var på alle vis førebyggjande, og før vi fekk rota det for mykje til for oss sjølve, kunne øvrigheita ta ein liten godprat med oss og/eller foreldra våre.

Då vart vi ikkje berre temma litt i våre rampestrekar, men vi fekk også respekt for loven sin for oss nokså stutte arm og vart heller inspirert til å te oss som folk framfor å opponera mot den same øvrigheita. 

Juristar

Slik gjekk det aldri så langt at korkje mopedkøyring eller anna ureint trav hamna på noko papir. Lensmannen visste jo at ein prikk på vandelsattesten ville kunne øydeleggja karrieremoglegheiter for det han ellers meinte var gode gutar, og gå ut over den samfunnsnytte vi kunne yta seinare i livet.

Olav Nordstoga vart fødd i 1916 og vart tilsett som lensmann i Trysil i 1957. Då var Jens Haugland (AP) justisminister. Han satt i posten i 8 år og var sjølvsagt utdanna jurist.

Sjølsagt jurist? Jau, på den tida var det nok meir meining i omgrepet «fagstatsråd». Alle dei 15 fyrste justisministrane etter krigen var juristar. Difor vakte det ikkje så reint lite oppsikt at denne tradisjonen vart brote då Gro utnemnde Bjørn Skau (AP) til stillinga i 1981. 8 månader seinare var det attende til normalen då juristen Mona Røkke (H) fekk den jobben av Kåre Willoch.

Etter at ho gjekk av i 1985, har berre 7 av dei 16 som har styrt justisdepartementet, vore juristar.

Ved oppnådd aldersgrense slutta Nordstoga som lensmann i 1983. Då kunne han ha vorte ein utmerka justisminister, ein riktig fagstatsråd. I staden sette han seg til å skriva. Hovudverka er bøkene «Norske lennsmansslekter» og  «Lensmenn i 800 år».

Sistnemnde vart gjeve ut i samband med lennsmannslaget sitt 100-årsjubileum i 1993.

Han døydde i 2003, 86 år gamal. Skal tru kva han ville ha tykt om korleis etaten som i 800 år vart utvikla og spreidd ut i lokalsamfunna våre, har vorte styrt dei siste 800 dagar av ikkje-juristar frå FrP?

Heilt utan datamaskinar

Per Willy Amundsen vert nok hugsa meir for å ha nominert Donald Trump til fredsprisen enn at han faktisk var landets justisminister frå 20. desember 2016 til Sylvi Listhaug tok over 17. januar 2018. Før ho laut gå av etter berre to månader grunna sin famøse Facebook-posteringer om AP og terroristar, rakk ho i kjent stil å provosera også på anna vis.

Til dømes gjekk ho til åtak på Sp for deire forslag om å behalda og styrka lokalt rotfesta lensmannskontor.

Ho påsto at det ville gjera det lettare for dei pedofile? Pengebruk på landsens politifolk ville nemleg ta frå politidistrikta moglegheit til å ansetta dataingeniørar eller anna typer kompetanse og soleis slå i hel målsettinga om å jobbe mot overgrep mot born, meinte ho.

Om nokon på eit tidlig tidspunkt med sin kombinasjon av god politinase, nestekjærleik og omsut fekk nyss om at born vart utsett for fæle ting, måtte det vera Nordstoga & Co., og det heilt utan datamaskinar. Sjølvsagt er det i vår tid viktig å ha sentralt plasserte ekspertar som saumfarer det verdsomspennande nettet og ser eit større bilete, men kvifor laut Listhaug nytta også det høvet til å skapa motsetningar? 

Tap for landet

Per Sandberg hadde så ansvaret i justisdepartementet i eit par veker. Tor Mikkel Wara fekk eit knapt år i stolen, og Jon Georg Dahle vart óg berre ei mellombels løysing. No er det Jøran Kallmyr, forøvrig jurist, som skal freista å sluttføra ei reform som 80% av dei tilsette i etaten er misnøgd med i fylgje ei ny undersøking.

«Nærpolitireforma» gjev mindre og mindre meining for fleire og fleire av både politifolk og publikum. Det førebyggjande arbeidet lir. Beredskap og tilgjengelegheit har vorte dårlegare. Knapt nokon har tru på at den vil gje betre ressursutnytting eller nå målet om eit politi med tilnærma like tenester. Det er ei fjernpolitireform.

Kall meg gjerne gamaldags, men eg vil skru klokka attende, ikkje så mykje som 800 år, men meir enn 800 dagar og helst til den tida Olav Nordstoga var lensmann i Trysil. At slike som han forsvinn frå kommune etter kommune, er eit alvorleg og sørgeleg tap for landet vårt.

Powered by Labrador CMS