Godt budsjett?

Eg avslutta det siste innspelet mitt i Politiforum med åønskje «godt budsjett». Om det blei eller blir eit godt budsjett for politi- oglensmannsetaten, er ei anna sak.

Publisert Sist oppdatert

Regjeringa meiner sjølvsagt at det er godtnok. Og når regjeringspartia har fleirtal i Stortinget, må vi rekne med atfasiten i stor grad ligg i framlegget.

Dei første reaksjonane frå Politiets Fellesforbund var jamtover positive når det galdt retninga og prioriteringane i budsjettframlegget.Dette gjeld mellom anna studentkapasitet, naudnett og satsing på DNA. Etterkvart er det likevel blitt tydelegare og tydelegare at løyvingane til drift -bemanning, utstyr og kompetanse - er alt for knappe. For Oslo politidistriktverkar situasjonen kritisk.

I lys av dette er ei kvar påplussing under behandlinga iStortinget av det gode, og noko som kjem folk flest til gode. Dette er mogeleg,men då må regjeringspartia også innsjå alvoret i situasjonen. Å styrkedriftssida vil også gi eit betre grunnlag for å rekruttere fleire til yrket.

Dette er nødvendig både av omsyn til forventa avgang i årasom kjem, men også fordi det er tvingande nødvendig med fleire stillingar ipoliti- og lensmannsetaten.

I Unios blir det kravd at politiet må styrkast med 2000fleire stillingar dei neste fire åra, og minst 500 av desse må kome i 2008. Eislik styrking er nødvendig for kampen mot kriminalitet, men det er ogsånødvendig av omsyn til dei tilsette. Helse, miljø og tryggleik er kort og godteit viktig budsjettperspektiv.

Politiet skårar framleis høgt når det gjeld tillit blantfolk. Likevel - både i media og frå vanlege folk kjem det stadig kritiskekommentarar til etaten. «Politiet gjerikkje jobben sin», heiter det gjerne. Politiet kan sjølvsagt gjere feil, og vilfå kritikk for det, og feil må erkjennast, rettast opp og det må takast lærdom nårdet er på sin plass. Men alt for ofte må politifolk i felten stå til rette forressursmangelen og forklare at saka«ikkje kunne prioriterast». Det er uhaldbart viss ansvaret blir privatisert ogpulverisert. Det er mange som har ansvar for prioriteringar og tenestekvalitet.Men det er ingen tvil om kor ansvaret for budsjettet er plassert!

Powered by Labrador CMS