Fører justisministeren Stortinget bak lyset?

Ingen er vel i tvil om at Politireforma i form og innhald er ei sentraliseringsreform.

Publisert Sist oppdatert

I det meste av det arbeidet som er lagt ned som bakgrunn for reforma, er uttrykka «robusthet», «kvalitet» og «kompetanse» flittig brukt.

Dette er kjende uttrykk frå dei fleste av dei mange sentraliseringsprosessar sitjande regjering har sett i gang, og som dei er uvanleg oppsette på å få gjennomført før neste stortingsval.

Det ville vera uheldig om veljarane blanda seg borti slike viktige ting. For å dempa inntrykket av kva reforma verkeleg er, har nokon funne opp uttrykket «nærpolitireform», for det høyrest så mykje meir tiltalande ut.

Regjeringa freista tidleg å skaffa seg fleirtal for reforma si ved å knyta til seg KrF og Venstre i ein forpliktande avtale.

Dei fekk berre med seg Venstre, som stolt på ein pressekonferanse kunne fortelja at dei no hadde sikra viktige verdiar for distrikta, ved at det mellom anna stod i avtalen at 90 prosent av innbyggjarane i kvart distrikt skulle kunna nå ein tenestestad med maksimalt 45 minuttars køyretid. Eg håpar dei tok høgde for at det i dei fleste distrikt ikkje er så høg gjennomsnittsfart.

Det var tydeleg at denne formuleringa var laga slik for å sikra at innbyggjarane i distrikta ikkje skulle bli så hardt råka av reforma som det elles kunne sjå ut til.

Den same formuleringa knytt til kapittelet om tenestestadar er også teken med i stortingsvedtaket, som eg vil tru Stortinget ventar skal bli fylgt opp.

Då er det veldig påfallande at Justisdepartementet i oppdragsbrevet til POD skriv at tenestestadar skal «lokaliseres slik at minst 90 prosent av innbyggerne i politidistriktet har maksimalt 45 minutters kjøretid til nærmeste tjenestested».

Dette er med respekt å melda i det minste ei nokså unyansert attgjeving av stortingsvedtaket.

Slik dette er formulert, gjev det Politidirektøren nokså frie taumar ut over kravet om at det skal vera «flere enn 210 tjenestesteder».

Det vil i dei fleste politidistrikt vera nok at publikum i dei folkerike delane av distriktet kan nå ein tenestestad innan den fastsette tida. Det er ikkje dette Stortinget har vedteke.

Kravet til responstid skulle jo elles også vera ei sikring av at folket i alle deler av kongeriket får den same tenesteytinga. Det gjer det nok ikkje, etter som denne vert målt gjennomsnittleg i heile politidistriktet.

Sidan dei fleste hendingane som vert målte, skjer i dei tettfolka områda av distrikta, der utrykkingstida sjølvsagt er svært låg, ser det ut til at kravet til responstid vert nådd med god margin.

Elles har vel dei fleste lagt merke til at Regjeringa i ekspressgjennomføringa av sentraliseringa på mange plan, har slutta å snakka om at dette vert gjort for å spara pengar. Det tok seg visst nok ikkje så godt ut.

Då er det påfallande at det no tydeleg skin gjennom at det er venta at gjennomføringa av Politireforma skal gje ein økonomisk gevinst.

Det låg vel heller ikkje til grunn frå Stortinget si side?

Powered by Labrador CMS