Førebygging tema i valkampen?

Det er lenge til kommunevalet, men det er lett å sjåat partia posisjonerer seg.

Publisert Sist oppdatert

Det er lenge til kommunevalet, men det er lett å sjå atpartia posisjonerer seg. Retorikk og lovnader blir henta fram. Tal og kronersvirrar i lufta. Og ikkje minst skal motparten – parti og personar – angripast og kritiserast.Dette er også ein del av demokratiet, ikkje minst i ei tid då media i stor grad definerer kva som erinteressant og viktig. Det langsiktige må ofte vike for det kortsiktige, detsom synest viktig her og no. Det siste er nok velkjent i politi- oglensmannsetaten også.

Noko av den mest lønnsame og langsiktige investering eitsamfunn kan gjere, er å investere i barn og unge. I kriminalpolitisk perspektivhandlar det om førebygging. Rett og slett fordi førebygging er ein nøkkel ikampen mot kriminalitet. Men vil dette prege valkampen?

Alle barn og unge fortener ein god oppvekst. Men slik er detikkje for alle. Blant Unios medlemmer er det mange som i det daglege arbeidetsitt ser dette, og som er opptekne av forbetringar og innsats på brei frontoverfor barn og unge.

Difor må det vere ei oppgåve for Unio og medlemsforbunda åsette barn og unge – førebygging og forbetring – på dagsordenen i den komandevalkampen. Vi representerer nødvendig kompetanse, og vi veit at tverrdagleginnsats må til. Tryggleik og trivsel krev gode lokale nettverk.

Samspelet mellom politiet og kommunane har vore for dårleg.Oppretting av politiråd kan betre dette. Men det er det daglege arbeidet som erviktigast. Kommunale aktørar og politiet må samarbeide tett, særleg med tanke på førebyggande arbeid. Førebyggandearbeid overfor barn og unge må vere eit viktig suksesskriterium for godtpolitiarbeid. Skal dette lukkast, seier det seg sjølv at politiet må vere mangenok til å vere til stades! Dette er først og fremst staten sitt ansvar.

Staten har også stort ansvar for kommunane. Men til sjuandeog sist er det kommunepolitikarane som forvaltar kommunane sine oppgåver og somhar ansvar for å prioritere kvar ressursar og kompetanse skal setjast inn. Ennom vi fekk ein valkamp der barn og unge – førebyggande arbeid – blir ei kampsak for dei politiske partia, og forfolk som vil ha lokalpolitisk makt?

God sommar.
AndersFolkestad, Unio

Powered by Labrador CMS