FAKKELTOG: Er det fakkeltog neste for Høyre, spør Senterpartiets Jenny Klinge.

Fakkeltog for politiet det neste for Høgre?

Jenny Klinge i Senterpartiet svarer Høyre.

Publisert Sist oppdatert

Politiet er avgjerande for at folk i landet ikkje berre skal kjenne seg trygge, men vera mest mogleg trygge uansett kor dei bur eller oppheld seg. Regjeringa har i denne siste stortingsperioden fått vedtatt ei politireform som regjeringa sjølv bruker mykje tid til å skryte av, men som dei nektar å vedkjenne seg konsekvensane av.

Anders B. Werp og Christopher A. Wand frå Høgre meiner tydelegvis at deira protest mot å leggje ned politiarresten i Hønefoss er eit teikn på at Senterpartiets advarslar mot resten av politireforma er feil.

Det som er verdt å merke seg, er at Høgre tillater seg å bremse eller reversere reforma der det passar dei sjølve.

Dersom det er Sp som kjem med eit framlegg om å rette opp problem knytt til reforma, framstiller Høgre det som uansvarleg. Vi i Senterpartiet er jo glade for at Høgre endeleg viser evne til å reflektere over nokre av problema som oppstår når dei sentraliserer viktige tenester.

Det er ikkje lenge sidan Peter Frølich frå Høgre gjorde det same etter at arresten i Sandvika vart lagt ned.

Det er dessverre påfallande at Høgre-representantane protesterer mot slik sentralisering etter at det har vorte mediemerksemd om sakene, ikkje på førehand. Samtidig meiner eg det burde vera openbart for alle at det å auke avstanden til en arrest også gir lengre reisetid. Ein skulle jo tru at problem knytt til auka avstandar er enkle å resonnere seg frem til på førehand, men det ser heller ut til at Høgres strategi er å reversere avgjerdene først etter at skaden har skjedd eller etter at vedtaket er gjort.

Eit spørsmål det er verdt å stille Werp og Wand, no som dei sjølve har lagt alle viktige avgjerder i politiet til embetsverket – vil dei stille opp med faklar og håpe dette embetsverket snur?

Justisministeren i deira eiga regjering har vitterleg sagt at han sjølv ikkje ønskjer å leggje seg opp i saka om arresten i Hønefoss, så han er i alle fall ikkje villig til å joine fakkeltoget.

Powered by Labrador CMS