KRONIKK

Fjerning av særalder vil svekka politiet sin operative evne

Me vil få eit betydelg antall polititutdanna med høg alder som ikkje vil kunna utføra vakt og beredskap.

Publisert Sist oppdatert

Dette er en meningsytring. Innholdet gir uttrykk for forfatterens holdning.

Molander-utvalet leverte før sommarferien sin rapport om framtidige behov for særaldersgrenser, sidan har det vore svært stille om saka.

Då ser eg bort frå avtalen mellom Staten og hovudsamanslutningane av 24. august i år, den avtalen handlar om øknomien for dei med særalder og tilpassing til avtalen om tenestepensjon av 1. januar 2020. 

Ein svært krevjande sak i seg sjølv. Men truleg berre ein liten «forsmak» på det som ventar om ein skal realisera tankane til Molander-utvalet. For då er det «kroken på døra» for særalder.

Utvalet argumenterar mest for at det er vanskeleg å forsvara at heile grupper skal ha særalder basert på spesielle krav til fysikk eller psyke. Dei vektlegg i liten grad spesielle belastningar i særskilde yrker heller ikkje samfunsomsynet.

Dette er stikk i strid med det utgreiinga NOU 43: 1978 la stor vekt på. Då var fokuset på samfunnet sitt behov for eit velfungerande politi sterkt vektlagt, med fokus på at «tenestemenn som utfører polititeneste må vera i stand til meistra situasjonar som krev fysisk styrke, handlekraft, uthaldande, åndeleg robustheit og vakenheit».

Kriminalitetsbildet er heilt endra, den tryggingspolitiske situasjonen er den vanskelegaste me har stått i på mange tiår. 

Politirolla har sidan vurderinga i 1978 vorte betydeleg meir krevjande. Kriminalitetsbildet er heilt endra, den tryggingspolitiske situasjonen er den vanskelegaste me har stått i på mange tiår. 

Då er det skuffande at utvalet ikkje tek innover seg dette, men dei er i det minst så ærlege og skriv at det ligg utafor utvalet sin kompetanse å vurdera om fjerning av særalder vil svekka Forsvaret og politiet sin operative evne, difor må andre ta denne vurderinga skriv utvalet.

Debatten om behovet for særalder, er ikkje berre ein debatt som arbeidstakarorganisasjonane bør engasjera seg i, for konsekvensane av å fjerna særalder vil skapa store utfordringar for samfunnet og leiinga i politiet. 

Molander-utvalet har ein overdriven forventning om at arbeidsgjevar kan finna andre oppgåver i politiet til dei som ikkje lenger er operative. Framleis har me svært mange små politistasjonar og mange stader er det store avstandar mellom politistasjonane. 

Det er avgrensa moglegheiter å finna andre passande arbeidsoppgåver til eit stort tal eldre politiutdanna som ikkje lenger kan gå inn i vakt og beredskap. Det ville bety lange reiseavstandar for mange for å koma inn i eit større arbeidsfellesskap med større mangfald i oppgåver som kunne tilpassast eldre personar utan operativ godkjenning.

Det er mange viktige argument for særalder som ikkje er særleg vektlagt av Molander-utvalet, eg vil særleg trekka fram: Fjerning av særalder vil svekka politiet sin operative evne. 

Me vil få eit betydelg antall polititutdanna med høg alder som ikkje vil kunna utføra vakt og beredskap. Dersom ein skal kompensera for dette må ein styrka budsjetta for å tilsetta unge som kan kompensera for dei som går ut av vakt- beredskap, men som framleis skal jobba i etaten. 

Dei skriv at ein må sikra tilstrekkeleg budsjett for å motverka svekka beredskap. Kanskje noko naivt å tru at det vil skje, difor er det grunn til ein stor bekymring.

Dette skriv også Molander-utvalet klokt om. Dei skriv at ein må sikra tilstrekkeleg budsjett for å motverka svekka beredskap. Kanskje noko naivt å tru at det vil skje, difor er det grunn til ein stor bekymring.

Politiet har behov for stor fleksibilitet, der ein kan nytta personell på kryss og tvers i organisasjonen. Ein ser også i dag at ein i periodar som ferieavvikling må nytta personell som normalt ikkje går vakt og beredskap inn i turnusen for å få kabalen til å gå opp. 

Gjørv-kommisjonen peika på behovet for at fleire i politiet burde vera IP-godkjende og kunne vera ein operativ ressurs ved større hendingar og aksjonar. Dei siste åra sine mange store demonstrasjonar, arrangement med ekstra politivakthald, asyl/flyktningsituasjonen og trusselsituasjonen har synt behovet for ein fleksibel politiorganisasjon.

Der du har ein «reservebenk» som kan settast inn ved behov. Dersom store grupper av politiutdanna ikkje skal ha særalder, vil det svekka fleksibiliteten og arbeidsgjevar sin oppgåveløysing.

Når ein ser konsekvensen av eldrebølga, er det lett å forstå behovet for at alle må jobba lenger i samfunnet, det er berre å lesa Sigbjørn Johnsen sitt utvalsarbeid frå tidleg på 2000- talet. Også politiet må ta sin del, men det har ein no gjort når 85 årsregelen vert fjerne.

Lensmannsetaten er lagt ned, men framleis har me ulike aldersgrenser basert på ein gammal organisering. Dette kan sjølvsagt ingen forsvara i dag. 

Me er ein etat – POLITIET. Det er viktig at arbeidsgjevar i lag med organisasjonane analyserar konsekvensane av Molander-utvalet, og spelar inn gode grunngjevne konsekvensar i eit samfunnsperspektiv før den politiske handsaminga.

Det siste samfunnet treng i dagens situasjon er at Forsvaret og politiet får svekka operativ evne som del av ein endring av særalder. Ein annan konsekvens ville også vera at det vert endå vanskelegare for nyutdanna politi å få seg jobb i etaten.

Powered by Labrador CMS