Bildet er et illustrasjonsfoto.
Bildet er et illustrasjonsfoto.

DEBATTINNLEGG

«Svartmaling av politireforma og politiet kan politikarane ta ein annan stad»

Som politileiar reagerer eg kraftig på den systematiske nedsnakkinga av politireforma frå enkelte politiske parti inn i valkampen 2021, skriver Arne Johannessen, politiinspektør og GDE-leder i Sogn og Fjordane.

Publisert Sist oppdatert

Dette er en meningsytring. Innholdet gir uttrykk for forfatterens holdning.

Svartmåling av politireforma og politiet kan politikarane ta ein annan stad. I Sogn og Fjordane var 2020 "best ever" for lokalt politi.

Ikkje alt er perfekt med politireforma, eller andre offentlege reformer, som ofte fører til sentralisering. Men som politileiar reagerer eg kraftig på den systematiske nedsnakkinga av politireforma frå enkelte politiske parti inn i valkampen 2021. Det er ingen tvil om at konsekvensane av politireform er ulik rundt om i landet. Ein ser også at lensmannskontoret som institusjon har hatt ein sterk posisjon i lokalsamfunna, og det har ført til ein desentralisert busetting av polititilsette, som har ein verdi i seg sjølv.

Men det er viktig å ta innover seg at kriminalitetsbildet er i stadig endring og at det ikkje er talet på politibygningar som er suksessfaktoren for kvaliteten på vårt arbeid. Svært mykje i politiet har fått ein betydeleg kvalitetsheving. I møte med tilpassa politisk retorikk og forvridd situasjonsforståing, er det behov for at eg kjem på bana med nokon faktaopplysningar frå politiet i Sogn og Fjordane for at våre innbyggjarar skal få best mogleg grunnlag til å gjere seg opp si eiga meining.

LES OGSÅ: Intensjonen var bedre enn selve løsningen

Politiet i Sogn og Fjordane har, som ein del av Vest politidistrikt, lagt vårt beste år bak oss:

  • 9 nye politistillingar i 2020 (ingen kan hugsa når me fekk ein sånn vekst på eit år)
  • 19 nye politibilar vert tildelt i 2021, det er meir enn me har fått til saman dei siste 10 åra.
  • 6 nye moderne politihus i 2020/2021 (Fjaler, Førde, Gloppen, Årdal, Lærdal og Aurland).
  • Utviding av den aktive polititenesta (som betyr meir synleg politi og betre beredskap), særleg i Sunnfjord og Sogndal regionen.
  • Felles straffesaksinntak i Vest politidistrikt (som er resultat av politireform) er ein suksess og ferdigstiller raskt og effektivt ca. 50 prosent av Sogn og Fjordane sine saker.
  • Ein ny og større operasjonssentral leverer kvalitet på eit høgare nivå, sjølv om det er store utfordringar med tilgjengelegheit via 02800.
  • Felles nettpatrulje for heile Vest, svært viktig og godt tilbod, særleg for ungdomen. Dei handsama over 3200 meldingar i 2020.
  • Eige avdeling av Barnehuset i Sogn og Fjordane, Førde.
  • Oppklaringsprosent på 72,2.
  • Betre systematikk på førebyggjande arbeid basert på kunnskap og etterretning.
  • Nedgang på restansar (gamle saker over 6 og 12 månader).
  • Betring av resultata innanfor prioriterte område som valdtekt, vald i nære relasjonar, ungdomssaker og grov vald.

Min oppsummering av 2020 til mine gode medarbeidarar var «best ever». Summen av dette betyr betre tenester til innbyggjarane i Sogn og Fjordane. Då vore det frustrerande å høyra politikarar snakka ned det gode arbeidet som gjerast. Etter at me har stått i krevjande omstilling i fleire år, og leverer betre resultat enn nokon gong, bør politiske parti reflektera over korleis retorikken deira påverkar både tilsette og publikum. Svartmålinga kan også påverka tryggleikskjensla til dei som bur her, og det på totalt feil grunnlag.

Med dette innlegget ynskjer eg lukke til vidare med valkamp for alle politiske parti. Eg stiller gjerne opp med meir faktaopplysningar, sjølv om det kanskje kan øydeleggja litt for politisk retorikk og eigne kampsaker.

LES OGSÅ: En prinsippløs og selvmotsigende politipolitikk