Bildet er et illustrasjonsfoto, og er tatt i en annen sammenheng.

DEBATTINNLEGG

Revisjon av gradssystemet - Politidirektøren legg opp til systematiske lovbrot

For oss som arbeidar med straffesaker, har det openbart negative konsekvensar at flinke PHS-utdanna etterforskarar og politileiarar blir tvungne til å gå av med pensjon når dei er på topp med mykje opparbeidd erfaring, og dei gjerne også er i ein livsfase som tillet stor arbeidskapasitet.

Publisert Sist oppdatert

Dette er en meningsytring. Innholdet gir uttrykk for forfatterens holdning.

Den 14. januar la Politidirektoratet (POD) ut informasjon på politiet sine intranettsider Kilden, om ein komande revisjon av gradssystemet i politiet. Dette som følgje av eit oppdrag frå Justisdepartementet om å gjennomgå planverket for å sikre kontinuitet under pandemien. Politidirektør Benedicte Bjørnland avslørte at POD vil nytte høvet til å jobbe for at leiarar under seksjonsleiarnivå skal få større «operativitet» og omfattast av kontinuitetsplanane for å forsterke politiets operative kapasitet også i andre kriser enn den aktuelle pandemien. Bjørnland la også til at eit slik grep vil «kunne begrunne særalder».

John Lode Roscoe, politiadvokat og styremedlem i Politijuristane Vest.

Ut frå den siste tidas debatt om «stillingskodesaka» på Politiforum, er dette utvilsamt gledelege nyheiter for mange i etaten. No kan PHS-utdanna etterforskarar søkje opprykk til avsnittsleiarnivå utan å risikere å måtte arbeide 10-13 år ekstra. Vedkomande slepp også usikkerheita det vil medføre å måtte konkurrere om stillinga mot revisorar, dataingeniørar og andre «sivile» med like lang erfaring som etterforskar.

LES OGSÅ: Skal gjennomgå politiets gradssystem

For dei av oss som arbeider med straffesaksbehandling - og som er opptekne av at etterforskinga skal vere effektiv og halde høg kvalitet – er det lite grunn til å juble over politidirektørens bodskap. Medan vår PHS-utdanna kollega og avsnittsleiar i ein alder av 57 år kan forfølgje barndomsdraumen om å bli bussjåfør eller trikkekonduktør, eventuelt halde fram med etterforskingsarbeid i eit forsikringsselskap, og samtidig heve full pensjon frå det offentlege, må dei attverande på etterforskingsavdelinga med sivile utdanningar finne seg i å vente til dei blir 70 år før dei går av med pensjon. Dei sistnemnde kan heller ikkje søke på den ledige stillinga som avsnittsleiar, ettersom stillinga på grunn av politidirektørens «operative grep» vil bli lyst ut med eit ufråvikeleg krav om grunnutdanning på PHS.

LES OGSÅ: Politirollen i spill: En slik rolleblanding bør ikke tolereres

Særaldersgrensa

Politiets Fellesforbund sine representantar og eg er usamde om det aller meste i stillingskodesaka, men eg støttar likevel Olve Ekeli Nystuen sin påstand om at politidirektøren i dette høvet opptrer meir som ein politikar enn ein byråkrat, som han skreiv i debattinnlegg i Politiforum 17. desember 2021. Det er jo ikkje uvanleg at politikarar prøver å vri seg unna avtalar og valløfte, eller at dei bruker svært kreative argument for å presse igjennom endringar som er motivert av hestehandlar eller heilt andre motiv enn det argumenta deira gir uttrykk for. Det er kanskje godt politisk handverk å bruke koronapandemien som eit påskot til å putte litt ekstra «operativitet» inn i stillingsinstruksane til avsnittsleiarane, men som byråkrat er dette direkte illojalt mot lovgjevar og skattebetalarane.

Politidirektøren viser med sitt utspel på Kilden at ho i løpet av dei 20 åra som har gått sidan ho sjølv arbeidde som praktiserande jurist, har gløymt heilt grunnleggjande juridisk metode; nemleg at omsynet bak lova, altså kva lovgjevar ville oppnå, er heilt sentralt når ein skal tolke og rette seg inn etter ei lovføresegn.

Aldersgrenselova har ikkje som føremål å sørgje for at deler av kontoradelen i offentleg sektor skal sikrast ei gullkanta pensjonsordning. Ei heller hadde stortingsrepresentantane på 1950-talet tenkt at lova skulle brukast som påskot til å omgå kvalifikasjonsprinsippet og dermed effektivt forhindre at sivilt utdanna folk med spesialistkompetanse gjer karriere i politiet. Føremålet med lova er i dag, som for 70 år sidan, å sikre at tenestemenn og tenestekvinner skal vere i stand til å meistre krevjande situasjonar; særaldersgrensa er derfor «knyttet til det operative politiarbeidet der det stilles spesielle krav til fysiske eller psykiske egenskaper», jf. Arbeids- og sosialdepartementets (ASD) brev av 3. januar 2018.

Dette er sjølvsagt POD sine praktiserande juristar klare over, og POD og ASD var så seint som i 2017-2018 einige om at korrekt forståing av aldersgrenselova inneber at leiarstillingar i politiet som hovudregel ikkje skal omfattast av stillingskodar som automatisk gir særaldersgrense, men at «det kan være unntakstilfeller for lederstillinger som i vesentlig grad består av å delta i det operative politiarbeidet» (jf. ovannemnde brev).

Ikkje operative i vesentleg grad

Som tillitsvald i Politijuristane / Akademikarane har eg ikkje tal på kor mange stillingsutlysingar for leiarar på etterforskingsavsnitt (og andre avsnitt) eg har lese gjennom i samband med drøftingsmøte med leiinga. Felles for alle utlysingane er at arbeidsoppgåvene i det alt vesentlege må reknast som vanlege for mellomleiarar i både offentleg og privat sektor, som til dømes personalansvar, syte for fagleg utvikling og kvalitetssikring på avdelinga, koordinering av arbeidet, ansvar for tenestelister og ferieavvikling. Ingenting av dette kan reknast som operativt politiarbeid. Om stillinga også omfattar deltaking i sjølve etterforskingsarbeidet (avhøyr, ransaking etc.) blir ikkje stillinga meir operativ enn tilfellet er for etterforskarliknande stillingar i til dømes skatteetaten og konkurransetilsynet. Arbeidsoppgåvene kvalifiserer på ingen måte til særaldersgrense, og i alle høve er stillingane langt i frå operative i vesentleg grad slik aldersgrenselova stiller vilkår om.

Heller ikkje innlemming av avsnittsleiarar i kontinuitetsplanverket som «gripbare ressurser» (jf. Kilden-innlegget) vil endre på retten til særaldersgrense, så lenge ikkje den enkelte stillinga reelt sett blir endra slik at leiarane faktisk må bruke minst halvparten av arbeidstida si på IP-trening, patrulje- og ordensteneste eller liknande arbeid som stiller spesielle krav til fysiske eller psykiske eigenskapar. Eg tviler sterkt på at politidirektøren er villig til å gå så langt, så den auka «operativiteten» er nok først og fremst meint å vere ein formalitet på papiret.

Eg finn det dessutan svært påfallande at arbeidsgjevar ved drøfting av stillingar som regel ikkje ein gong prøver å forsvare sitt val om stillingskode med særaldersgrense med argument knytt til vilkåra i lova (fysiske og psykiske eigenskapar), men heller grunnar det med slikt som omsyn til rekrutteringsgrunnlaget eller leiaren sin legitimitet i avdelinga.

Etter alle solemerke å dømme er eksisterande praksis, og ikkje minst den nye praksisen som politidirektøren legg opp til, lovstridig. Dessverre er det slik at ei lov sin normative effekt ofte heng tett saman med konsekvensane av å bryte henne; utruleg nok gjeld dette i politiet som i resten av samfunnet.

Til dømes kjem politietaten heretter utvilsamt til å ta regelverket om offentlege innkjøp av varer og tenester på største alvor etter at Borgarting lagmannsrett i desember stadfesta at to politidistrikt skulle betale til saman drygt to millionar kroner i gebyr for å ha brote reglane.

Variert kompetanse

POD reknar nok med at brota på aldersgrenselova ikkje får konsekvensar for politietaten. Statens pensjonskasse har verken vilje eller ressursar til å etterprøve om kvar enkelt pensjonerte avsnittsleiar forlét ei stilling som reelt kvalifiserer til særaldersgrense. Misbruk av særaldersgrensa vil openbart føre til merkbart høgare pensjonsutgifter i etaten, samanlikna med kva situasjonen ville vore ved ein lovlydig praksis, men ettersom politiet er så viktig for samfunnet kan ein kan vel som alltid rekne med at Stortinget stiller opp med meir pengar når ein ropar høgt nok om tronge budsjett. Til og med Riksrevisjonen kjem truleg til å glimre med sitt fråvere, kanskje med grunngjevinga at det ikkje er verdt å stikke hendene inn i dette vepsebolet all den tid Stortinget før eller seinare blir nøydd til å ta ein heilskapleg gjennomgang av føresegnene i den tilårskomne aldersgrenselova?

For oss som arbeidar med straffesaker i det daglege, har det openbart negative konsekvensar at flinke PHS-utdanna etterforskarar og politileiarar blir tvungne til å gå av med pensjon når dei er på topp med mykje opparbeidd erfaring og dei gjerne også er i ein livsfase som tillet stor arbeidskapasitet. Vidare er det negativt at bruken av stillingar med særaldersgrense, kombinert med målet om to (PHS-utdanna) politifolk per tusen innbyggjarar gjer det vanskeleg å få inn og behalde etterlengta spesialkompetanse i etaten.

Det er få ting som gir større arbeidsglede for ein politijurist enn å jobbe i eit etterforskingsteam samansett av motiverte kollegaar med god og variert kompetanse, og som arbeider effektivt med sakene. Dessverre kan det vere langt mellom slike opplevingar. Alt for ofte får ein avslag eller beskjed om å måtte vente i månadsvis for å ransake innhaldet på ein telefon eller datamaskin, eller å handtere kryptovaluta. Likeins er det også når ein har behov for økonomisk kompetanse for å finne og følgje pengane ved etterforsking av profittmotivert kriminalitet.

Resultatet er at sakene blir svært gamle før dei kjem opp for retten, eller at sakene blir så kraftig tilskorne at gjerningspersonane slepp unna med ein brøkdel av den straffa dei skulle hatt, samtidig som dei sit att med store delar av utbytet som skulle vore inndrege. Det kan tidvis vere pinleg å fronte slike saker i retten eller overfor journalistar og dei kriminalitetsutsette. Det blir ikkje mindre pinleg når ein veit at ein vesentleg årsaksfaktor for at det er slik, er at folk med sivil spesialkompetanse ikkje får gjere karriere i politiet fordi politidistrikta, med politidirektøren si velsigning, ikkje respekterer lova.

LES OGSÅ: Særaldersgrense-saken: PF raser mot Politidirektoratet

Powered by Labrador CMS