Illustrasjonsfoto.

KRONIKK

Kva tillit kan ein ha til tillitsreforma?

Folk flest har stor tillit til politiet, men kva tillit har folk flest til etatsleiinga sine forsikringar om at politireforma har gjort norsk politi betre?

Publisert

Dette er en meningsytring. Innholdet gir uttrykk for forfatterens holdning.

Fleire tillitsundersøkingar bekreftar det heile etaten ønsker å høyra, at folk flest har stor tillit til politiet. Og godt er det. Men kva tillit har så folk flest til etatsleiinga sine forsikringar om at politireforma har gjort norsk politi betre?

I denne kronikken vil vi sjå nærare på nokon av dei føresetnadene som må vera til stades innover i etaten for at dei mange tusen polititenestemenn og -kvinner, og leiarane deira, skal ha tillit til kvarandre.

Det er avgjerande viktig at politikorpset har tillit til leiarane sine, men det kan vanskeleg oppnåast med mindre leiarane viser tydeleg at dei har tillit til sine tenestemenn og -kvinner.

Det er avgjerande viktig at politikorpset har tillit til leiarane sine, men det kan vanskeleg oppnåast med mindre leiarane viser tydeleg at dei har tillit til sine tenestemenn og -kvinner.

Øystein Blymke og Arne Johannessen

Heile justissektoren blir i dag utfordra av den konfliktskapande polariseringa som skjer i samfunn. Dessutan viser folk stadig mindre tillit til fleire og fleire myndeorgan, sjølv om politiet framleis nyt høg tillit.

Tillit til POD

Den sviktande tillit mange politikarar ofte viser til Politidirektoratet (POD), er òg uheldig. Når ein reiser spørsmål om POD er liv laga, eller antar at fleire hundre POD-medarbeidarar med fordel burde kunna flyttast ut i distrikta, ja då viser ein ikkje POD-leiinga særleg mykje tillit.

Og sjølv om mange politikarar kan ha mista trua på at POD kan spela rolla som eit direktorat i det desentrale Noreg si teneste, må ein kunne forventa av dei at deira tillit til POD-leiinga og alle medarbeidarane står ved lag.

Det er lang tradisjon i Noreg for at store reformer i politiet og rettsvesenet blir gjennomført med konsensus. Det har òg, inntil for få år sidan, vore tradisjon for at skiftande politiske fleirtal bygger vidare på vedtatt politikk.

Denne tradisjonen synest no å vera definitivt brote. Særleg synleg er brotet innanfor justissektoren (les: for politireforma og domstolsreforma si del) – ein sektor der det er meir avgjerande enn det vil vere innanfor mange andre sektorar at etatane kan styra etter «dei lange linjene».

Reformarbeid i politiet og i domstolar krev god og tett samhandling mellom dei tilsette og deira tillitsvalte sin fagkunnskap og erfaring, og etatsleiinga på ulike nivå. Ikkje minst på politisk nivå.

Dersom ikkje den politiske leiinga anerkjenner erfaringane til etatane, deira behov og opplevingane av arbeidskvardagen, blir resultata av reformarbeidet dårlegare, og tilliten blir broten ned.

Domstolsreforma

Kommunikasjonen mellom politisk leiing, fagleiing, tillitsvalte, dommarar og saksbehandlarar i domstolsreformprosjektet er eit døme på dette.

Sjølv om bruk av partipolitiske «kjepphestar» og politiske «markeringsbehov» er velkjente verkemiddel i moderne politikk, er det dårlege utgangspunkt viss hensikta er å styrkt domstolane i møta med framtida.

Ta eit døme frå Sogn og Fjordane. Det er der, som elles i landet, gjennomført ei stor reform, som på alle måtar har vore ressurskrevjande. Både for tilsette og leiarar. Det er laga ein struktur som dei fleste aktørar i domstolsetaten meiner er framtidsretta.

Det er tilrettelagt for fleire digitaliserte betringar i det nye hovudsetet til Sogn og Fjordane tingrett i Førde. Knapt nokon vil tilbake til gammal struktur.

Då vert det nærliggjande å stilla justisministeren eit meir grunnleggande spørsmål om tillit: Vil det ikkje vera ein svært dårleg start på regjeringa si tillitsreform, om ein justisminister ikkje lyttar til kva eit stort fleirtal, i og utanfor domstolsetaten meiner er til den beste framtids løysinga for folk flest?

Politireforma

Nærpolitireforma kom nok litt skeivt ut. Av ulike grunnar fekk ho namnet «nærpolitireform», medan mange av tiltaka ho foreslo openbert har ført til ei viss sentralisering, i alle fall av funksjonar og kompetanse.

«Namnet skjemmer ingen», heiter det rett nok, men i tilfellet med «nærpolitireforma» må det vel innrømmast at det har vorte ufrivillig meir krevjande for leiarar og tilsette å forsvara namnet sin legitimitet.

I tillegg var nok «nærpolitireforma» til ei viss grad òg underfinansiert og overseld politisk den gong i 2014-15, både frå regjeringspartia og opposisjonen. Politisk krangling om kven som burde ta ansvaret for at nærpolitireforma ikkje har vorte det «alle håpte», har òg svekt den tilliten folk burde ha, både til reformarbeidet, og til dei resultata ein kan visa til.

Det som derimot ikkje er heilt greitt, er politikarar som utan godt nok kunnskaps- og erfaringsgrunnlag rir distriktspolitiske kjepphestar i kvar ein reformsamanheng, utan å registrera kva skade ein tilfører tillitsrelasjonane i etaten.

Øystein Blymke og Arne Johannessen

Sjølvsagt er det legitimt å vera politisk usamd om nærpolitireforma sine verknader. Det som derimot ikkje er heilt greitt, er politikarar som utan godt nok kunnskaps- og erfaringsgrunnlag rir distriktspolitiske kjepphestar i kvar ein reformsamanheng, utan å registrera kva skade ein tilfører tillitsrelasjonane i etaten.

Det er nemleg svært lite tillitsbyggande å fokusera på politiske «kjepphestar» som til dømes talet på politistasjonar, som om ei fysisk kontor i seg sjølv gir tryggleik og resultat. Heilt konkret: Målet til regjeringa om gjenopning av 20 politistasjonar er etter vår meining ikkje det beste svar på framtida sine utfordringar.

Mange vil nok også undra seg over kvifor akkurat 20 kontor? Kva er dei faglege bevegrunnar bak det talet? Det verkar meir som ynskje om ein partipolitisk markering – utan reell operativ og praktisk verdi – verken for politiet eller for folk flest.

Det ville gjæve mykje betre og raskare resultat å nytta dei knappa budsjettmidlane til å styrkte dei politistasjonane som no står igjen, og som etter reformføringane skulle styrkast. Mange av desse politistasjonane har òg fått redusert bemanning etter reforma.

Sett i eit tillitsperspektiv, kan det då vera freistande å seia: Statsråd. Ja, vi tar på alvor dei innbyggjarundersøkingar som viser at folk i rurale strok har mindre tillit til politiet og føler seg meir utrygge.

Svaret på det er etter meininga vår, ikkje å retta opp igjen 20 nye kontor med avgrensa kapasitet og opningstid. Det er knapt nokon under 30-40 år som bryr seg om kontorbygget står her eller der, eller om kommunegrensar.

Dei vil ha sine oppgåver løyst når det passar dei, og løyst med høg kvalitet. Svaret ditt, statsråd, bør difor heller ligga i ein kombinasjon av å styrke det lokale nærværet med meir synleg politi som politipatrulje, besøk på skular, barnehagar, bedriftsbesøk, utestadar, og samhandling via politiråda i kombinasjon med eit kraftig digitaliseringsløft.

Ein digitalisering der syfte vil vera meir tilgjengelege brukarløysingar for dialog med politiet når publikum treng det. Til dømes «chatte»-funksjon for spørsmål/ svar, og ei oppgåveløysing som publikum sjølve kan ta del i. Og ikkje minst, ein sterkare satsing på nettpatruljar.

Ta politirolla på alvor

Ein må ta på alvor publikum sine forventningar om eit politi og ein offentleg sektor som behandlar alle med respekt.

Vi trur difor på ein justisminister som tek seg tid til å forklara sine avgjerder på ein forståeleg måte og alltid strev etter å opptre politisk, men upartisk.

Polariseringa i samfunnet, hatkriminalitet, rus og psykiatri og oppbygginga av ny type gjengkriminalitet er ein mykje større politisk utfordring å ta tak i eit tillitsperspektiv, enn gjenopning av 20 politistasjonar og reversering av ei vellukka domstolsreform.

Bruk derfor også tida, statsråd, til å sjå framover og ikkje berre bakover med trua om at alt var betre i politiet og domstolane før reforma.

Powered by Labrador CMS