Simon Frammarsvik Solheim, journalist og forfattar av boka «Livvakt: på innsida av PST», skriver at de fleste har vært enige om at det eneste fornuftige er en sammenslåing av livvakttjenestene, men at ingen har hatt lyst til å flytte på seg.
Simon Frammarsvik Solheim, journalist og forfattar av boka «Livvakt: på innsida av PST», skriver at de fleste har vært enige om at det eneste fornuftige er en sammenslåing av livvakttjenestene, men at ingen har hatt lyst til å flytte på seg.

KRONIKK:

Striden om politiets livvakter

Politifolka som beskyttar kongehus og regjering har vore samanslått før. Det gjekk ikkje så bra.

Publisert Sist oppdatert

Nyleg blei det kjent at regjeringa har bestemt seg: Livvaktene til kongefamilien, som i dag er organisert under Oslo politidistrikt, skal flyttast til Politiets tryggingsteneste (PST), der livvaktene til Erna Solberg og andre myndigheitspersonar held hus.

Ifølgje Politiets Fellesforbund skal avgjerda ha kome rett i fleisen på mange av dei involverte, noko som førte til protestar frå fagforeininga i politiet. I Dagbladet gjekk dei ut og etterlyste prosess i forkant, og ikkje i etterkant av ei avgjerd, og forbundsleiar Sigve Bolstad bad sporenstreks om eit møte med justisministeren.

I møtet protesterte han mot manglande involvering.

Simon Frammarsvik Solheim – journalist og forfattar av boka «Livvakt: på innsida av PST».
Simon Frammarsvik Solheim – journalist og forfattar av boka «Livvakt: på innsida av PST».

Debatten om å ha ei samla livvaktteneste – og ikkje to – har halde på i det som kan verke som ei æve. Den har kome opp med jamne mellomrom sidan starten av 1990-talet. Dei fleste har vore samde om at det einaste fornuftige er samanslåing, men ingen har hatt lyst til å flytte på seg.

Kvifor?

LES OGSÅ: Vil slå sammen Den kongelige politieskorte og livvakttjenesten i PST

20 år sidan sist

Dette er sterke fagmiljø med stolte tradisjonar. Ved tusenårsskiftet gjekk det føre seg ein intens dragkamp om dei to livvakttenestene. Den kongelige politieskorte (DKP) og livvakttenesta i Politiets overvakingsteneste (POT), og som vi i dag kjenner som Politiets tryggingsteneste (PST), opererte kvar for seg.

Det hadde vore offentlege utgreiingar som peika i ulike retningar. POT meinte dei kunne gi statsminister Kjell Magne Bondevik betre beskyttelse mot terror og potensielle attentatmenn enn det Oslo-politiet kunne, fordi dei trass alt hadde direkte tilgang på etterretningsinformasjon. Oslo-politiet meinte dei var best, for dei trente saman med spydspissane i Beredskapstroppen og andre spesialavdelingar i politidistriktet.

Slik har debatten gått – og argumenta har stort sett vore dei same.

Hausten 2000 blei livvakttenesta i POT flytta over til Oslo-politiet, altså motsett veg av det som er tilfelle no. Avgjerda den gongen var stikk i strid med kva det regjeringsoppnemnde Danielsen-utvalet anbefalte. Justisminister Odd Einar Dørum tok den endelege avgjerda like før han gjekk av med den første Bondevik-regjeringa. Samstundes bestemte han at det berre skulle vere ei prøveordning, og at samanslåinga skulle evaluerast etter nokre år.

Dei to livvakttenestene blei slått saman, men dei blei aldri samlokaliserte.

Mange var skeptiske allereie før samanslåinga, og det blei ikkje akkurat betre den dagen samanslåinga var ein realitet. Dei som var negative, bidrog heller ikkje til å løfte stemninga, blir det sagt.

Fleire opplevde at samanslåinga berre var på papiret.

LES OGSÅ: I livvakttjenesten er kun 11,8 prosent kvinner

Dørums vendereis

I 2005 blei det omkamp. Samanslåinga blei evaluert, og Odd Einar Dørum var tilbake i statsrådsstolen i den andre Bondevik-regjeringa. Han bestemte seg for å reversere.

Kongefamiliens livvakter blei verande i Oslo politidistrikt, medan resten blei tilbakeførte 1. januar 2006, til det som då hadde fått namnet Politiets tryggingsteneste (PST).

Men heller ikkje det skjedde utan høglydte protestar.

Livvaktene er alltid med. Her passer de på mens Jens Stoltenberg er i matbutikken.
Livvaktene er alltid med. Her passer de på mens Jens Stoltenberg er i matbutikken.

I media blei det spekulert i om dåverande PST-sjef Jørn Holme, som tidlegare hadde vore statssekretær for Dørum i ei årrekke, hadde påverka justisministeren, og at det hadde vore eit skjult spel i kulissane. Politidirektoratet var imot ei oppsplitting. Fagforeininga i politiet var imot. Det same var Oslo-politiet. Dei meinte livvakttenesta hadde blitt meir profesjonell og framtidsretta under leiinga av politimeisteren i Oslo. Dørum, som først meinte at det var rasjonelt med éi samla livvaktteneste, hadde no snudd. Dei som beskytta statsminister og regjering, burde vere tett på dei som skreiv trusselvurderingar, og som sat tettast på etterretninga, var argumentasjonen, på same måte som i Sverige og Danmark.

Mange har peika på at svak leiing og dårleg planlegging gjorde at samanslåinga på starten av 2000-talet gjekk dårleg.

No skjer det igjen. Dei to livvakttenestene skal samlast.

LES OGSÅ: Godt skrevet, men langtekkelig

Kongen befaler?

Denne gongen samlast dei hos tryggingspolitiet – slik som i våre naboland. Oslo-politiet mistar eit oppdrag dei har hatt sidan 1945. Dei har ein lang og stolt tradisjon. Den 11. mai 1945 blei Oslo-politiets avdeling for sikring av kongefamilien oppretta, og det var Gunnar Sønsteby, også kjent som «Kjakan», som blei spurd om ta på seg ansvaret for sikkerheita ved kronprins Olav sin heimkomst.

Det er inga hemmelegheit at dei kongelege, gjennom historia, har hatt eit ønske om å kjenne livvaktene sine, at det var stabilitet, og at så få som mogleg kom tett innpå livet deira. Ingen vil svare på kva rolle Kongen har hatt i spørsmålet denne gongen, men det er ingen tvil om at han har vore nøgd med ordninga som har vore fram til no. Det er også difor Justis- og beredskapsdepartementet har presisert at «tjenesten overfor Kongehuset (skal) opprettholdes med personellmessig kontinuitet.»

Kongefamilien skal altså sleppe å få fleire, ukjente livvakter tett inn på seg.

LES OGSÅ: – Vi kan ikke ha livvakter med vannskrekk

Men kvifor skjer dette no?

I 2014 skreiv regjeringa i ein proposisjon til Stortinget at dei hadde vurdert organiseringa av livvakttenesta og «kommet til at nåværende løsning er mest formålstjenlig» – altså to tenester. Dei forklarte ikkje kvifor dei har hamna på den konklusjonen den gongen. Då eg arbeidde med livvakt-boka forsøkte eg å få svar. Justisministerens rådgjevarar skreiv dette i fjor: «Departementet er kjent med disse forslagene, og har ikke noe å tilføye til det som allerede er sagt.»

No svarar dei at ei samanslåing vil føre til betre kvalitet, ressursutnytting og fleksibilitet.

– Det er vilje det står på, seier ein avdelingsdirektør i PST i boka.

Han sa også:

– Ein treng ikkje ha gått mange år på BI for å forstå at det er fornuftig.

Ein konsolidert, samla livvaktstyrke skal vere samla hos PST 1. januar 2022. Dei siste åra har dei to livvakttenestene samarbeidd tett, og enkelte meiner at dei samarbeidar betre no enn då dei var samanslått. Såleis verkar det som dei har eit litt betre utgangspunkt no enn for 20 år sidan.

Det er ingen tvil om at spørsmålet om ei samanslåing har vore gjenstand for grundig utgreiing i løpet av dei siste 20 åra .

LES OGSÅ: Slutter etter 25 år i Delta: - Det er jo litt vemodig når man har jobbet så lenge for et beredskapssenter, og så gir man seg rett før