– Små samfunn og små einingar har fordelar som store einingar ofte manglar

Det er eit faktum at redningsarbeidarane i Lærdal klarte å berge alle menneska som var involverte i storbrannen. Då katastrofen slo til i Oslo 22. juli 2011 gjekk alt gale.

Publisert Sist oppdatert

Det veslevitet mitt ikkje forstår er kvifor ei rekke statlege utval likevel brukar organiseringa i Oslo som mal for beredskapen i Norge.

Talet på politidistrikt bør reduserast frå 27 til seks. Talet på 110-sentralar bør reduserast frå 19 til 12. Talet på lensmannskontor bør kuttast med 144. 295 sjølvstendige brannvesen bør samlast i fylkesetatar. Domstolane kan vi slå saman frå 66 til 30. Dette er konklusjonen til ei rekke statlege utval som har vurdert politi, beredskap og domstol-organiseringa i Norge.

Det vesle ordet «robust» går att som kronargument bak alle konklusjonane. Fagmiljøa må samlast i langt større einingar og i dei største byane, skal dei bli robuste nok til å takle utfordringane, skriv den eine utvalsleiaren etter den andre.

Robust for kven, er mitt naive spørsmål. For folket eller dei tilsette?

Sjå til Lærdal

Brannvesenet i Lærdal var i sving seks minutt etter at alarmen gjekk. Politiet i Indre Sogn vedtok evakuering i tide til å berge alle utsette innbyggarar på Lærdalsøyri. Røde Kors, Sivilforsvaret og frivillige gjorde ein heltemodig innsats med å sikre folk og store verdiar. Brannvesen frå fire fylke klarte å samarbeide om å slokke storbrannen.

Redningsarbeidet i Lærdal er berre eitt døme på at små samfunn og små einingar har fordelar som store einingar ofte manglar. Eg tenkjer på oversikt, handlekraft og ikkje minst vilje til å bry seg fordi ein er nær dei det gjeld. Slike verdiar er gull verdt i alle samanhengar, ikkje berre i kritiske situasjonar. Men sentrale, statlege og politiske miljø har ei overdriven tru på at til større til betre.

Manipulert sentralisering?

Det verkar som utvalsmedlemmene i staten slavisk trekkjer parallellar til stordriftsfordelane i industrien og IT-bransjen. Trass i alle vanskane med samanslåing av tre etatar i NAV, held dei fast på at store miljø får meir erfaring, blir fagleg betre og meir robuste. Trass i at Gjørv-kommisjonen slakta det mest robuste politidistriktet i landet si handtering av 22. juli-tragedien, syng dei same songen om færre, større og meir robuste einingar.

Det er nesten nærliggande å spørje om robust berre er eit manipulerande ord for sentralisering?

Stordriftsulemper

Det alle synest å gløyme, eller oversjå er eit lite påakta ord som heiter stordriftsulemper. Til større, til meir byråkrati. Til større einingar til meir ressursbruk på rutinar, rapportering og kontroll.

Ei fersk gransking syner mellom anna at NAV brukar 25 prosent av ressursane til sitt indre liv. Det er også ein fare for at med større einingar misser ein lettare oversikt, taper lokalkunnskap, mangfald og engasjement. Dessutan er det eit uomtvisteleg faktum at tidsfaktoren er heilt avgjerande når liv og verdiar står på spel.

Den minst sentraliserte bergingsetaten, brannvesenet, er i dag nesten alltid først på åstaden når brann og ulukker råkar innbyggarane dei er sette til å tene.

Den gylne middelveg

Eg skal ikkje påstå at alt smått berre er godt. For små fagmiljø kan bli sårbare og mangle nødvendig spisskompetanse. Det er sjølvsagt også eit viktig poeng å få til god kapasitetsutnytting og nok erfaring i arbeidsoppgåvene.

Her som så ofte elles kan den gylne middelvegen vere den smartaste vegen. Det som overraskar meg er at statlege utval ikkje i sterkare grad jaktar smarte løysingar som både sikrar fagkunnskap og lokalkunnskap, som sikrar gode rutinar og sterkt engasjement, som sikrar slagkraft og nærleik til publikum. Tru om ikkje IT-teknologien i dag opnar for slike løysingar?

Det som fungerte så godt i Lærdal, var at mange, små einingar i ulike etatar klarte det livsviktige samspelet til beste for innbyggarane. Her må det vere mat for både utval og forskingsprosjekt.

Powered by Labrador CMS