Profesjonelle yrkesutøverar

Politiarbeid er basert på at dyktige profesjonsutøvarar medhøgskuleutdanning gjer den kompliserte jobben. Sånn har det ikkje alltid vore.

Publisert Sist oppdatert

På slutten av 1800-talet var det innleigde håndverkarar og bondegutar som itillegg til sitt eige yrke var ansvarlege for tryggleiken i byane og påtettstadane.

Nårforløparen til Politiets Fellesforbund vart skipa i 1905, var fokuset påutdanning og eit fast politikorps ei av dei store sakene. Etter mykje arbeidfrå fagforeininga, opna Staten sin Politiskule sitt første kurs i 1920 med 24elevar. Fagforeininga var også den sterkaste pådrivaren for å få høgskule, somein endeleg lukkast med i 1992.

Mange landhar framleis svært kort utdanning for sitt politi, og ser med stor beundring påNoreg som satsar så mykje på utdanning.

I dag har me den største bemanningskrisa på mange år. Det eruråd å få tak i politiutdanna til å søka stillingar, for det er rett og slettutdanna alt for få. Fire år med politiske synder (utdanna 240 pr år) ser me noverknaden av. Når krisa vert synleg, aukar også kreativiteten. Me ser einskildpolitikarar som stiller spørsmål ved behovet for tre-årig høgskuleutdanning forpolitiet.

Men det verste er at også ein politimeistar kjem medframlegg om eit «deltidspoliti etter modell frå 1800-talet». PM Åserød iVest-Finnmark har kome med framlegg om at ein kan leiga inn sivile (lærarar ogandre skikka personar) til å ta på seg «enklare politioppgåver» for å møtabemanningskrisa.

Dette framlegget er ein grov nedvurdering av kompleksiteteni politiarbeidet og dei utfordringane ein møter på ulike oppdrag.

Aldri tidlegare har det vore større fokus på tilliten tilpolitiet, behovet for kunnskap om kompliserte samfunnstilhøve, kulturforståing,evne til kommunikasjon og sjølvsagt endå større behov for kunnskap i dei mangeulike sider ved politiarbeidet.

Difor får ein håpa at absolutt ingen tek framlegget frå PMÅserød på alvor, det må stoppast på vegen til Oslo frå Hammerfest.

Leiarar og tilsette må alltid i fellesskap gjera det besteut av det politikarane bestemmer og stiller til disposisjon for oss. Men sjølvom ikkje politikarane har gjort sin jobb på eit fagleg forsvarleg nivå, kanikkje me senka krava til kvalitet.

Helsevesenet tek ikkje inn «deltidsarbeidarar» for å opereraom det er lang ventetid og heleskøar.

Politileiarar må i langt større grad læra seg å tilpassa segdei politiske rammevilkåra, og sei tydeleg frå kva ein vil nedprioritera. Har ein ikkje nok politiutdanna til å gjerajobben, så får ein konsentrera seg om å gjera ein best mogleg jobb med deisakene ein kan prioritera.

Då får ein laga store vaktregionar med to til fire timarutrykkningstid, om det i det heile teke kjem politi (det er sånn det politiskefleirtalet vil ha det!!!). Det er eit leiaransvar og lovfesta iArbeidsmiljølova at ein skal ha opplæring og kompetanse for å utføra pålagteoppgåver.

Det er på tide at toppleiarane tek dette ansvaret. Ein må stoppa å ta inn ufaglærte personar å«tre på dei politiuniform». Når publikummøter politikvinner- og menn ute på oppdrag i uniform, må ein vera trygg på atdet er politiutdanna personar ein møter.

Tida er inne for at politileiarane på alle nivå brukar masseenergi på å rekruttera unge frå eigenkommune/distrikt til politiutdanninga,tenker nytt i høve til rekruttering med stipend, løns- og arbeidsvilkår,sosiale tiltak, individ tilpassa tenesteordningar m.m.

Ein må også ta seniorpolitikken på alvor.Seniorarbeidskrafta må truleg redda arbeidskraftbehovet dei nærmaste åra. Einmå endra kultur og haldningar i høve til seniorane, og ikkje minst tilby deivilkår både økonomisk og på andre måtar som gjer at dei vil jobba lenger.

Det er mangel på arbeidskraft i Noreg, det må også toppleiarane i politiet ta inn over seg.

Powered by Labrador CMS