Lokalpolitikarane må på bana

PF fryktar kraftig sentralisering av politiet.

Publisert Sist oppdatert



Skalein også i framtida ha eit nærpoliti som er integrert i lokalsamfunnet, målokalpolitikarane på bana. Ordførarar og fylkespolitikarar må byrja åinteressera seg for sitt lokalpoliti, ikkje berre i høve til at dei skal ha eitkontor med politiskilt på døra i sin kommune. Ein må sjå på innhaldet i tenestaog ikkje minst vaktordningar og utrykkningstid.

Detgår no mot ein kraftig sentralisering av politiet med ressursane som no ertilgjengelege.

Skalein unngå sentralisering (samanslåing av lensmannskontor og politistasjonar)treng ein betydeleg fleire tilsette som kan ta del i ressurskrevjandevaktordningar. Utfordringane i høve til vaktordningane er delvis eit resultatav at også politiet endeleg no byrjar å ta Arbeidsmiljølova og EU sittarbeidsdirektiv på alvor. Men det er også eit resultat av at arbeidsoppgåveneog utfordringane ikkje står i høve til ressursane. Folk forventar rett og slettmeir av sitt politi enn det ein i dag kan leva opp til.

Lokalpolitietsitt verkeområde, oppgåver og organisering bør engasjera i kommunevalet. Dersomdet førebyggjande barne- og ungdomsarbeidet vert svekka og ikkje minstnærleiken mellom politi og publikum vert redusert, vil dette få skadeverknadarover tid som resulterar i meir utryggleik. Det å ha ein desentralisert strukturmed at politifolk lever og bur ute i lokalmiljøa og tek del i det organisertelags- og organisasjonsarbeidet har også ein førebyggjande effekt.Lokalpolitikarane må vakna før det er for seint. Engasjementet tillokalpolitikarane må retta seg inn mot å få fleire utdanna politifolk.Justisministar Storberget har hjelpt til med ein god auke frå 2007, men me måendå høgare enn dagens 432 årlege studentar for å møta krav og ynskjer frålokalbefolkningen

Lokalpolitikaranemå og sjå samanhengen mellom ulike politikkområder, kva er det som påverkarkriminaliteten. Alkoholpolitikken har også innverknad på kriminaliteten ikommunen, det kan også manglande satsing på tilbod til barn og ungdom ha. Nårein jobbar med kriminalpolitikk, må ein ha fleire tankar i hovedudet og sjåmange politikkområder i ein større samanheng.

Sjølvsagtvil og noko vera ei statleg oppgåve og andre ting eit kommunalt ansvar, men detmå ikkje vera til hinder for eit større lokalt kriminalpolitisk ansvar.

Etableringav Politiråd bør vera ei prioritert oppgåve i alle kommunar (eller regionar),då kan ein få ein viktig arena for å diskutera kriminalpolitiske utfordringar,og ikkje minst føra fram lokalsamfunnet sine forventningar og krav til sittlokale politi.

Mangelokalpolitikarar og lokalaviser har hatt sterk fokus på at Politireforma harverka sentraliserande, og gjerne mot sin hensikt med å få meir synleg politi.Men det er ikkje så mange som har stilt spørsmål om kvifor me har fått denneutviklinga.

Svakøkonomi har skulda

PolitietsFellesforbund var og er ein varm tilhengjar av Politireforma, for eit av målavar å redusera administrasjonen og styrka det operative arbeidet. Kvaliteten påpolitiarbeidet er ikkje avhengig av talet på politimeistrar elleradministrative leiarar, men dyktige sivilt tilsette og politiutdanna i 1.linjetenesta som kan yta service og hjelp til publikum. Det som er det tragiskeer at samstundes som Politiet hadde historia sin største reform, hadde me ogsåtidasin dårlegaste budsjettsituasjon. Det vart ikkje løyvd ekstra pengar til ådriva reforma og utvikla organisasjonen, og ein måtte faktisk nedbemanna mangedistrikt som resultat av dårlege budsjett. Dette ser me at Danmark har lært av,når dei no gjer store organisatoriske endringar løyver politikarane 500 mill krpr år til reformarbeid og utvikling. Det som vert skulda på Politireforma ersom oftast resultat av dårlege budsjett.

Kriminalpolitikkener eit svært viktig område av velferdspolitikken. For mange har redusertlivskvalitet som fylgje av kriminalitet og eller frykt for kriminalitet. Dettemå lokalpolitikarane og våre stortingsrepresentantar få endå høgare på sindagsorden.

Tidaer inne for eit kraftig lokalpolitisk krafttak. Nærpolitiet må utviklast iriktig retning.

Spørsmåleter: Når vil me oppleva eit ordføraropprør for utvikling av sitt nærpoliti? På same måte som ein har sett i høve til lokalsjukehusa,vegbygging m.m. Engasjementet frå lokalpolitisk nivå til sentralt nivå må vertabetydeleg betre.

Powered by Labrador CMS