Kva for menneskje vil politikarane ha som politi?

- Gi meg politifolk

Publisert Sist oppdatert

Det var den klare bodskapen presidenten i Liberia, Ellen Johnson-Sirleaf, hadde til den norske utviklingsministaren tidleg på sommaren i fjor. Det er ikkje berre Liberia sin president som ynskjer seg norske politifolk. Politiets Fellesforbund sine medlemmar er etterspurde i store delar av verda. Det har samanheng med den norske politirolla. Den er prega av at folk vert behandla likt, uavhengig av kor dei høyrar heime i samfunnet. Den er prega av evna til refleksjon og evna til å kommunisera slik at saker kan verta løyst utan bruk av fysisk makt. Samstundes ligg det i bakgrunnen at fysisk makt vert brukt i dei tilfella der det er naudsynt.

Denne politirolla har endra seg i takt med at samfunnet har endra seg. Noreg har til dømes vorte eit fleirkulturelt samfunn. Som ein del av Schengen-samarbeidet er grensekontrollane redusert og folk reisar lettare til og frå. Dette er for det meste positivt. Men det inneber også at dei kriminelle lettare enn tidlegare kjem inn i Noreg. Me får grensekryssande kriminalitet. Me får nye typar kriminalitet og me får meir alvorleg kriminalitet. Døme på dette kan vera menneskjesmugling og internettrelatert kriminalitet, som spreiing av barnepornografiske bilete mellom pedofile i fleire land. Den nye krimi­naliteten krev mellom anna meir kunnskap, meir avansert etterforsking og bruk av nye metodar. Den krev rett og slett meir av politiet.

Politifolk som har ordensteneste har på mange måtar den mest utsette rolla i norsk politi. Dei skal handtera dei heime­situasjonane der far slår mor, mens ungane ser på. Dei skal takla ungdomar som går på byen med kniv og drikk seg fulle. Dette er vanlegvis heller ikkje dei verkeleg farlege situasjonane. Dei kjem med dei meir hardbarka kriminelle. Gjengane som trekk i trådane i nettverka som styrar narkotikaomsetjinga i Oslo og dei større byane. Eller gjengane som ikkje nølar med å løysa ueinigheita seg imellom på ope gate med skytevåpen. Det er først og fremst frå desse miljøa dei alvorlege dødstruslane kjem. Dei som truar med å drepa politifolk fordi dei har arrestert han tidlegare.

Risiko er ein del av kvardagen til dei operative politifolka. For Politiets Fellesforbund er det eit paradoks at politiet i første line som alltid har dei farlegaste og tøffaste oppgåvene, ikkje har eit risikotillegg. Andre yrkesgrupper, som har oppgåver med stor risiko i utlandet, har det.

I tillegg til ein belastande og risikofylt jobb, heng arbeidsvilkåra i politiet langt etter andre etatar. Politiet har fått arbeidstidsbestemmelsar som held seg innanfor arbeidsmiljølova og vedtekne EU-direktiv. Men det hjelp lite når ikkje arbeidsgjevar følgjer opp. Granskingar har vist at det i politietaten er særs stor grad av overtidsjobbing. Det er også belastande med helgevakt andre kvar eller tredje kvar helg.

Ser ein på denne bakgrunnen, vitnar ikkje 280 000 kroner i byrjarlønn og 320 000 i gjennomsnittleg løn for heile politikorpset om stor grad av verdsetting.

Den låge verdsettinga byrjar no å få synlege negative konsekvensar. Me ser ein nedgang i talet på søkjarar til Politihøgskolen. Og me ser ei sterk auke i talet på erfarne politifolk som søkjar seg ut av etaten.

Politiets Fellesforbund er bekymra for nedgangen i talet på søkjarar til politiutdanninga. Framleis er det mange fleir søkjarar enn dei som kjem inn, men når talet går ned stillar me spørsmålet: kven mistar me? Er det dei beste som veljar bort politiyrket? Og kven sit me att me? Me har fått rapportar frå skulen om at det er omtrent det talet søkjarar som er kvalifiserte som samstundes kjem inn. Når talet studentar no skal aukast, vil ein senke krava for å få nok studentar?

Når det gjeld avgangen frå etaten, er det dei erfarne folka som forsvinn til betre betalte jobbar i anna offentleg verksemd eller næringsliv. Folk vert lært opp i politiet, men går ein annan stad når dei er utlærde. Er politiet tent med å vera opplæringsanstalt? Etaten mistar mykje kompetanse på denne måten. Kompetanse kan erstattast, men det tek tid. Lang tid.

Den tida er over då politifolk fekk etats­utdanning betalt av staten, kunne beordras kor som helst og vart verande i etaten. Den nye løns- og personal­politikken i politiet må erkjenna at også politietaten må kjempa om både å få inn kompetansen og å behalda han. Det gjeld og for dei sivile gruppene i politiet, ja kanskje endå meir dei. Dei har ofte krevjande sakshandsaming og oppgåver som har stor betyding i samfunnet, men dei har ikkje konkurransedyktig løn.

Samstundes som me ser at stadig fleire polititenestefolk ser seg om etter grønare beitemarker andre stader, ser me at rekrutteringa av leiare på ulike nivå vert stadig vanskelegare. Det har vore ein mediesak at søkjarlistene til dei nyleg utlyste politimeisterstillingane ikkje var overfylte. Det kan ha samanheng me at å vera politimeister er ein utsett posisjon. Politimeistrane skal halde orden på eit særs stramt budsjett, dei skal handtera totalt manglande prioritering frå politikarane sin side og dei skal tåla kjeft døgnet rundt - til ikkje spesielt høg løn. Ikkje rart det fins meir lukrative beitemarker andre stader også for dei. Det same gjeld politistasjonssjefar i store byar med særs stort ansvar og for dårleg løn.

Politiet er samfunnet sitt sivile maktapparat i fredstid. Dei skal beskytta innbyggjarane, setta ein stoppar for dei kriminelle og stilla opp når samfunnet har behov for det. Me stillar no spørsmålet om kva politiet kan venta å få att frå samfunnet? Ei gjennomsnittleg løn på 320 000 kroner, varierande og slitsam arbeidstid, ein belastande og risikofylt jobb med alvorlege truslar frå kriminelle som eit frynsegode?

Eg har som forbundsleiar gått ut i media i år og kravd at gjennomsnittsløna i politiet over ein to års periode skal opp til 400 000 kronar. Politiets Fellesforbund forventar i tillegg at risiko vert løns­messig kompensert også innanfor landet sine eigne grenser, ikkje berre når ein deltek i prestisjeoppgåver i utlandet

Powered by Labrador CMS