Krisemaksimering?

Fagorganisasjonar blir ofte skulda for å krisemaksismere ihåp om å vinne fram i kampen om pengane.

Publisert Sist oppdatert

Det er sikkert rett at fagforeiningar oginteresseorganisasjonar hyppigare er kopla til problemsaker med krav omforbetring enn til pluss-saker med rosande omtale av styresmaktene og solideøkonomiske løyvingar. Media er dessutan meir innretta på kritikk og krise ennpå solskinnssoger.

På den andre sida - regjeringsapparatet, partia ogstatsrådane syter sanneleg for balanse i rekneskapen. Herfrå strøymer detreklame for eigen politikk. Ikkje minst skjer det gjennom budsjettlekkasjar -om pluss-saker. Då sit sjølvrosen laust, ein type ros som i alle fall er ærlegmeint! Justisministeren er blant dei fremste i denne sportsgreina.

Media har i haust avdekt ei rekkje graverande saker der folkstår fram - både sjokkerte og aggressive - og etterlyser politiet. Kvifor fekkvi ikkje hjelp? Kvifor tok det så lang tid å rykke ut? Kvifor blei ikkje viprioriterte?

Ropa kjembåde frå by og land, om enn med noko ulikt innhald og vektlegging. Folk flestforstår at politiet må prioritere. Folkflest veit at det er store avstandar i Noreg, og at både fjordar og fjell kanleggje hindringar i vegen. Men det held ikkje alltid som (bort)forklaring.

Og heldigvis, folk slår seg ikkje til ro med situasjonen.Dei stiller krav. Det er både uforståeleg og uakseptabelt at Noreg ikkje harråd til å halde seg med eit politikorps som er stort nok til å gjere jobbensin.

Alleverksemder - offentlege og private - må prioritere. Men det blir tydelegare og tydelegare: dagenspolitiressursar strekk ikkje til. Dette gir slitasje i tillitsforholdet mellomfolket og politiet, og det påfører dei tilsette urimeleg slitasje.

Det er ille med ressurskrise, og endå verre om dagenssituasjon blir det normale. Og den justisminister eller den regjering som skalforklare at slik «må» det vere, har eikrevjande oppgåve og eit tungt ansvar. Det som trengst er pengar og personell,ikkje preik og pral.

Godt budsjett!

Powered by Labrador CMS