KREVJANDE: For mange politifolk er dette ei krevjande og delvis dramatisk tid, skriv Jenny Klinge i Sp.

Krevjande tider for politiet

Så lenge som politireforma er under gjennomføring og kulturen i politiet held fram med å vera at ein i liten grad skal kritisere noko ope, vil regjeringa få halde fram med skjønnmålinga, skriv justispolitisk talskvinne for Senterpartiet, Jenny Klinge.

Publisert

For mange politifolk er dette ei krevjande og delvis dramatisk tid. Politireforma vart vedteken i 2015 av eit sentraliseringsivrig stortingsfleirtal, men no – over to år seinare – er det at det verkeleg skjer.

Politidistrikta har allereie blitt oppdelte, men alle strukturane er ikkje på plass enno, og no skal mange nedleggingar og samanslåingar av lensmannskontor og politistasjonar skje.

Ikkje berre det: Stillingar skal endrast og flyttast og mykje er usikkert, folk må søkje på nytt.

Kva fører dette til? Jo, uansett om det er tilsikta eller ikkje, har det medført at kritiske stemmer frå politiet si side har vore langt færre enn det er grunn til.

Altfor mange polititilsette har klokeleg nok tenkt at dei ikkje må gjera noko som øydelegg for moglegheita til å behalde ein jobb i politiet, eller for moglegheita til å få ei høgare stilling.

Dette er ikkje feigheit, det er på mange måtar klokskap.

Resultatet er likevel at reforma ikkje blir så god som ho kunne ha vorte.

Jenny Klinge sitter i justiskomiteen for Senterpartiet.

Også for oss i Senterpartiet, som ønskte ei anna type reform, er det eit mål at den vedtatte reforma blir utforma etter gode konstruktive og kritiske tilbakemeldingar frå dei som har politihatten på.

Denne moglegheita har ikkje vore der i tilstrekkeleg grad tidlegare i prosessen.

No som prosessen rundt om på lensmannskontora verkeleg er i gang for fullt, og regjeringa samtidig har lagt fram politibudsjettframlegget for 2018, er det ikkje lett å protestere ope.

Dette framlegget frå regjeringa til politibudsjett for neste år er latterleg lågt og småleg, all den tid vi veit korleis politimeistrane slit med å få til ei reell oppbemanning. Dette er attpåtil midt i ei reformtid, og politidistrikta burde få ressursar til å gjennomføre reforma på ein god måte. I staden aukar løyvingane til Politidirektoratet og byråkratiet veks, stikk i strid med lovnadene frå Frp før dei kom i regjering.

Sjølv om politidistrikta slit med bemanninga og fleire går med store underskot på budsjetta, teiknar regjeringa eit heilt anna bilete. I regjeringspartia sine auge er situasjonen heilt strålande rundt om i politidistrikta og på lensmannskontora.

No er eg den første til å støtte det å ha godt humør og ei positiv innstilling. Eg meiner likevel det må vere grenser for kva sjølvbedrag ein kan tillate seg når ein sit i maktposisjon og har det øvste ansvaret for polititenesta i Noreg.

Utan skam framset fleire representantar frå regjeringspartia oppblåste tal for politibemanninga. Realiteten er at den store auken i talet på politifolk i stor grad  har gått til nettopp Politidirektoratet og særorgana.

Dessutan er fleire av dei stillingane regjeringa viser til berre stillingar som er tildelte på papiret, ikkje stillingar som blir fylte av politifolk. Til det er økonomien i fleire av politidistrikta for dårleg. Politimeistrane har fått ei umogleg oppgåve av regjeringa.

Likevel har ikkje regjeringspartia nokon kvalar med å skulde på politimeistrane dersom det kjem fram i lyset at politidistrikta ikkje har gjort dei tilsetjingane dei har fått beskjed om.

Politistudentane som gong på gong fekk servert jobbgaranti frå Frp sit igjen med lite no som regjeringa er valt på nytt: Ikkje er dei lenger lova jobb, og ikkje kjem det løyvingar i statsbudsjettet til å tilsetje dei heller.

Nyleg kunne Høgres justispolitiske talsperson, Peter Frølich, fortelje at kvar kommune i Noreg har fått sin eigen politikontakt. Dette er å ta hardt i når fleire kommunar i praksis må dele på den same politikontakten.

Det er ikkje lett å vite nøyaktig om det er vilje eller evne det skortar på når regjeringspartia ikkje tek innover seg det som skjer i politidistrikta.

Det som er sikkert er at regjeringa kjem til å halde fram med å framstille situasjonen som langt betre enn han er. Så lenge som politireforma er under gjennomføring (og kulturen i politiet held fram med å vera at ein i liten grad skal kritisere noko ope), vil regjeringa få halde fram med skjønnmålinga.

Dei møter heldigvis motbør frå fagforeiningane, som Politiets Fellesforbund og andre, samt frå enkelte frimodige politifolk som bles ut frå tid til anna.

Vi i Senterpartiet aksepterer heller ikkje denne skjønnmålinga. Vi meiner det er på høg tid å få fram at grep må takast og at pengar må løyvast. Til sjuande og sist handlar dette om kva polititeneste folk rundt om i heile landet skal ha.

Innlegget ble først publisert i VG.

Powered by Labrador CMS