I Ottadalen i Innlandet var det 11 politibetjenter og seks patruljebiler, mens det i dag er fem politibetjenter og to patruljebiler.
I Ottadalen i Innlandet var det 11 politibetjenter og seks patruljebiler, mens det i dag er fem politibetjenter og to patruljebiler.

DEBATTINNLEGG

Heilskap og dimensjonering av politiberedskap

Fordi politiets beredskap ikkje er risikobasert, er det sjølvsagt tilfeldig om den eine «patruljen på hjul» er nært nok når nokon i ein sårbar institusjon har akutt behov for hjelp.

Publisert Sist oppdatert

Dette er en meningsytring. Innholdet gir uttrykk for forfatterens holdning.

Politileiar Arne Johannesen nyttar høvet og gjev sine råd til den nye regjeringa. Han har sjølvsagt heilt rett når han nyttar den mykje brukte retoriske formuleringa om at nærpoliti er noko meir enn ein bygning. Det kan likevel ikkje vere nokon som helst tvil om at ein lokal beredskapsstasjon (lensmannskontor) sørgjer for at du har kompetent politi nært deg på den tid av døgnet då dei mest sårbare institusjonane er opne.

Eit politi som faktisk er der du er, når du verkeleg har behov for det – ikkje der som eit «politi på hjul» like gjerne kan vere når du verkeleg treng dei – ein heilt annan stad. Og det veit eg, etter ein del år i politiet, at politifolk oppheld seg aller mest i politibygninga, ikkje i politibilen.

Det er dei fint nøydde til for å ta unna saksbehandling og kontroll- og rapporteringsrutinar. Og mens dei gjer dette, så er dei i beredskap for å handtere akutte situasjonar i samfunnet rundt seg. Desto nærmare dei er åstaden, desto større skilnad kan dei gjere for dei som vert offer for kriminelle handlingar eller ulykker. Det er vel alle einige om, uavhengig av beredskapsyrke og kvar du er i landet.

LES OGSÅ: Pengebruk på å gjenopna nedlagte kontor, vil vera ein gedigen feilprioritering

Mindre politikraft

Og nettopp fordi det er slik som Arne Johannesen seier, at det mange stader har blitt færre tenestemenn i dei nye, større vaktregionane, så ser ein at lovnaden « meir politi på hjul» er ein bløff. Dersom ein nyttar «Politibetjent» og «Patruljebil» som indikatorar i ein indeks kalla «Politikraft», så ser ein straks at politinærvær og patruljering har blitt dramatisk redusert i dei lokalsamfunn som ikkje fekk behalde sin beredskapsstasjon. I min gamle region Ottadalen var det 11 politibetjentar og seks patruljebilar, mens det i dag er fem politibetjentar og to patruljebilar.

For å uttrykke dette med tal: 11 x 6 = 66 mot 5 x 2 = 10, altså 6-7 gonger mindre politikraft i dag enn for nokre år sidan. Og nettopp fordi politiets beredskap ikkje er risikobasert, så er det sjølvsagt tilfeldig om den eine «patruljen på hjul» er nært nok når nokon i ein sårbar institusjon har akutt behov for hjelp.

I utkantar er altså politiberedskapen generell og tilfeldig, og då blir den heller ikkje spesielt god.

Johannesen etterlyser heilskap, men eg kan ikkje sjå at ord som politiberedskap og operativ evne er nemnt med eitt ord. Det er ikkje meir enn 14 dagar sidan to tilsette i NAV vart råka av eit brutalt overfall på jobb. Ein av dei døydde. NAV har truleg dei mest trusselutsette offentleg tilsette i Noreg, og likevel har dei ingen livvakter. Dei blir ikkje ein gong prioritert i politiet sin beredskapsstruktur. Mange av politiet sine beredskapsstasjonar vart lagt ned i kommunar med NAV-kontor.

Tryggleik

Mange NAV-kontor har lenger avstand til nærmaste politipatrulje enn det som var tilfellet i Bergen, der politiet stansa gjerningsmannen etter seks minuttar. To valdsoffer på seks minuttar. Då kan ein berre tenkje seg korleis bildet kan sjå ut dersom ein valdsmann held fram til han blir stoppa etter 10 – 20 – 30 – 40 – 50 minuttar. Og det er nettopp det politiet må gjere i sin utvikling av beredskap, tenkje seg fram til verstefallscenario som skal vere dimensjonerande for politiberedskapen – og politistrukturen - i t.d. tettstader som har eit NAV-kontor.

Ein veit at folk dør fort dersom dei blir skotne eller knivskadde. Redningstida må derfor vere kortare enn forventa overlevingstid. I ei slik analyse trur eg faktisk at ingen NAV-tilsette vil juble for Felles straffesaksinntak, Nettpatrulje, Politikontakt, Operasjonssentralen i ein fjern by eller at politiet har ein «Kanalstrategi». Dei NAV-tilsette veit at ein valdsmann kan skade eller drepe ein kollega kvart andre eller tredje minutt frå hendinga startar. Det einaste som gjer dei tryggare til sinns er å vite heilt sikkert at politiet er i nærleiken, for dei har beredskapsstasjonen sin like om hjørnet.

Det er heldigvis ikkje opp til underordna sjefar å bestemme tryggleiksnivået i ei bedrift. Det er det styret som bestemmer. I den store verksemda Samfunnet er det politikarane som utgjer styret, og eg vonar at dei har eit anna syn på heilskap enn det som kjem til uttrykk i Johannesen sin kronikk.

LES OGSÅ: Først sentraliserte Danmark politiet - så snudde de: - Folk opplevde at det var vanskeligere å komme i kontakt med politiet