Arne Johannessen, GDE-leder i Sogn og Fjordane, Vest politidistrikt.
Arne Johannessen, GDE-leder i Sogn og Fjordane, Vest politidistrikt.

DEBATTINNLEGG

Pengebruk på å gjenopna nedlagte kontor, vil vera ein gedigen feilprioritering

Styrking av nærpolitiet er eit godt signal, men gjenopning av nedlagte lensmannskontor (no politistasjonar) er feil medisin.

Publisert

Dette er en meningsytring. Innholdet gir uttrykk for forfatterens holdning.

Senterpartiet har vore svært klar i heile valkampen på at dei vil jobba for å gjenopna fleire nedlagte lensmannskontor (politistasjonar). Det er eit godt signal at mange parti i valkampen har fokusert på styrking av nærpolitiet.

Det vil uansett regjering og samansetjing av Stortinget, vera for lite ressursar til politiet ut frå behovet. Det syner historia. Difor er det viktig at ein prioriterer økonomien inn mot tiltak som er fagleg forankra og som vil styrka publikum sin oppleving av eit kompetent politi som er tilgjengeleg når det er behov.

Pengebruk på å gjenopna nedlagte kontor, vil vera ein gedigen feilprioritering. Det vil gje mykje betre effekt å styrka den strukturen som no er gjeldande. Det var klare politiske føringar i reformarbeidet på at dei politistasjonane som «overlevde» reforma skulle styrkast. I mange politidistrikt har ein opplevd det motsette, at tenestestadar har fått redusert bemanning, særleg på nivå 4.

Framtidsretta prosjekt

Ein styrking av dei politistasjonane som i dag er ein del av strukturen, vil i praksis føra til at Senterpartiet når sine politiske mål med eit styrka nærpoliti. Når no valkampen er over og dei politiske realitetane når alle, vil eg tru at ein ser at nærpoliti på ingen måte er det same som ein politibygning.

For at me skal få eit styrka nærpoliti, med gode tilbod til alle aldersgrupper til alle tider, må ein tenkja heilskap. Eit velfungerande felles straffesaksinntak (FSI) er med på å styrka nærpolitiet. Nettpatrulje er med på å styrka nærpolitiet sin rolle, og det er viktigare at dette tilbodet vert utvida til 24/7-teneste enn å gjenopna nedlagte kontor. Ein velfungerande operasjonssentral med god kapasitet er med på å styrka nærpolitiet sin kvalitet i arbeidet.

Politiet sitt prosjekt «Kanalstrategi» synleggjer på ein god måte ulike måtar å nå ut til publikum via ulike plattformar. Dette arbeidet vil i framtida styrka nærpolitiet. Skal ein lukkast i dette arbeidet, må ein satsa både på synleg politi og digitalisering. Dette er eit framtidsretta prosjekt som synleggjer at det ikkje er kontorbygningane som avgjer om me vil lukkast med å vidareutvikla dialogen med publikum.

I mitt ansvarsområde Sogn og Fjordane, vart det lagt ned syv lensmannskontor. Eg opplever på ingen måte eit «rop om gjenopning» av desse kontora. Tvert om, så uttrykte ein SP-ordførar under valkampen at for han var det ingen kampsak å få gjenopna det lokale lensmannskontoret. Han fokuserte på at det i praksis fungerer svært godt i dag. Min bekymring er at på grunn av økonomi må me i dag halda mange politistillingar ledige (også sivile stillingar). Dette fører til at dei kontora som skulle verta gode fagmiljø og ein styrka regional ressurs, no vert ståande med fleire ledige stillingar.

To per tusen

Eg er ein sterk tilhengjar av Senterpartiets fokus på det lokale politiet, men kritisk til deler av medisinen. Fokuset må vera å sjå framover og ikkje bakover. Me treng eit politisk fokus på heilskapen i norsk politi. Det aller viktigaste for å styrka nærpolitiet er å styrka økonomien for at me skal kunna tilsetja i alle stillingar. Så må ein auka opptaket på Politihøgskulen for å styrka bemanninga i mange deler av landet. I valkampen sa Kjersti Toppe (SP) at alle politidistrikt bør ha to politi per 1000. Det er svært langt unna dagens situasjon. Vest politidistrikt har cirka 1,5 politi per 1000, og Sogn og Fjordane har cirka 1,05 per 1000.

Ein må slutta å redusera antall sivile stillingar, for eit framtidsretta politi har behov for fleire sivile stillingar med ulik spesialkompetanse. Eg håpar at den nye regjeringsplattforma gjev ein ny justisministar eit tydeleg mandat til å styrka digitaliseringa, men ikkje minst etaten sin eigen evne til å handtera digitale spor. Politisk må ein setta større fokus på det førebyggjande arbeidet. Det skal vera ein hovudstrategi, men framleis er det langt igjen før ein er der. Dette handlar både om kultur, arbeidsmetodikk og bemanning.

I dag har mange av politikontaktane alt for mange andre oppgåver. Håpet er også at regjeringsplattforma gjev ny justisminister klart mandat til å styrka alle deler av politiet, med mål om eit sterkt nærpoliti. Bruk pengar og energi på å utvikla den strukturen som er vedteken i staden for gjenopning av nedlagte kontor.

LES OGSÅ: Hun var Norges første kvinnelige lensmann. Nå trer hun av