Debatt

«Eg har over tid undra meg over kva som skal til før politikarane i Noreg skal forstå alvoret og ta eit løft for politiet.»

Samfunnet er nær ein krisesituasjon når det gjeld politiet i Noreg. Det er på tide å slutta med politisk retorikk og bortforklaringer - samfunnet og dei tilsette i politiet fortener handling.

Arne Johannessen.
Publisert

Dette er en meningsytring. Innholdet gir uttrykk for forfatterens holdning.

Det er svært bra at Regjeringa Støre vil styrka Forsvaret med 600 nye milliardar over ein 12-årsperiode. Målet er å tilsette 4600, og få inn 4600 nye vernepliktige og 13.700 reservistar.

Støre uttaler at Forsvaret må vera tilpassa dagens situasjon og trusselbilde. Det er berre å applaudere ein sånn tilnærming.

Men, så vert det eit stort tankekors at regjering og storting er så gode på å sjå dei store og lange linjer i forsvarspolitikken for å trygga landet mot ein framtidig trussel, og hindra at noko alvorleg skjer, medan dei same politikarane er svært dårlege på å ta ansvaret for den dagsaktuelle trusselsituasjonen mot samfunnet. 

Politiet har ansvaret for folk sin tryggleik i fredstid, samt eit betydeleg ansvar i lag med Forsvaret i ein krigssituasjon. I dag har me ein svært kritisk situasjon i høve til kriminalitetsbildet. Dette er godt dokumentert på mange områder via nasjonale trusselvurderinger fra PST, Kripos, Økokrim og ikke minst oppsummeringa til Politidirektoratet (POD).

Dei har aldri vore tydelegare og betre enn dei er no.

Eg har over tid undra meg over kva som skal til før politikarane i Noreg skal forstå alvoret og ta eit løft for politiet. Min oppleving er at den gamle læresetninga fra justisminister Inger Louise Valle fra politirolleutvalet tidleg på 80-talet framleis står sterkt. 

Ho sa at politiet ikke måtte vera for sterkt. Eit demokrati må ikke ha eit for sterkt politi, var gjennomgangstonen.

Ho sa at politiet ikke måtte vera for sterkt. Eit demokrati må ikke ha eit for sterkt politi, var gjennomgangstonen.

No er utfordringa at kriminalitet truar demokratiet. Lovlege og demokratiske stukturar vert infiltrert av kriminelle, økonomisk kriminaltet og svindel truar lovleg næringsverksemd i fleire bransjar, og vald/trugsmål hindrar det offentlege ordskifte og deltaking i politisk arbeid.

 Dei siste 8-10 månadane har langt flere enn normalt sagt ifrå om situasjonen, både fra fagforeiningar, politileiarar på ulike nivå og ulike fagmiljø. Det har vore brukt kraftige ord og dømer på kva som vert nedprioritert. 

POD har laga fleire svært tydlige og fagleg gode innspel til politisk leiing. Då er det grunn til bekymring at dette ikke vert fulgt opp politisk, men tvert om fører ein politikk med detaljstyreng på områder som svekker den totale kriminalitetsbekjempelsen. 

Men sant må seiast, justisministaren/regjeringa har verkeleg koma med mykje nye pengar til politiet siste året. Utfordringa er at det er langt fra nok i høve til behovet. 

Det er skammelig å høyra og lesa politisk leiing i justisdepartementet sin retorikk for kvifor dei ikke kan tilsette alle dei nyutdanna politifolka som står utan jobb.

Det er skammelig å høyra og lesa politisk leiing i justisdepartementet sin retorikk for kvifor dei ikke kan tilsette alle dei nyutdanna politifolka som står utan jobb. 

Merkeleg at ikke satsinga på Forsvaret vil velta Norsk økonomi og skapa inflasjon, medan ein liten vekst for å sikra tryggleiken til folk flest vil «velta landet sin økonomi». 

Men no har me høyrt ei stund at politisk leieng «jobbar hardt kvar dag for å finna løysingar». Så då reknar eg med at dei nesten 500 nyutdanna + alle dei som vert ferdig utdanna i juni kan pusta letta ut og vera trygge på jobb.

Min store bekymring er at me no ser konturene av ein situasjon som me stod i midt på 2000-talet, og som enda med historias største politikonflikt fra september 2008- juli 2009.

Nedbemanning og lite økonommisk handlingsrom fører til eit svært stort press på tilsatte.

Nedbemanning og lite økonommisk handlingsrom fører til eit svært stort press på tilsatte. Alle må strekka seg lenger og etaten har historias høgste sjukefråvær. 

Etaten har alt for få politistillinger i dag, det er nok å syna til at politiet har behov for omfattande unntak fra vernereglene i arbeidsmiljølova. 

Da dette vart avtalt med ein kompensasjon i 2009 (8 og 11 t og samla arbeidstid), var det ein klar meining fra partane at dette skulle vera ein mellombels ordning inntil etaten fekk god nok bemanning. 

Dette var også litt av bakgrunnen for at Stortinget vedtok ein bemanningsplan for å nå to politi per 1000 innbyggarar. Dersom ein hadde lagt dei same analyser og argument til grunn som Stortinget gjorde, og som me i det partsamansette arbeidet fulgte opp, hadde me heilt sikkert i dag enda med eit bemanningstal på mellom 2,5- 3 politi per 1000.

Politiet er i den unike situasjonen i høve til mange andre viktige offentlege etater som Forsvaret, helse, barnevern, skule og barnehage - at ein har arbeidskraft. Ferdig utdanna og toppmotiverte ungdomar som vil inn i jobb for å skapa eit tryggare samfunn. 

Andre etater er i ein fortvila situasjon for dei manglar folka.

Politiet er langt unna å vera rusta til dagens kriminalitetsbilde. Framleis er digitaliseringa direkte flaut å oppleva i høve til andre offentlege og private etater. Me ligge mange tiår bak. 

Samstundes eskalerar utviklinga raskare og raskare, og politiet vert lenger og lenger bak. Det er nok å syna til kunstig intelligens, og då tenkjer eg naturlegvis på kva stor nytte politiet kan ha av dette, men ikke minst på kva ny type kriminalitet som vil møta samfunnet (dette er også ein utfordring i dag, men vil auka på framover).

«IT-satsinga» i politiet handlar om å hindra dei mest alvorlegge hendingane som resultat av gamle system.

Politiet står på perrongen og ventar medan utviklinga går fra oss. «IT-satsinga» i politiet handlar om å hindra dei mest alvorlegge hendingane som resultat av gamle system. Dette er eit stort samfunnsproblem og eit stort arbeidsmiljøproblem. 

Igjen så er eg tilbake til det store spørsmålet; kva skal til før politikarane forstår alvoret og at det er politiet som har ansvaret for tryggleiken i samfunnet i fredstid? Krigen i Europa (Verda) har eskalert arbeidsmengda for politiet enormt, demonstrasjoner og konfrontasjoner utfordrar ressursbruken til politiet, kvalitetskrava sidan politireforma har betydd eit stort ressursuttak. 

Summen av dette (eg kunne ha laga lista mykje lenger) er at samfunnet er nær ein krisesituasjon når det gjeld politiet i Noreg.

Alle politikarar er klar på at me må unngå svenske tilstandar i Noreg, men ingen av dei har teke innover seg kva det betyr av ressursar, bemanning, utstyr, etterretningssamarbeid og lovendringer. 

Mykje tyder på at me allereie er langt inn i svenske tilstandar med organiserte, kriminelle nettverk som får operere utan innblanding fra politiet. Dette kan ein lesa seg til i Kripos sine trusselvurderinger.

Dersom Noreg skal ta lærdom av tidlegare hendingar og kva som skjer i land tett på oss,  det tilføras mykje pengar (mange milliardar - men berre litt i høve til dei 600 milliardane til Forsvaret). 

Det må eit krafttak til på teknologi (fleire milliardar), bilar og anna utstyr - og ikkje minst pengar som sikrar dei cirka 900 som er ledige fra sommaren 2024 fast jobb.

Det er på tide å slutta med politisk retorikk og bortforklaringer - samfunnet og dei tilsette i politiet fortener handling.

Powered by Labrador CMS