Politiet og skrytet fra regjeringa

Over 120 lensmannskontor er borte og regjeringa bagatelliserer dette med at «nærheit» ikkje handlar om fysisk avstand.

Publisert Sist oppdatert

Sluttar pedofile å begå fysiske overgrep sjølv om internettet er oppfunne? Og har vi eigentleg fått betre beredskap etter politireforma? Det er verdt å stille desse spørsmåla etter at regjeringa la fram stortingsmeldinga om politiet den 23. juni.

Statsminister Erna Solberg og justisminister Monica Mæland skrytte veldig av utviklinga i norsk politi og la fram kva dei vil gjera framover, men det er grunn til å lure på om regjeringa eigentleg har forstått konsekvensane av å gjennomføre ei så stor sentralisering av norsk politi som dei forårsaka med den såkalla nærpolitireforma.

Over 120 lensmannskontor er borte og dei bagatelliserer dette med at «nærheit» ikkje handlar om fysisk avstand. Dei er stolte av at dei har forstått at kriminalitetsbiletet har endra seg og at politiet må jobbe annleis enn før. Fint det, men dei ser ut for å ha gløymt at pedofile overgriparar ikkje sluttar å begå fysiske overgrep mot ungar her til lands sjølv om mange har oppdaga den perverse delen av internettet. Politi eg har tala med er alvorleg bekymra for at vridinga i fokus vekk frå fysiske overgrep og anna «konkret» kriminalitet skal føre til at fleire blir offer for slikt sjølv om statistikken ser fin ut.

Regjeringa skryt vidare av at beredskapen er betra etter 22. juli-terroren, og hevdar det var nødvendig å leggje ned over 120 lensmannskontor for å oppnå dette. Men eg har spurt både Mæland og tidlegare justisministrar om det eigentleg har kome fleire politipatruljar på vegane. Svaret er kvar gong at det veit dei faktisk ikkje, det finst ikkje tal på dette. Dei veit altså ikkje om det er meir politi på hjul, sjølv om dette var eitt av hovudmåla i politireforma.

LES OGSÅ: Politimeldingen: Vil utvide lagringstiden for IP-adresser

Dei veit altså ikkje om det er meir politi på hjul, sjølv om dette var eitt av hovudmåla i politireforma.

Opningstidene på lensmannskontora skulle bli så mykje betre, men før reforma, i 2013, hadde heile 266 av 354 lensmannskontor og politistasjonar ope kvar dag. Av dei 220 kontora som står igjen etter politireforma, er det 114 kontor som har ope dagleg. Resten har ope fire dagar eller færre, av desse har 87 ope berre ein til tre dagar i veka.

Eg meiner det er greitt at politiet prioriterer anna arbeid framfor å ha ope kvar dag, men regjeringa sjølv ville altså gjennomføre ei reform for å få betre opningstider. Dei har ikkje lukkast på dette feltet heller.

Eit positivt signal kom frå regjeringa om at dei vil oppretthalde talet på tenestestader (lensmannskontor og politistasjonar) som no, viss det då ikkje er lokal einigheit om å slå saman kontor. Dette er flott, og absolutt på sin plass, men det er eit problem her òg: Regjering har nemleg latt ein del av dei kontora som stod att etter reforma bli tappa for mannskap og ressursar i ein slik grad at dei snart sjølvdauar. Så viss dei verkeleg meiner at talet på tenestestader skal bestå, må dei sørgje for ei reell styrking av alle kontor i forhold til nivået før politireforma.

Førebygginga er kanskje det som har lidd mest etter politireforma, fordi eit nært politi vart fjerna frå over 120 stader. Verdien av at politiet kjenner folk og at folk kjenner politiet er ikkje lett å måle, men det seier seg på mange måtar sjølv at lokalkunnskap og oversikt gir fordelar i politiarbeidet. Dei gjenverande lensmannskontora skal no ikkje berre gi gode tenester og vera til stades for nærområda sine, men også for alle dei stadene der nærpolitiet forsvann. «Tilstedeværelse» sa Erna Solberg i framlegginga av politimeldinga, og meinte noko heilt anna enn at politiet skal vera fysisk til stades. Dette meiner eg er feil. Politiet må kunne vera synleg og lett tilgjengeleg i heile landet, viss ikkje er det ikkje godt nok.

Verdien av at politiet kjenner folk og at folk kjenner politiet er ikkje lett å måle, men det seier seg på mange måtar sjølv at lokalkunnskap og oversikt gir fordelar i politiarbeidet

Det ville vore mogleg å modernisere politiet og stimulere til nye arbeidsmetodar utan å fjerne politiet frå folk. No som reforma er gjennomført, må regjeringa i det minste sørgje for å styrke det politiet som er att i heile landet. Og dei må innsjå at beredskapen faktisk ikkje er betra når dei ikkje kan dokumentere fleire politipatruljar og responstida går opp mange stader i landet.

Eit krav vi i Senterpartiet stiller til regjeringa, er at det nye nasjonale beredskapssenteret som skal opnast på Taraldrud i haust kjem politiet i heile landet til gode. Då må regjeringa sørgje for at alle politidistrikta får midlar til å sende politifolka sine til beredskapssenteret på trening. Dette er viktig for å betre evna politiet har til å handtere dramatiske hendingar og for å betre samspelet mellom dei og dei nasjonale beredskapsressursane. Det er heilt urimeleg om reisekostnader politifolk har frå Finnmark, Nordland eller Møre og Romsdal til Taraldrud skal redusere moglegheita desse politidistrikta har til å sende folk dit.

Eg er redd for at mange ungar og vaksne som blir utsette for fysiske overgrep og vald blir oversette no som det meste skal handle om å takle kriminalitet på nett. Ikkje alle pedofile overgrep hamnar på nett, og ikkje alle pedofile overgriparar nøyer seg med å sitje framfor ein dataskjerm. Eg meiner regjeringa treng ei påminning om at eit skifte i fokus kan gi andre resultat på statistikkane sjølv om dei «gamle» lovbrota framleis finst.

LES OGSÅ: Opposisjonene ut mot politimeldingen: - Ressursene i politiet er skeivt fordelt

Powered by Labrador CMS