- Verdien av lokalkunnskap, om geografi, om folk, samarbeidspartar og dei kriminelle miljø må ikkje undervurderast, skriver artikkelforfatteren.

Sentraliseringsreform i politiet

Vert det betre sivil beredskap i Sogn og Fjordane ved å flytta politiet sin operasjonssentral og alarmsentralen for brann- og redning til Bergen?

Publisert Sist oppdatert

Vert det betre nærpoliti ved å leggja ned 10-15 lensmannskontor i Sogn og Fjordane? Eller vert det betre etterforsking i Sogn og Fjordane ved samanslåing med Hordaland, eller kanskje det er kulturen som skal betrast ved ein fusjon?

Dette er dei grunnleggande spørsmåla ein må stilla seg til den nye politireforma, som vert forsøkt presentert som «nærpolitireforma».

Eg har verkeleg «saumfart» avtalen mellom regjeringspartia og Venstre for å finna gode svar på desse overordna spørsmåla. Men eg må berre innrømma at eg ikkje finn mykje som styrkar meg i trua på at reforma vil styrka politiet på dei viktigaste områda. Sjølvsagt er det mykje interessant og spennande i dette dokumentet, særleg ut frå ein politifagleg ståstad. Men eg tvilar framleis på at distriktspolitiet vert vinnaren. Dei store vert større og dei små vert mindre - eg håpar at eg tek feil.

Verdien av lokalkunnskap

Det har vore mykje debatt om dei små lensmannskontora har ein verdi. Etter min vurdering, er det ein sterk undervurdering av verdien av å ha eit lokalt lensmannskontor i tilnærma kvar kommune. Verdien av lokalkunnskap, om geografi, om folk, samarbeidspartar og dei kriminelle miljø må ikkje undervurderast. Nærleik og kunnskap fører også til lettare tilgang på tips og informasjon. Politiet er i mange samanhengar heilt avhengige av tips og innspel. For å få det må lokalsamfunnet ha tillit til sitt politi. Me veit også at kjennskap til sitt politi fører til betre tilgang på tips.

Ved ein kraftig sentralisering, vil ein over tid mista verdien av at det bur politifolk i dei fleste kommunar. Ved nytilsettingar vil det naturleg føra til at mange vil busetja seg i nærleiken av kontoret.

Faren ved dette ser nok regjeringa, sidan dei vil innføra såkalla «kompenserande tiltak». Dei vil ha eit prosjekt med «bulyst». Det skal visst nok bety positive verkemiddel for å få politifolk til å bu i ein kommune utan eige lensmannskontor.

Dette sikrar me i dag ved den desentraliserte strukturen.

Eg ser også at ein del av «revolusjonen» for «framtida sitt nærpoliti» skal vera at alle kommunar skal få sitt «områdepoliti», dette også for å kompensera ved bortfall av lokalt lensmannskontor. For det «lokale områdepolitiet» har me i dag. Nesten kvar kommune har opptil fleire «områdepoliti».

Det er merkeleg å lesa at ein først skal bryta opp velkjente og velfungerande strukturar, så skal ein etterpå kompensera negative effektar med «ulike smarte tiltak». Dette verkar ikkje særleg truverdig.

Styrk det vi har

Ein burde heller satsa på å styrka nærpolitiet ved å styrka dei strukturane me har. Det er heilt sikkert rom for små justeringar på struktur, men ein må i hovudsak styrka lensmannskontora. Dei har i fleire år vorte nedprioritert i høve til ressursveksten som sterke sentrale fagmiljø har fått. Det viktigaste for folk sin tryggleik i kvardagen, er eit velfungerande nærpoliti (les: lensmannskontor) som både har god responskvalitet når ting skjer og har eit godt førebyggjande arbeid i lokalsamfunnet og ikkje minst velfungerande etterforsking.

Ein må sjølvsagt byggja vidare på at ein har velfungerande fagmiljø som støttar lensmannskontora ved behov og i krevjande saker. Politiet treng meir utvikling av spisskompetanse og fagmiljø på mange områder, og det kan ein ikkje ha overalt.

Politidistrikt strukturen har fått mykje merksemd, også frå politianalyseutvalet. Ein av dei sterkaste føringane frå politianalyseutvalet var å skapa mest mogleg like politidistrikt. Difor enda dei på seks politiregionar.

Dei hadde knapt ein vurdering av Fylkesmodellen, analysen nytta kun 8-10 linjer på den, og konkluderte med at den ikkje ville verta «robust» nok.

22. juli-kommisjonen var svært oppteken av å styrka den sivile beredskapen og samhandlinga mellom dei ulike aktørane som politi, brann/redning, Fylkesmannen, Sivilforsvaret, Heimevernet, helse og frivillige aktørar. Mange av desse aktørane har per i dag ein tilnærma fylkesorganisering.

Dersom ein organiserar politiet etter fylkesmodellen vil ein redusera talet på politidistrikt med ni frå i dag. Ein vil med små organisatoriske grep få lik organisering med andre viktige samarbeidsaktørar.

Det som er lagt fram frå regjeringa og Venstre, styrkar argumenta for fylkesmodellen i høve til det opprinnelege med seks regionar. No endar ein med organisering som skapar større skilnad mellom politidistrikta enn me har i dag. (ein går i motsatt retning i høve til intensjonane) Eit av dei minste politidistrikta , Øst-Finnmark, står framleis igjen åleina, men burde blitt slått saman til eit distrikt for heile Finnmark.

Me vil få fleire fylkespolitidistrikt, som Nordland, Møre og Romsdal og Rogaland (for ein bør legga Sunnhordaland til Hordaland politidistrikt).

Det har vore ein stor auke på antal tilsette i politiet dei siste 3-4 åra. Dei store har vorte større og dei små har hatt lite vekst, men gjennomgåande leverer dei små distrikta best resultat.

Byråkratiet har hatt gode vekstvilkår dei siste åra. Politidirektoratet har auka bemanninga frå 160 tilsatte i 2011 til 250 i 2014. Politiet sin utlendingseining (PU) har gått frå 434 til 614 stillingar i same perioden.

Kva treng politiet?

Mindre fokus på struktur – meir på leiarrolla, kultur og samhandling. Ein endrar ikkje det som ikkje fungera godt nok i dag med strukturendringar. Trua på at berre det vert stort nok, så er «alle problema løyst», er fullstendig feil. Sjå på tala i tabellen. Dei store har hatt svært stor ressursvekst, men leverar gjennomgåande dårlegare resultat.

Ein treng fokus på kompetanseutvikling innanfor fleire spesialområder. Dei mindre einingane må og få ta del i spesialiseringa.

Ein treng avbyråkratisering. Flytt fokus frå administrasjon til fystelinjetenesta. Veksten framover må koma i fystelinja ut mot publikum.

Meir rom for lokale løysingar som er tilpassa lokalsamfunna sine utfordringar, no går det mot meir og meir sentral styring.

Det førebyggjande må ut frå festtalar til handling som hovudstrategi for politiet sitt arbeid. Det hastar med å innføra målekriteriar for det førebyggjande arbeidet (det er over 10 år sidan Stortinget sa det skulle innførast, framleis ligg det i ei skuff i Politidirektoratet).

Dei mindre distrikta må styrkast med fleire tilsette, det hastar for å kunna ha tilfredsstillande beredskap, samstundes som etterforskinga må styrkast med fleire spesialfunksjonar/kompetanse.

Politiet må utvikla betre strategiar for samhandling med lokalsamfunna i eit førebyggjande perspektiv. Det er ikkje nok å ha politiråd på papiret.

Ein del oppgåver bør fjernast frå politiet, som naturskjøn og transport av fangar. Det går alt for mykje viktig politikraft bort i transportar til framstillingar av innsette. Det må kriminalomsorga overta fullt og heilt.

Få meir fokus på «folk i strukturane» enn på strukturane. Det er dei gode leiarane og dei kompetente medarbeidarane som utgjer ein skilnad, ikkje strukturane/firkantane.

Teknologiløft må ha høg prioritet. Det hastar.

Auken på politifolk må nå heile landet. No veks skilnaden år for år, men mange av dei små leverar best resultat.

Mitt håp er at Stortinget og regjeringa klarar å fatta vedtak som sikrar eit velfungerande politi for framtida sine utfordringar. Då må me ikkje fjerna oss frå publikum. Ein må ha eit politi som er tilstade i små og store lokalsamfunn, og som taklar dei små kvardagslege hendingane som er viktige for folk og sjølvsagt dei store hendingane.

Ein kan ikkje laga ein politistruktur som kun er tilpassa dei store hendingane. Det er råd å ha to tankar i hovudet på ein gong. Min store frykt er at ein kastar over bord mykje av det som har fungert godt i sin iver etter å endra det som ikkje har fungert.

Håpar at eg tek feil…

Kronikk-grafikk mars.jpg
Powered by Labrador CMS