ANSVAR: Som tillitsvalte og leiarar har vi eit ekstra ansvar. Som kollega har du óg eit ansvar. Vær ein motkultur til holdninga om at det er «slikt som skjer», meiner Marita Flemmen Skogvoll, styremedlem i PF Vest.Vær ein motkultur til: «Han er berre slik. Ikkje bry deg om det». Vær med å skap eit betre ytringsklima. Der har vi alle eit ansvar.Tør! Tør å risikere å bli litt upopulær. Ta ansvar.

Seier vi frå når kollegaer seier ting, eller gjer ting som ikkje er bra?

Marita Flemmen Skogvoll i Politiets Fellesforbund, meiner tillitsvalte, leiarar og kolleager har eit felles ansvar for å skapa eit betre ytringsklima i politiet.

Publisert

Vi har hatt debatt om varsling. Vi har #metoo-kampanja. Dei to har fleire fellesnemnarar. Ein av dei er ytringsklima, og kultur for det å seie i frå.

Ikkje berre på vegne av seg sjølv. Men og på vegne av andre. Seier vi i frå når urett blir begått?

Seier vi frå når kollegaer seier ting, eller gjer ting som ikkje er bra?

Eg kan nemne eksempel som mange vil kjenne seg igjen i;

Om operasjonsleiaren som snakka nedlatande på samband eller telefon, kollegaen som gikk for langt i kontakt med pågrepne, slibrige kommentarar i fylla til ein kvinneleg kollega frå mannleg kollega, leiaren som seier at «Det er slik vi gjer det her» til ein nytilsatt.

Seier vi i frå?

Det eg ofte høyrer er: Eg vil ikkje ta det opp. Eg er redd for konsekvensane for meg sjølv. Eg er berre midlertidig, eg har berre eit vikariat. Eg har ikkje fast jobb. Eg er ny her. Eg vil gjerne passe inn.

Som tillitsvalte og leiarar har vi eit ekstra ansvar. Som kollega har du og eit ansvar. Vær ein god støtte! Vær ein motkultur til holdninga om at det er «slikt som skjer».

Vær ein motkultur til: «Han er berre slik. Ikkje bry deg om det». Vær med å skap eit betre ytringsklima. Der har vi alle eit ansvar.

Tør! Tør å risikere å bli litt upopulær. Ta ansvar.

Powered by Labrador CMS