Med utvikla me no ser konturane av, vil me svekka den totale politiberedskapen både i kvardagen og ved større hendingar, skriv Arne Johannessen, og visar til at Gjørv-kommisjonen sette søkeljos på at det var mange politiutdanna som ikkje var operative og kunne vera ein del av den totale beredskapen.

Politiet er eit profesjonsyrke med eigen profesjonsutdanning!

Leiarar og etterforskarar er ein heilt nødvendig ressurs inn i vakt- og beredskap, og då må ein sjølvsagt ha politiutdanning, skriv Arne Johannessen, leiar for driftseining Sogn og Fjordane.

Publisert

Drøftingane angåande  bruken av politikodar i politiet har teke ein uheldig og overraskande retning, som i verste fall kan utfordra politirolla og profesjonsutdanninga.

Nokon hevdar at dette er profesjonskamp, andre hevdar at det handlar om særaldersgrense og sparing av pengar. Kanskje det er ein kombinasjon av fleire ting.

Arne Johannessen, leiar for driftseining Sogn og Fjordane, og tidlegare leiar for Politiets Fellesforbund.

Tida er inne for å løfta blikket. Me treng meir enn nokon gong eit politi med ulik kompetanse, utdanning og erfaring for å laga dei beste og mest profesjonelle miljøa for å møta dagens krevjande kriminalitet. Då treng ein respekt for dei ulike utdanningar og profesjonar, og alle må ta innover seg at grunnlaget for at me har eit politi er  samfunnsoppdraget som ligg i politirolla og politiprofesjonen. 

Det er svært uheldig og skadeleg for politiprofesjonen når ein utfordrar dette grunnlaget ved å lysa ut openbare politistillingar med sivile stillingskodar

Men det er også naturleg at ein del andre  stillingar vert vurdert nøye i høve til kva kompetanse ein treng. 

Er det tenkeleg at Forsvaret kunne lysa ut ein troppsjefs-stilling som avdelingsleiar og i etterkant tilby militærgrad som løyntnant. Svaret veit me.

Er det tenkeleg at Forsvaret kunne lysa ut ein troppsjefsstilling som ein avdelingsleiar og i etterkant tilby militærgrad som løyntnant. Svaret veit me.  Dette er ein klar parallell til situasjonen som er skapt i politiet. 

LES OGSÅ: Jeg har sittet «stille i båten» lenge, men nå er det nok!

Vil svekke beredskapen

Det vert eit stadig større press på stillingar ut frå den økonomiske situasjonen. I den situasjonen me no er i, vert det viktigare med større fleksibilitet og ikkje mindre.

Eg som GDE-leiar treng folk med kompetanse og utdanning til å fylla fleire rollar,  og veksla mellom ulike rollar. Leiarar og etterforskarar er ein heilt nødvendig ressurs inn i vakt- og beredskap, og då må ein sjølvsagt ha politiutdanning.

Gjørv-kommisjonen sette også søkeljos på at det var  mange politiutdanna som ikkje var operative og kunne vera ein del av den totale beredskapen ved større hendingar.

Med denne utvikla me no ser konturane av, vil me svekka den totale politiberedskapen både i kvardagen og ved større hendingar. 

Som leiar med mål- og resultatansvar vil eg definera kva kompetanse me treng inn i ulike stillingar. Som leiar på eit lensmannskontor er det sjølvsagt at ein må kunna setta politiutdanning som den føretrekte utdanninga i lag med brei erfaring frå etaten. Ein politileiar skal leia det politioperative arbeidet, etterforsking og førebyggjande arbeid.

Profesjonsutdanning og erfaring frå ulike deler av politiet sine ulike arbeidsfelt er sjølvsagt ein viktig del av det å leia politiprofesjonen. Dette er også ein klar parallell til Forsvaret, nokså utenkeleg at ein ville tilsetja ein utan militærutdanning og erfaring som sjef på ein ubåt. 

LES OGSÅ: Krav om politiutdanning og IP-godkjenning: Ble utlyst som sivil stilling

Etterforskning er operativt arbeid

Kva er politioperativt arbeid? For nokon er det tydelegvis kun knytt til IP godkjenning og vakt-beredskap/politipatrulje. For meg er politioperativt knytt til politirolla og profesjonsutdanninga.

For å fylla dei krava som samfunnet forventar av profesjonen som deltek i det politioperative, har ein heilt spesielle opptaksvilkår. Utvelging basert på helse, fysisk form og ikkje minst ein vurdering av å vera eigna til å fylla politirolla.

Kva er politioperativt arbeid? For nokon er det tydelegvis kun knytt til IP-godkjenning, vakt-beredskap og politipatrulje.

Dette er grunnlaget for å kunna gjennomføra profesjonsutdanninga på 3 år. 

Etterforsking er sjølvsagt politioperativt arbeid. Heilskapen i rolla som etterforskar lærar ein i profesjonsutdanninga. Ein etterforskar set ikkje «berre inne» bak ein pc (sjølv om nokon også gjer det).

Med dagens bemanning må me nytta etterforskarane ute i felt på ransaking og pågriping. Dei er også ein ressurs i vakt- og beredskap i mange distrikt. Me treng meir fleksibilitet og ikkje mindre. 

Kreativiteten har gått for langt

Overordna politikk og arbeidsgjevarpolitikk må synleggjera ein grunnleggande respekt for at politiet er ein  profesjon med eigen profesjonsutdanning, samstundes som ein sjølvsagt anerkjenner behovet for og respekten for alle dei andre utdanningar me treng i politiet.

Det siste me treng med dei utfordringane me står overfor er ein tilspissa profesjonskamp, det ansvaret må ein ta både politisk og som overordna arbeidsgjevar.

Arbeidet med særaldergrenser må få gå i dei spora mellom partane som det skal, og så lenge ein har dei politikodane me har, må ein nytta dei. Ein kan sjølvsagt ynskja seg nye stillingskodar både for politi og sivile, for det er det behov for, men då får ein jobba fram det, og i mellomtida må ein respektera at ein har dei ein har.

Kreativitet er i utgangspunktet bra, men i denne saka har kreativiteten gått for langt. 

LES OGSÅ: Man tråkker på yrkesstoltheten til politifolk. Politisjela kveles

Powered by Labrador CMS