Mellomoppgjeret 2007

Unio sitt forhandlingsutval for statssektoren godkjentesamrøystes forhandlingsopplegget natt til 1.mai. Resultatet ligg ein del overfrontfaget i privat sektor.

Publisert Sist oppdatert

Det var viktig for Unio og PF at ein nok ein gongskulle ta igjen delar av mindrelønsutviklinga i offentleg sektor i høve tilprivat.

Lika viktig for Unio/PF var det at ein også denne gongenfekk ein profil som passa oss godt. Me fekk 1 lønssteg til alle på lønsrammer,i tillegg til at det generelle tillegget nok ein gong har kombinasjonenkr/prosent, og ikkje minst at me for første gong i eit mellomoppgjer sidan 2001fekk sett av pengar til lokale forhandlingar. Sidan det store fleirtalet av PFsine medlemmer er på lønsrammer (sivile og politi), får dei fleste detgenerelle tillegget + 1 lønssteg. Det er sjølvsagt mange leiar­medlemmer somvert skuffa når ikkje det er 1 lønssteg også til den gruppa. Når ein sentralthar prioritert den største gruppa, men sett av pengar til lokale forhandlingar,legg det utan tvil nokre føringar og forventningar inn mot dei lokaleforhandlingane. Ulike leiargrupper ventar sjølvsagt at dei vert prioritert idei lokale forhandlingane. No er ikkje den lokale potten stor, men det er somkjent også eit verkemiddel at arbeidsgjevar kan setta av pengar frå budsjettetfor å styrka dei lokale forhandlingane. Det er eit stort behov for ekstratilskot til dei lokale forhandlingane frå arbeidsgjevar.

Samla har mange hatt ei bra lønsutvikling i dennehovedtariffperioden så langt (oppgjeret i 2006 med tre element ogmellomoppgjeret no i 2007). Men det er langt i frå nok til å demma opp forlønsfrustrasjonen som er i politiet. Ein kan sjølvsagt alltid drøfta om ein harrealistiske forventningar i høve til eigen lønsutvikling Eg meinar våremedlemmer har rett til å forventa og krevja at vår arbeidsgjevar verdset jobbeni politiet med betre løns- og arbeidsvilkår enn det dei gjer i dag.

Det har vore svært mange hyggelege tilbakemeldingar på dettemellomoppgjeret, men også mange som gjev uttrykk for frustrasjon og forbannelseover eige lønsnivå. Sånn er det alltid etter eit lønsoppgjer. Men det er mangegrunnar til at det er på tide at politikarane og arbeidsgjevar lokalt ogsentralt ser med alvor på lønsfrustrasjonen. Søkartalet til PHS går framleisned, talet på kvalifiserte søkarar er bekymringsfullt, mange sluttar i etatenog endå fleire snakkar om å søka seg bort. Svært mykje negativ energi går med ikvardagen i høve til lønsvilkåra. Andre enn Unio/ PF må føla eit ansvar for ågjera noko med dette...

«Obiora-saka» frå Trondheim vart konkludert avSpesialeininga for politisaker fredag 4. mai. Dei leverte ein svært grundig oggod gjennomgang av saka. Det står respekt av dette grundige arbeidet, og ikkjeminst at konklusjonen er så klar og god. Saka er tragisk for politiet og deiinvolverte familiane. Og ikkje minst er saka ein stor belastning forSør-Trøndelag politidistrikt og aller mest for dei involverte. På vegne av deiinvolverte og heile politidistriktet er eg svært glad for utfallet avSpesialeininga sin grundige etterforsking. Ein kunne sjølvsagt ha håpa på atogså andre aktørar slo seg til ro med denne grundige og solide konklusjonen, mendet var nok for mykje å forventa. Ulike aktørar og miljø har gått svært langt iå kritisera Spesialeininga sitt arbeid og stempla heile politikorpset, men detmest skuffande er det å oppleva advokat Abdi Raja sine sterke utfall. Han burdevita betre. At han har ein jobb å gjera og interesserå ivareta forstår alle.Men ordbruken og utfalla virker mot sin hensikt i høve til å minskaspenningsnivået mellom politiet og etniske minoritetsmiljø.

Politiet er heilt avhengig av å bygga tillit i ulike miljø,og det vert jobba godt og systematisk med dette. Når ein skal byggja tilliten,er ein avhengig av at begge partar tek sin del av ansvaret. OMOD(Organisasjonen mot offentleg diskriminering) sitt bidrag i denne saka erdirekte øydeleggjande. Ordbruken og utfalla frå OMOD er så alvorlege at deiikkje fortenar ein einaste kommentar. Dei vert lytta til av mange og har derforeit stort ansvar. Då vert det direkte destruktivt og øydeleggjande når deihevdar at etter denne saka er det legitimt for norsk politi å drepa menneskerog at dei er redde norsk politi.

Eg hadde «gleda» av å møta dei til debatt på radio, menmaken til usaklege utfall og grove påstandar har eg aldri møtt før.

Eg har med glede registrert at nok ein gong strekk politieti Sør-Trøndelag med politimeister Per Marum og stasjonssjef Ove Sem ut ei hand og inviterartil dialog og utvida samarbeid med ulike etniske miljø i Trondheim. Eg håpar atOMOD har ein betre og meir konstruktiv tilnerming enn det dei synte i etterkantav Spesialeiniga sin konklusjon.

Me er i ein alvorleg situasjon når det no vert tillystdemonstrasjonar i fleire norske byar i etterkant av denne tragiske saka. Detkviler eit stort ansvar på mange aktørar å ta dette på alvor. Politiet eravhengig av tillit i alle samenhengar i alle miljø. Difor er dette me no serein farleg utvikling.

Powered by Labrador CMS