Lønskampen har starta

Forbundsstyret har i lag med lokallagsleiarane lagt strategien for ein tøff lønskamp.

Publisert Sist oppdatert

Første fase var å få innspell frå medlemmar og tillitsvalte på ulike profileringstiltak, faktainformasjon og verkemiddel. Me fekk mange gode og kreative innspell, som også direkte vert nytta i reklamekampanjen.

I veke 8 og 9 vert det ein stor kampanje i ulike media, reklamefilm på kino og nett, annonser i aviser over heile landet og reklame på radio. Den gode filmen me har utvikla, får me dessverre ikkje nytta på TV-2, for den vert stoppa av forbodet mot politisk reklame. Målet med mediakampanjen er å få fram fakta om politiet sin kvardag ,og ikkje minst den låge løna som våre medlemmer vert «verdsett» med.

Hovedtariffoppgjeret til våren vert svært viktig og spennande. PF er ein av dei organisasjonane som har gått høgaste på bana og flagga dei største økonomiske krava. Me har skrive i vårt kravbrev til Unio at kravet må ligga langt opp 6 talet (prosent), og at dei av våre medlemmer som får mest i år må ha ca kr 50 000,- (inkludert alle 3 elementa - sentralt tillegg, justeringsforhandlingar og lokale forhandlingar). Vårt krav er også å endra gjennomsnittsløna for politiutdanna frå dagens kr 320 000,- til kr 400 000,-.

Skal me koma i mål med forhandlingar og mekling, må det koma eit bidrag som er svært synleg. Det er eit politisk ansvar å ha eit politi som fungerar. Politiske leiarar med Statsministar og Justisministar i spissen, kan ikkje lena seg tilbake og legga heile ansvaret på «partane i arbeidslivet» som ein normalt utrykkjer seg.

Mange yrkesgrupper i offentleg sektor har rettmessige krav på betre løn. Mange har gode argument og støtte hos folk flest. Det har ikkje minst politiet. Langt over 50 prosent av folk flest støttar at politiet må få høgare løn syner ei MMI-måling.

Det er ingen andre yrkesgrupper enn politiet som har plikt til å gå inn i alle farlege situasjonar og nytta makt i fredstid. Mange utset seg svært ofta for stor risiko og lever med betydeleg frykt i arbeidssituasjonar.

Andre yrkesgrupper som har stor risiko i samband med oppdrag i utlandet får eige risikotillegg. Tida er inne for å sjå heilt konkret på utforming av eit risikotillegg for operative polititilsette, som dagleg utset seg for minst lika stor fare som mange andre, men som har risikotillegg.

PF er ein organisasjon som har mange resultat å syna til opp igjennom historia. Mange er vunne fram med god dialog og samhandling med politikarar og våre øverste faglege leiarar.

PF har ein grunnleggande filosofi om at samhandling, alliansebygging og dialog er vår arbeidsform, og som gjev resultat.

PF har også ei historie som syner at me meistrar å vera kamporganisasjon. Mange hugsar framleis at me vant kampen for streikeretten i 1994, sjølv om Regjeringa var sterkt i mot.

PF sat på makta, nytta den og vant fram. Streikeretten vart nytta i 1995, utan at det umiddelbart gav resultat, men det gav resultat i dei neste lønsoppgjera.

PF har tradisjon og kultur for å stå saman og nytta kampmiddel når det er nødvendig.

Våre medlemmer er vant til å kjempa for rettferd og tryggleik på vegne av samfunnet (på vegne av politikarane), det er meir uvant å kjempa for eigne rettar og goder.

Men Jens Stoltenberg og hans venner i Regjeringa skal vera heilt trygge på at om nødvendig kan også tilsette i politiet kjempa mot politikarane, og setta eigne vilkår i fokus.

Bestemmer verkeleg PF seg for å kjempa, og det har ein no gjort, så kjempar ein med dei verkemiddel ein må, og så lenge ein må for å vinna kampen.

Lønskampen har starta - om nokon skulle vera i tvil. Dette er ein kamp for våre medlemmar sine løns- og arbeidsvilkår, men ikkje minst ein kamp for kvaliteten på politiet i framtida.

Powered by Labrador CMS