Lojalitet – kva er det?

«Verden går fremover, da den ikke har noe annet sted å gå», sa fru Flettrid Andresen, Øvre Singsaker, Trondhjæm.

Publisert Sist oppdatert

Om ein med det meiner at alt har vorte betre, så er eg ikkje overtyda om det. Eg ser i Politiforum nummer en i år at takhøgda i etaten ikkje har endra seg merkbart, sjølv om det har kome inn kvinnelege toppleiarar. Innlegget «Seriøst, Anne Rygh Pedersen!»,der forfattaren ikkje tør å bruke namnet sitt – antakeleg av frykt for «represaliar» – er eit godt døme på det.

Opp gjennom åra er det mange som har fått karrieren øydelagt av å hevda si meining avvikande frå den «rette». Det finns mange døme på leiarar som seier at det er stor takhøgde og han/ho oppmodar medarbeidarane til å seie meininga si, sjølv om det i røynda ikkje er slik. Eit slikt døme hugsar eg frå sjefens time under korpssamling og operativ trening fleire år attende. PM hadde sin time, og han innbydde til å vera opne og kome med synspunkt.

For å sikre seg «backup» brukte han å ha overbetjenten (den gongen det var ein POB) og avdelingssjefen sitjande på kvar side framfor talarstolen. For å sikre seg støtte på utsegna sine, vende han seg stadig mot dei to, og sa «Ikkje sant, M. Ikkje sant, S». (Dei nikka sjølvsagt).

Trass dette var det ein «modig» lensmannsbetjent som kom med eit spørsmål PMen tydeleg ikkje likte. Etter å ha fått eit svar han slett ikkje var nøgd med, fylgde han opp med eitt til. Då var det brått slutt på «toveiskommunikasjonen», etter at PM ga klar melding til betjenten om at no hadde han sagt nok. Det var stilt i forsamlinga resten av timen. Sjølv om det kanskje ikkje er så vanleg med slik oppførsel, kan det gjerast på andre måtar.

I eit TV-intervju med den tidlegare politidirektøren, vart ho minna på eit utsegn frå ein tillitsvalt lensmannsbetjent som varsla om mangel på mannskap slik at dei kunne ha ei forsvarleg teneste. Ho svara: «Jeg forholder meg til politimestrene, jeg». Vel, ho fekk forlenga åremålet sitt.

Det er menneskeleg å vere tilfreds med å ha folk rundt seg som stadfestar kor framifrå og flink ein er. Toppleiarar er òg menneskje, og her går mange i same fella. Den som vil ha framgang i organisasjonen sin, freistar å lyda på dei som kjemframmed motstridande meiningar. Det er mange nok som er «storkjefta» når dei sit «piketten», men ikkje tør gjenta det i møter med sjefane.

Attende til overskrifta: Kva er det å vere lojal? Kven skal vi vere lojale mot? Ein kan vise til Politiloven, interne og eksterne instruksar, så finn ein svaret. Den som held seg til det, har «sitt på det tørre», og kan ikkje klandras.

Om vi ser attom alt dette, så er det til sjuande og sist folket vi er satt til å tene, og ikkje politimeisteren, direktøren eller justisministeren. Ein tenestemann eller kvinne som ser at «no er dei på feil spor», har to valg: Enten teier han/ho og fylgjer lojalt opp, eller fylgjer sitt samvit, og seier frå.

Det fyrste alternativet er oftast mest karrierefremmande, men «når dagen er omme» kan det vere godt å sette seg attende i godstolen og seie til seg sjølv: «Eg gjorde så godt eg kunne for å tene folket som betalte løna mi».

Powered by Labrador CMS