Johannessen om Killengreen

Politidirektør Ingelin Killengreen hadde sin siste arbeidsdag i politiet torsdag 31. mars. Då avslutta ho ei svært innhaldsrik og lang karriere som leiar i politiet.

Ho starta som ung sakshandsamar i Justisdepartementet. I 1988 vart ho ekspedisjonssjef i politiavdelinga og i 1993 departementsråd i same departement. Ho var fem år politimeister i Oslo før ho i 2000 vart utnemnt til Politidirektør.

Killengreen har vore ein dyktig og markant toppleiar. Ho er svært fagleg dyktig, tydeleg i sine forventningar i interne møter med politikarane, har ein sterk lojalitet til systemet, sterk vilje, tydeleg kroppsspråk og sterkt temperament.

Eg har samarbeidd med Killengreen i mange år, faktisk sidan 1990. Ho har imponert meg i mange saker, men også irritert og provosert. Det er få (ingen) kvinner eg har «krangla» meir med. Kunne blikk drepa, hadde eg vore død i 1993 under «køyrestoppen» til Lensmannsetatens Landslag.

Killengreen som leiar har alltid hatt respekt for rolla til fagforeininga. Ho er profesjonell og kan skilla mellom person og sak. Me har aldri, heller ikkje under politikonflikten, hatt eit dårleg personleg tilhøve. Tøffe tak, tøffe diskusjonar – ja.

PF og eg som leiar har sjølvsagt vore ueining med Politidirektøren i ein del saker, og vore kritiske til både manglande tydelegheit i media angåande ressursar og bemanning og for mykje detaljstyring på løns- og personalpolitikk.

Killengreen er ein tøff, krevjande og tydeleg leiar, men også eit varmt og flott menneske bak uniforma. Særleg imponerte ho meg under oppbygginga av Politidirektoratet frå 2001 samstundes som ho hadde ansvaret for å gjennomføra historias største reform i politiet.

Eg vil TAKKA Ingelin Killengreen for den store og imponerande jobben ho har lagt ned for politiet.

Til toppen