Arne Johannessen, politiinspektør og GDE-leder i Sogn og Fjordane.

KRONIKK

Generalistrolla er ikkje framtidsretta

Det er behov for endring i rekruttering og utdanning på Politihøgskulen (PHS).

Publisert

Dette er en meningsytring. Innholdet gir uttrykk for forfatterens holdning.

Som mangeårig sterk forsvarar av generalistrolla som hovudmodell for norsk politi, smertar det å skriva at den modellen bør vera på veg ut. Generalistrolla og kombitenesta har store fordelar i høve til heilskapstenking og breiddekompetanse. Sjølv leiar eg ein GDE (geografisk driftseining) som har kombinert teneste (jobbar vaktturnus og etterforsking), der stort sett alle er generalistar, og eg ser alle fordelar og ulemper ved denne organiseringa.

Politireforma hadde som eit hovudmål å tilpassa politiet til nye utfordringar med fokus på kvalitet innan alle fagområde. Dette har me kome langt med, og ein ser at det vert vanskelegare og vanskelegare å vera lika god på det politioperative, førebyggjande arbeid med kvalitet, og ikkje minst etterforsking. Går du i kombiteneste er det naturlegvis ein forventning til at du er lika god på alle områder (eller «god nok», som ein seier).

Ut frå eit personalpolitisk perspektiv er dette krevjande. Alle vil vera gode og levera kvalitet, men det er nesten umogleg å levera lika godt på alle dei svært krevjande rollane som ein politigeneralist skal levera på. I høve til rekruttering er dette også ein utfordring.

Krava til politistudentar

Etterforskingsløftet har vore eit viktig fokus for å løfta statusen og kvaliteten på etterforsking. Det har vore teke særskilde løft, også på lønssida, men framleis ser ein store utfordringar med å rekruttera og bygga kompetanse over tid innan etterforsking. Mange etterforskingsavsnitt og -seksjonar opplever stor gjennomtrekk, der mange av dei unge søkjer seg til patruljeteneste så raskt dei får moglegheita. Me ser at nesten uansett kva grep ein tek, så tapar både førebygging og etterforsking i høve til politipatrulje. Mange byrjar i politiet med eit ynskje om å vera politioperative og delta på den «actionprega delen» av politiet sitt arbeid. Min erfaring er at eit mindretal byrjar i politiet for å verta gode etterforskarar eller spesialisera seg på førebyggjande arbeid. Kan dette ha med rekrutteringa å gjera? Kan det også ha med krava ein stiller for å verta politistudent?

Når me utvikla politiutdanninga og gjekk frå Politiskule til Politihøgskule i 1992, var eg så heldig å vera med i heile prosessen som medlem i styringsgruppa frå 1990 og fram til opninga av ny utdanning i august 1992. Avveginga mellom generalistrolla kontra meir fokus på spesialisering, var allereie den gong eit tema.

Min erfaring er at me går glipp av mange gode ressurspersonar som kunne vorte svært gode etterforskarar med andre opptaksreglar og anna rekrutteringsprosess. Etaten har meir og meir fokus på mangfald og integrering. Dette fokuset vert ikkje godt nok synleggjort i rekruttering og utdanning til politiyrket. Ein kan verta ein god etterforskar sjølv som ein set i rullestol, har nedsett syn eller ikkje klarar å dykka ned til 2,5 meter eller klarar 60 kilo i benkpress x 4 . Ved å utelukka store grupper frå politiutdanninga, kan me gå glipp av viktig kompetanse og ressurspersonar.

Eit todelt løp

Min refleksjon har gått meir og meir i retning av at me bør utvikla eit todelt løp i rekruttering og utdanning av politiet: Eit løp der du kan søkja deg inn på heilt andre vilkår enn i dag for å verta teken opp på etterforskarutdanninga til Politihøgskulen, som også naturlegvis må vera ein treårig bachelor. Då kan me rekruttera talenta og dei som verkeleg vil verta etterforskarar. Ein kan nytta tida under dei tre åra til å byggja kompetanse innanfor alle dei områda ein må kunna beherska i dag og i framtida, ikkje minst innan digitale spor.

Ein kan i løpet av tre år både få ein god basis i rolleforståinga av politiyrket og brei utdanning innan etterforsking, men ein bør også kunna spesialisera seg i ei retning. Ved å byggja eit system der me rekruttera til etterforsking frå starten av, vil ein styrka identiteten til etterforskarfaget og statusen til faget. Men den største gevinsten vil vera kontinuitet innan etterforsking, og at me slepp at etterforskarar søkjer seg til patrulje ved første moglegheit – for dei vil ikkje vera kvalifisert til den delen av politiarbeidet, dei har ikkje vorte rekruttert ut frå dei krava ein må stilla for å verta politioperativ, og dei har heller ikkje den utdanninga.

Med eit todelt utdanningssystem kan ein også stilla endå strengare krav enn i dag for å koma inn på PHS sin politioperative utdanning som rekrutterer til vaktberedskap og patrulje. Kanskje ein også bør vurdera å ta inn igjen høgdekravet. Det førebyggjande arbeidet må ha sterk fokus i begge utdanningsløpa.

Ved ein todeling av utdanningsløpet kan ein styrka og spesialisera den treårige utdanninga både innan etterforsking og innan det politioperative. Etterforskingsutdanninga vil få mange timar til spesialisering når ein kuttar det meste av dei politioperative faga og leiropphald. På same måten kan ein styrka utdanninga innan oppdragsløysing, kommunikasjon og polititakktikk når ein reduserer med mange timar innan etterforsking for utdanningsløpet for politioperative.

Eg legg til grunn at ein framleis må kunna nok etterforsking til å driva eit godt PPS-arbeid, den første innleiande etterforskinga som del av politiarbeid på staden.

Vil ha utfordringar

Denne debatten var me ikkje klar for å ta på 90- talet, men no bør fleire sjå behovet med den enorme utviklinga i høve til behovet for spesialkompetanse og spesialisering innan alle områder.

Eg erkjenner med ein gong at dette vil ha nokre utfordringar i seg, særleg i høve til heilskapstenking, fleksibilitet og mobilisering av mykje operative ressursar ved behov. Difor vil også den modellen eg har som framlegg vera kostnadsdrivande. Det vil også vera utfordrande for dei mindre tenestestadane, men min vurdering er at sjølv med mange motførestillingar som du som lesar har, og som eg sjølv har, vil dette vera ein framtidsretta modell som tek utfordringane på alvor.

Politiet må heile tida utvikla og endra seg i takt med samfunnsutviklinga. Arbeidet med den nye verksemdstrategien peikar i rett retning, men eg trur det vert krevjande å nå dei måla ein skisserer om ein ikkje gjer nokre gjennomgripande endringar i høve til rekruttering og utdanning.

Forventninga om at alle skal kunna alt passa godt inn i tidlegare organisering og eit anna utfordringsbilde enn det me no står overfor. Forventningane til politiet aukar stadig, og skal me leva opp til forventningane, må ein ta ein del radikale grep.

LES OGSÅ: Vern generalistutdanningen på PHS

Powered by Labrador CMS