Debatt

«Forhåpentligvis blir eg ikkje den siste lokalkjente poltibetjenten»

Det er beredskap, tryggleik og førebygging ein må ha i tankane når ein diskuterer polititeneste i mindre lokalsamfunn. Og ein polititilsett som bur og tar del i lokalsamfunnet, skapar tryggleik.

Innleggsforfatteren, politibetjent Vebjørn Haugsdal, under en arbeidsreise tidligere i år.
Publisert Sist oppdatert

Dette er en meningsytring. Innholdet gir uttrykk for forfatterens holdning.

Dei siste vekene har me lese fleire artiklar om feilslått politikk og mindre politikontor som knapt ser politifolk eller publikum i løpet av ei veka. 

Eg hadde sett at det vart satsa litt meir på dei distriktskontora som stod igjen etter politireforma, i staden for å oppretta nye kontor. 

Det er fleire kontor i dag som har ein til to tilsette og ville kunne fått eit kraftig løft med nokre ekstra stillingar. Men dette er kanskje ikkje tiltalande nok i politisk samanheng. 

Kling nye kontor betre politisk?

På den andre sida er eg glad for dei stadane som har fått nyoppretta politikontor. 

Truleg har det gitt ein auka beredskap i periodar, lokalsamfunnet har følt på ein større tryggleik og så har det nok hatt ein førebyggjande effekt. 

Det er beredskap, tryggleik og førebygging ein må ha i tankane når ein diskuterer polititeneste i mindre lokalsamfunn.

For det er beredskap, tryggleik og førebygging ein må ha i tankane når ein diskuterer polititeneste i mindre lokalsamfunn. Eg ser alt for ofte at ein heng seg opp i besøkstal, anmelde forhold og opningstider når ein omtalar desse små kontora. 

Om du spør innbyggjarane, trur eg nok dei fleste ikkje har noko i mot å reise ein time eller to den gongen dei ynskjer å melda noko til politiet. Men når det er snakk om akutt hjelp, så veit eg at alle treng den raskast mogleg. 

Eg meiner bastant at beredskap må ein ta seg råd til. For den dagen det smell, er du glad for kvar ei krona du har brukt. 

Mange seier at det vert for dyrt å halde ein beredskap der det er lite sannsyn for at det skjer noko. Eg meiner bastant at beredskap må ein ta seg råd til. For den dagen det smell, er du glad for kvar ei krona du har brukt. 

Beredskap er ikkje slik at ein sit å ventar på at noko skal skje. Eg kan med eiga erfaring seia at ein kan halde stor effektivitet innan både straffesak, førebygging og andre viktige politioppgåver samtidig som ein har beredskap og skapar tryggleik. 

Alle har krav på tryggleik uansett kvar ein bur i landet. Når ein sentraliserer dei fleste politistillingane inn til byar og tettstadar, vil det vera færre polititilsette som kan busetta seg ute i distrikta. Reisevegen vert for lang til arbeidsstaden. 

Det er allereie i dag områder der politibetjentar ikkje kan busetja seg i.

Det er allereie i dag områder der politibetjentar ikkje kan busetja seg i. Dette er trist. Fordi det då er områder som manglar lokalkjent politi. 

Ein polititilsett som bur og tar del i lokalsamfunnet, skapar tryggleik. 

Det er ikkje få gongar på mi fritid eg har kunna gjeve råd eller svar til personar i mitt nærområde. Eg kan driva førebygging på ein enkel måte. 

Terskelen for at folk tar kontakt er lågare når det er ein dei kjenner. Eg må også ofte prøva å gje ei forklaring til innbyggarane når politiet brukar to timar på å rykka ut til staden. 

Eg tykkjer det er flaut kvar gong, og eg kvir meg til den dagen det skjer noko svært alvorleg. For den dagen kjem før eller seinare. 

Mitt bodskap til alle lokalpolitikarar er at ein må seia tydeleg i frå om at ein ikkje godtar sentralisering og svekka beredskap i distriktet.

Mitt bodskap til alle lokalpolitikarar er at ein må seia tydeleg i frå om at ein ikkje godtar sentralisering og svekka beredskap i distriktet. De har også eit ansvar for å jobba for tryggleik til dykkar innbyggjarar. 

Vidare er mi oppfordring til den komande regjering: 

  • Styrk politiet med fleire tilsette i heile landet.
  • Sett krav om oppmøtestad for minst fem personar ved dei mindre politikontora.
  • Dette vil skapa fleire politifolk som bur i distrikta, og forhåpentligvis blir eg ikkje den siste lokalkjente poltibetjenten.

Powered by Labrador CMS