FÅR IKKJE JOBB: No står om lag 500 nyutdanna politifolk i fare for å ikkje få jobbe som politi. Det manglar ikkje på oppgåver, skriv artikkelforfattaren. Biletet viser kullet frå Politihøgskolen i Oslo i 2018.

DEBATTINNLEGG

Politispagaten

Hundrevis nyutdanna politifolk får ikkje jobb i politiet. Der er ikkje ledige stillingar. Samstundes er det det drøssevis av saker politiet ikkje maktar å løyse.

Publisert Sist oppdatert

Dette er en meningsytring. Innholdet gir uttrykk for forfatterens holdning.

Det manglar arbeidskraft, det er mangel på kompetanse. Dermed står politietaten i ein spagat. Somme klarer spagaten ei stund, men ikkje særleg lenge.

Politibudsjettet aukar med om lag to milliardar kroner til neste år. Dette er ein nødvendig auke, men det meste går med til å dekke prisveksten. I tillegg er det lagt inn pengar til nokre øyremerka tiltak. Det er bra. Men i sum vil budsjettframlegget forlenge spagaten.

Full sysselsetting er eit politisk mål. For den sittande regjeringa er det eit overordna mål. Men det gjeld altså ikkje for politifolk. Det kan knapt seiast klarare – politiet rekk ikkje opp i prioriteringskampen. Politifolk er slett ikkje åleine om å kome bak i køa. Fleire Unio-grupper opplever det same. Det går fram av budsjettkommentarane våre.

Manglar ikkje på oppgåver

Men her gjeld det dei nyutdanna politifolka. Somme kan sikkert finne seg andre meiningsfulle jobbar, men politistudentane har trass alt utdanna seg for politioppgåver. No står om lag 500 i fare for å ikkje få jobbe som politi. Det manglar ikkje på oppgåver! Kampen mot arbeidslivskriminalitet er eitt av områda der det må trappast opp. I lys av dei sterke behova for å styrke tryggleik og beredskap i vid forstand, skulle ein tru at vi ville få eit budsjett med kraftig forsterka innsats på politietaten. Det skjedde ikkje. Det er ikkje «svenske tilstandar» her til lands – enno.

Det absolutt viktigaste er at det er kompetente politifolk til å dekkje dei mange og krevjande politioppgåvene – over heile landet.

Ragnhild Lied, UNIO

Nyleg blei det kunngjort ein statistikk som viser at politiet oppklarer færre saker enn før. Statistikk frå SSB viser at 280 000 lovbrot blei ferdig etterforska i 2022. Av desse blei 120 500 oppklarte. Oppklaringsprosenten har ikkje vore lågare sidan 90-talet. Det skal leggast til at noko av dette handlar om at færre blir sikta for narkotikalovbrot.

Nedgangen i oppklarte saker kjem på toppen av at vi tidlegare har registrert at terskelen for å melde frå om hendingar og å melde saker har blitt høgare. Altfor mange opplever at saker blir lagde vekk, ofte etter lang behandlingstid. I neste omgang fører dette til at somme meiner at kriminaliteten «går ned». Slik blir det skapt eit bilde av at politiet på eit vis klarer seg med dagens resursar. Det er feil!

Dårleg lønn og auka arbeidspress

Gapet mellom oppgåver og ressursar er ei viktig årsak til at altfor mange politifolk vantrivst, og tenker på å slutte. I ei undersøking Politiforum har gjort blant 3000 tilsette, svarer seks av ti at dei har vurdert å slutte i jobben. Dårleg lønn og auka arbeidspress er hovudårsakene. Meir enn 70 prosent oppgir at dei opplever auka arbeidspress. I somme politidistrikt er tala ekstra urovekkjande. Det er også i politidistrikta samla at det har blitt færre årsverk, ein reduksjon på 255 sidan sommaren 2021. Berre fire av dei tolv politidistrikta har nådd målet om to politifolk per 1000 innbyggarar. PST og Politiets utlendingsenhet (PU) har derimot blitt styrkt med nærare 200 årsverk i same periode.

Eg skal ikkje her gå inn i debatten om gjenoppretting av nedlagde politikontor. Eg skal avgrense meg til at somme av dei synest fornuftige. Men det absolutt viktigaste er at det er kompetente politifolk til å dekkje dei mange og krevjande politioppgåvene – over heile landet. Det er menneska som gjer jobben.

Ingen er tent med at politifolk gjer alvor av å slutte. Det er spagatpolitikken det må bli slutt på.

Powered by Labrador CMS