Biletet er eit illustrasjonsfoto. Det var ikkje denne bilen Håkon Skulstad køyrde i 1990.
Biletet er eit illustrasjonsfoto. Det var ikkje denne bilen Håkon Skulstad køyrde i 1990.

Politiets Verden

To blålys blinka i det fjerne

Då assisterande politidirektør Håkon Skulstad var på patrulje i Oslo i 1990, gjekk ikkje alt som planlagd...

Publisert

Vaktene i Groruddalen på Økern politistasjon og Stovner politistasjon, kunne vera ganske innhaldsrike. Kontrasten frå livet på bygda som lensmannsbetjent var stor. Der brukte du framleis din private bil til å kjøre patrulje og transportere fyll og fanteri.

På lensmannskontoret kjente du både folket, bilane og vegane. Du hadde oversikt over det meste, nesten litt i overkant. Du visste når nokon fekk seg ny bil, og stort sett også når dei fekk seg ny partner.

Denne vakta i storbyen rundt 1990 var som ei vanleg vakt der du hasta frå det eine oppdraget til det neste. Det var mørkt og det kunne vera litt utfordrande når det gjekk fort unna. Frå 4-felts vegar, inn på småvegar, over fartsdumper, over fortauskantar og på kryss og tvers på gangvegar når det var behov for det.

Det var godt me kjørde solide Volvo-ar som tolde ein trøkk. Dei uniformerte bilane våre hadde to runde blålys festa i ei bøyle på taket. Store og fine, og dei såg akkurat ut som to blåbærsaftblandarar som Øystein Sunde syng om i «Gåsemor».

Etter ein viss tilvennings- og bli-kjent periode i Groruddalen var eg sjåfør på bilen denne vakta. Det var hektisk, me kjørde «blått» frå det eine oppdraget til det neste. No kom det inn ei melding om pågåande bilinnbrot på ein parkeringsplass. I området var det problem både med bilinnbrot og bilbrukstjuveri. Me hadde god posisjon så eg drog godt på og me kom inn på den store parkeringsplassen med mange rader med bilar.

Først prøvde me å få oversikt over plassen før eg starta å kjøre mellom radene. Strategien i dag var å vera synleg med blålysa på for å sjå om nokon ville springe bort. Etter å ha kjørt litt langsmed radene ville eg kjøre på tvers i «luker» der det ikkje var parkert bilar. På slike oppdrag er det kontrollert hektisk der det handlar om å sjå etter bevegelsar. Blikka våre flytta seg raskt frå side til side, framover og bakover.

Idet eg kjørde mellom to bilar kom det ein lyd frå taket av bilen og i bakspegelen såg eg ein bevegelse og to blåe blink i det fjerne. Men – me var åleine på dette oppdraget, ingen andre bilar skulle vera bakom oss? Brått oppdaga eg at det var spent ein kjetting i takhøgde langs radene for å vise nummeret på p-plassane. Blinka bak bilen var blålysa våre på si siste reise.

«Pinleg, håper ingen såg oss!», tenkte eg.
Ganske umiddelbart spraka det i politiradioen:
«Økern 30 det er 01».
Økern 30 var kallesignalet vårt.
«30 svarer».
«01 her – mista du nettopp noe?»

Slukøyra og litt flau plukka me opp restane av blålysa og kjørde halvveis avuniformert inn til stasjonen for å skifte bil. 

Kva er vel meir naturleg enn å sende stafettpinnen vidare til kollega Knut Smedsrud.