DEBATTINNLEGG

Arne Botten til minne

For oss som var heldige å få jobba i lag med Arne og læra han å kjenna, vil han verta hugsa for sin seriøsitet i alt sitt arbeid, sin klokskap, sin respektfulle måte å møta andre og ikkje minst hans lune humor og veremåte.

Publisert

Ein heidersmann har gått bort.

Tidlegare forbundsleiar i Lensmannsetatens Landslag (LEL), Arne Botten døde i heimen på Vinstra 29. mars.

Arne vart fødd 5. mai 1940 og vaks opp på eit småbruk på Dovre. Han synte tidleg talent for idrett, både fotball, langrenn og friidrett. Han satsa mest på langrenn, og vart noregsmeistar tre år på rad i stafett som del av Sjårdalstrioen.

Arne gjekk ut frå Politiskulen i 1967. Han tok også leiarutdanning og første avdeling juridikum. Han var ein samfunnsengasjert person, og fekk sine år i lokalpolitikken. Han var varaordførar i Nord-Fron i perioden 1988-1991.

På landsmøtet i Lensmannsetatens Landslag (LEL) i 1988 vart Arne valt til forbundsleiar. Han kom inn i denne viktige posisjonen som heilt ukjent for mange. Valet var eit resultat av ein krevjande periode med intern uro og personstridar. Arne kom inn frå sidelinja som ein «redningsmann». Hans oppgåve var å «rydda opp» og skapa «ro og harmoni» internt i organisasjonen.

Arne klarte det kunststykket å byggja seg ein posisjon og få tillit frå alle deler av organisasjonen på kort tid. Hans manglande organisasjonserfaring og kunnskap om LEL, vart kompensert med politisk forståing, kunnskap om Lensmannsetaten, ryddigheit, kløkt, integritet og ein fin og lun veremåte. Arne fekk også raskt tillit og respekt hos LEL sine samarbeidspartar, som Norsk Politiforbund og Justisdepartementet, samt stortingsrepresentantar.

Arne slutta som forbundsleiar etter kun to år, og overlèt klubba til Arne Johannessen. Sjølv om det kun vart to år som forbundsleiar, sette han spor etter seg, og han gjorde den ryddejobben som han var tiltenkt.

For oss som var heldige å få jobba i lag med Arne og læra han å kjenna, vil han verta hugsa for sin seriøsitet i alt sitt arbeid, sin klokskap, sin respektfulle måte å møta andre og ikkje minst hans lune humor og veremåte. Arne var det som kan omtalast som «heil ved».

Etter perioden som forbundsleiar i LEL, vart Arne lensmann i Fron i 1992, ein rolle han hadde til han gjekk av med pensjon i 2002.

Arne etterlet seg kone, ei dotter og tre barnebarn. Me vil takka Arne Botten for sitt sterke engasjement og gode arbeid for Lensmannsetatens Landslag og politi- og lensmannsetaten.

Fred over hans minne.

Powered by Labrador CMS