Debatt
«Høgskulen på Vestlandet vil vera godt vertskap for politiutdanning»
Fylkestinget i Vestland vil ha politiutdanning i Vestland. Høgskulen på Vestlandet vil vera godt vertskap.
Dette er en meningsytring. Innholdet gir uttrykk for forfatterens holdning.
I vedtaket til Vestland fylkesting 16. juni vart det særleg peika på rekruttering og behov for fleire politifolk i Vestland, i ein stor geografi med spreidd busetnad.
Politiet si sentrale rolle i totalberedskapen vert understreka. Vestlandet har kritisk infrastruktur av stor nasjonal betydning.
Vestland fylkesting peikar på politiutdanninga i Alta. Det er etter vår meining eit godt døme på kva som kan realiserast i Vestland.
Om Politihøgskolen og styremaktene ønskjer det, kan Høgskulen på Vestlandet (HVL) ta ei vertskapsrolle tilsvarande det Universitetet i Tromsø Norges arktiske universitet (UiT), har i Alta.
Det er Politihøgskolen som har studietilbodet i Alta, og samlingane er lagt til UiT Norges arktiske universitet i Alta. Studietilbodet byrja i august 2025 og siktar mot å bidra til ei stabil og god rekruttering til politiet i nord.
Stortinget bad i vår regjeringa vidareføre pilotprosjektet for desentralisert politiutdanning i Alta med nye opptak av kull årleg i perioden frem til våren 2028.
HVL vil vera eit godt vertskap om Politihøgskolen og styremaktene ønskjer å leggja politiutdanning til Vestlandet.
HVL vil vera eit godt vertskap om Politihøgskolen og styremaktene ønskjer å leggja politiutdanning til Vestlandet.
Våre campus i Bergen, Førde, Haugesund, på Stord og i Sogndal er kjenneteikna av moderne infrastruktur og sterke utdanningsog forskingsmiljø.
Vårt omfattande geografiske nærvær sikrar også at ein kan målretta utdanning mot område der politiet har særlege rekrutteringsutfordringar.
På Vestlandet er det for ulike utdanningar i HVL eit dokumentert godt samsvar mellom kvar kandidatane vert utdanna og i kva region dei går ut i arbeidslivet.
Alta-modellen kan vera eit «hurtigspor» til å få etablert politiutdanning i Vestland.
Alta-modellen kan vera eit «hurtigspor» til å få etablert politiutdanning i Vestland.
I Totalberedskapsåret 2026 er det stadig peika på kor utsette kraftproduksjonen og industrianlegg på Vestlandet er.
HVL vil leggja til rette og bidra.
Det er også viktig og vera merksam på at initiativet frå Vestland fylkesting har eit større geopolitisk og beredskapspolitisk bakteppe. Stortinget handsama i vår eit representantskapsforslag for om ein opptrappingsplan for fleire politifolk.
Nye lokasjonar for politiutdanning, slik som Vestlandet, vart nemnt. Samstundes er framtidas politi og politiutdanning i Noreg under utgreiing.
Regjeringa sette i juni 2025 ned eit politirolleutval som skal sjå på kva politi Noreg treng i framtida. Justis- og beredskapsdepartementet gav i oktober 2025 Politidirektoratet i oppdrag å gjennomføra ei konseptvalutgreiing om flytting av Politihøgskolen i Oslo.
Med etablerte lokasjonar i Oslo, Stavern, Bodø og i Alta, er det openbert at Vestlandet må inn i utgreiingane.
Høgskulen på Vestlandet vil i dette biletet vera ein aktør som kan styrka både politiutdanning og beredskap i Noreg på kort og lang sikt.
---
Innlegget var først publisert i Haugesunds avis, og gjengis etter avtale med forfatteren.