Kronikk
«Avstanden mellom behovet for satsing på politiet og den reelle satsinga har aldri vore større»
Det må verta mykje verre i Noreg før det politiske fleirtalet handler. Det må verta svenske tilstandar.
Dette er en meningsytring. Innholdet gir uttrykk for forfatterens holdning.
Mange tilsatte i politiet lurer nok på kor gale det må verta før eit politisk fleirtal tek situasjonen til politiet og ein samla kamp mot kriminalitet på alvor.
Min påstand er at avstanden mellom behovet for satsing på politiet og den reelle satsinga aldri har vore større.
Dette seier eg sjølv om eg kjenner til svaret fra justisministeren, nemleg at det aldri før har vore satsa meir på politiet. Og sjølvsagt har ho rett, og ho dokumenterer det med ein vekst på 6,5 milliardar kroner (31 prosent) frå 2021-2026.
Men denne satsinga seier ingen ting om dette er nok i høve til behovet, og dette er kjernen i problemstillinga.
Eit samla behov
Me har aldri hatt ein debatt om kva som er det reelle behovet for ein samla innsats mot kriminalitet, basert på analysen av situasjonen.
Me har aldri hatt ein debatt om kva som er det reelle behovet for ein samla innsats mot kriminalitet, basert på analysen av situasjonen.
Det har aldri vore sett på eit samla behov for påtale, politi, kriminalomsorg og toll.
Lat oss ta eit blikk på behovet for ein samla satsing før me ser på kvifor det ikke skjer og truleg ikke vil skje før ting vert mykje meir alvorleg.
Gode skildringar
Det siste året har det vore svært mange og gode skildringar fra kvardagen i politiet, påtale og kriminalomsorgen. Fleire politimeistrar og ikkje minst tillitsvalte i PF har vore tydelegare enn på mange år - særleg politimeister Øystese i Oslo.
PST og Kripos har kome med svært gode og tydlige opne trusselvurderinggar, som burde vera nok til å få politikarane til å forstå alvoret.
Fleire forsvarstoppar har vore tydlege på at politiet har ansvaret i «fredstid» og må styrkast for å løysa sitt ansvar med dagens tryggingspolitiske situasjon og dei hybride truslane.
Kapasitetsutfordringar
Det er kapasitets-utfordringar innanfor alle områder.
Det er kapasitetsutfordringar innanfor alle områder: førebygging, etterforsking, vakt-beredskap, påtale og forvaltning. For ikkje å snakka om økonomisk kriminalitet som rammar fellesskapet, og nettsvindel som rammar mange eldre.
Det er stadige mediaoppslag om for lite politifolk, men det vert stort sett møtt med at målet om to politi per 1000 er nådd.
Men ingen i det politiske ordskiftet evner å få fram i debatten kva grunnlag to per 1000 vart laga på og vedteke for snart 20 år sidan.
Ein enorm utvikling
På dei 20 åra har det vore ein enorm utvikling og ressursbruk i høve til kvalitet og dokumentasjon.
Alle fagområder er pressa på ressursar, det er alt for lite tid til førebygging og etterforsking, og det operative er under sterkt press.
Alle fagområder er pressa på ressursar, det er alt for lite tid til førebygging og etterforsking, og det operative er under sterkt press.
Ungdomskriminaliteten og organisert kriminalitet har endra seg mykje, for ikke å snakka om ressursbruken på objektsikring; både personar og innstalasjonar.
Sånn kan ein halda fram å ramsa opp, og ein kan finna fakta og dokumentasjon i Kripos og PST sine trusselvurderinggar.
Hadde dette vore situasjonen når ein laga bemanningsplanen to per 1000 for 20 år sidan, hadde konklusjonen garantert vore minst tre politi per 1000 innbyggjarar i dag.
Enormt overtidsbruk
I dag ser ein mykje meir eller mindre gode (kreative) innspel for å demma opp for manglande politikraft. Og ein ser ikkje minst ein enormt overtidsbruk i politiet.
841 millionar det siste året, ein oppgang på 148 millionar, er heilt enormt, og naturlegvis eit stort HMS-problem.
Den enorme overtidsbruken er eit alvorleg sjukdomsteikn.
Den enorme overtidsbruken er eit alvorleg sjukdomsteikn, som også var eit grunnlag for to politi per 1000 for 20 år sidan.
Så tilbake til hovedspørsmålet, kvifor er det ingen politisk vilje til å ta tak i dette?
Det er som Rune Gerhardsen fortalde meg på slutten av 1990-talet, at det er ingen parti sine kjerneveljarar som har kampen mot kriminalitet bland sine topp 5-saker i val av parti. Det påverkar naturlegvis dei kyniske partistrategane.
Kun nemnd i ei bisetning
Dette vart også synliggjort når Fredrik Solvang den 27. november 2025 inviterte 9 partileiarar til sin siste debatt.
Då skulle partileiarane velja sine favorittema. Naturlegvis vart det ingen debatt om kriminalitet. Erna Solberg nemnde politiet i ein bisetning, det var det.
Tema som vart valgt var: budsjett, utanriks og velferd, tannhelse, EU-tilknytning, KRL-faget, barnehage, skatt, avgift, matprisar og skule.
Det må verta mykje verre
Dette såg ein også når stortingsvalet 2025 vart oppsummert i høve kva veljarane la vekt på ved val av parti. Det var i prioritet:
- Økonomi/lommeboka
- Forsvar/beredskap
- Helse/omsorg
- Arbeidsliv og industri
- Miljø og energi
- Skule/utdanning og barnehage
Det må verta mykje verre i Noreg før det politiske fleirtalet handler.
Her finn ein mykje av svaret på mitt innleiende spørsmål - det må verta mykje verre i Noreg før det politiske fleirtalet handler.
Det må verta svenske tilstandar.
For snevert
Riktignok har Stortinget i eit vedtak sommaren 2024 bedt regjeringa legga fram ein handlingsplan for politiet, som etter mitt syn er for snevert. Her burde også påtale, domstoler og kriminalomsorgen vore teke med.
MDG etterlyste handling i spørretimen for kort tid sidan, men i svaret til justisministeren er det ingen ting som tyder på at den kjem i nær framtid - men det jobbast på.
Så ja, det må nok verta mykje verre enn det er i dag, for det er ein realitet at dei aller fleste ikkje vert direkte råka av kriminalitet i samfunnet - i motsetning til helse, skule og barnehage. Då ser ein raskt eit «folkeleg» opprør.
Må kommunisere ærleg
Ingen går i fakkeltog mot nedlegging av politistasjoner eller dårleg politi-bemanning.
Fakkeltog og aksjonsgrupper for å bevare sjukehus, barnehage og skule er heilt vanleg. Ingen går i fakkeltog mot nedlegging av politistasjoner eller dårleg politibemanning.
Skal politikarane forstå alvoret, må veljarane sei ifrå og krevja meir politikraft, og for at veljarane skal kunna forstå alvoret, må etaten samla i endå større grad få fram konsekvensar av manglande ressurs og politikraft.
Ein må kommunisere ærleg om vakt/beredskap og manglande tilgjengeleg innsats, slutta å snakka om at ein ikke må «skapa unødig frykt».
Lær av Forsvaret som snakkar om faren for krig - kor ingen ting vert pakka inn.