Hijab og uniform?

Enno ein gong blir vi stilte overfor eit uryddig vedtak.

Publisert Sist oppdatert

Politidirektør Killengreen går inn for bruk av hijab og andre «religiøse hodeplagg» i politiets uniform. Grunngjevinga er som følgjer: «Vi mener at hensynet til å rekruttere bredt og sikre at politiet representerer alle samfunnslag, uavhengig av livssyn og etnisitet, må komme foran et strengt krav til en nøytral politiuniform».

Med debatten om blasfemiparagrafen friskt i minne er det på sin plass å stille følgjande spørsmål til politidirektøren: Korleis, og ved kva for instans, skal ein her avgjere kva som er eit «religiøst» plagg i motsetning til eit ikkje-religiøst? Og vidare, korleis grunngjev ein relevansen av eit slikt skilje?

I påvente av eit svar må vi konstatere at vi enno ein gong blir stilte overfor eit uryddig vedtak, med uklare konsekvensar. Med tanke på det prinsipielle er det dette å seie:

Dei som utgjer kjernen i statens legale maktutøving i fredstid - dommarane og politiet - har uniform når dei er på post og utfører sine oppdrag ut frå landets lover. Ved å iføre seg uniform markerer dei at dei ikkje opptrer som privatpersonar, men som handhevarar av gjeldande lov og rettspraksis: Alle statsborgarar skal derfor vite at politi og rettsvesen behandlar alle likt, ut frå dei same lovene og den same rettspraksis.

Det er sjølvsagt ønskjeleg med rekruttering av personar med ulike erfaringshorisontar, både i politiet og i rettsvesenet. Men når ein ifører seg uniform, i politiet eller i retten, er det som utøvar og forsvarar av gjeldande lov og rett, og ingenting anna. Uniforma er ein institusjonell markør for viljen til å leggje private verdioppfatningar til side. Dei som ikkje har fått med seg dette, har «ein jobb å gjere» og bør inntil vidare ikkje rekrutterast til politi eller rettsvesen.

Vi må ikkje så tvil om grunnprinsippet om at rettsstaten er eins og felles for oss alle. Og dette idealet bør utvitydig avspeglast i tenesteuniformene.

Powered by Labrador CMS