Arne Johannessen.

DEBATTINNLEGG

Politiet hadde 1000 millionar i samla mindreforbruk i 2020 - kvar vart det av pengane?

Politiet vert ofte skulda for å ha meir fokus på dei pengane ein ikkje har enn dei ein har. Men no har mange leiarar og tillitsvalte fokus på dei «pengane ein har fått frå Stortinget, men ingen har sett noko til».

Publisert Sist oppdatert

Dette er en meningsytring. Innholdet gir uttrykk for forfatterens holdning.

I politidirektoratet (POD) sin årsmelding for 2020, kan ein lesa på side 53 at samla hadde politiet eit mindreforbruk på 1000 millionar. Det er vanskeleg å få tak i kvifor ein har dette store mindreforbruket.

Det som er klart, er at politidistrikta samla hadde eit mindreforbruk på cirka 160 millionar. Eg ser at dette også var tema på det siste sentrale IDF-møtet (informasjons-, drøftings- og forhandlingsmøte). I sakspapira til IDF-møtet er det gjeve noko overordna forklaringar. Ein kan også sjå at politiet per første tertial har eit mindreforbruk på cirka 420 millionar.

Etaten må få ein forklaring på kvifor dette svært store mindreforbruket har oppstått. IDF-møtet 16. november 2020 fekk estimert eit mindreforbruk på cirka 340 millionar, nokså langt unna 1000 millionar.

Det kan vera gode og naturlege forklaringar på dette store mindreforbruket i 2020 og statusen per første tertial 2021, men det er heilt nødvendig med ein open og forståeleg informasjon om dette ut i linja i organisasjonen.

Det kan vera gode og naturlege forklaringar på dette store mindreforbruket i 2020 og statusen per første tertial 2021, men det er heilt nødvendig med ein open og forståeleg informasjon om dette ut i linja i organisasjonen.

Stortinget løyver ein del øyremerka midlar, men det mesta av pengane går til at politiet skal ha ein god beredskap, og jobba målretta og effektivt med førebygging og etterforsking av kriminalitet.

Det har over tid vore brukt for lite pengar for å vedlikehalda ein aldrande bilpark, så det bør vera rom for omdisponering av pengar.

Mange politidistrikt jobbar med å balansera sine budsjett inn mot siste halvår 2021. Det er fokus på effektiviseringstiltak, å ta ned investeringar, halda politistillingar ledige og redusera talet på sivile stillingar.

Det er ikkje så lett å forklara og motivera til tiltak for å redusera kostnaden når ein samla har eit stort mindreforbruk, som ein ikkje veit korleis har oppstått.

Eg kan ikkje sjå frå saklister til møter i nasjonal leiargruppa at dette har vore tema. Det er oppsiktsvekkande at ein ikkje i leiarsporet har gjeve ein god informasjon om dette mindreforbruket.

Mange ventar på ein god og informativ forklaring på kvifor det vart 1000 millionar i mindreforbruk i 2020 og 420 millionar i mindreforbruk per første tertial 2021.

Powered by Labrador CMS