Valkamp utan politi?

Kriminalpolitikken skal vere nasjonal, og vi skal ha eitnasjonalt og statleg politi.

Publisert Sist oppdatert


Men lokalpolitikarane treng ikkje av den grunn melde seg utav saksfeltet, slik dei i for stor grad har gjort. Det er trass alt lokaltmange brotsverk skjer. Det er lokalt folk treng politiet sine tenester. Det erlokalt haldningar blir forma - også haldningar til politiet. Og det er ikkjeminst lokalt at det kriminalitetsførebyggjande arbeidet må skje.

Difor vil det vere ille om det einaste politirelevanteutspelet i valkampen er høgreutspelet om kommunalt politi i Oslo. Eit utspelsom for lengst er og bør vere parkert.

Eit synleg politi og ei folkeleg politirolle og er viktigfor å skape gode oppvekstvilkår og trygge lokalmiljø. Difor er det heiltavgjerande at politiet har ressursar og kompetanse som i rimeleg grad svarartil folks behov og forventningar.

Difor etterlyser eg eit tøffare «politiengasjement» fråkommunepolitikarane. Ordførarar og andre kjem gjerne på banen nårkontorplassering og organisering står på dagsordenen. Det held ikkje. Til tiderkan det verke som om lokalpolitikarane fryktar budsjettkonkurranse, og at deitrur at meir pengar til politiet vil føre til mindre pengar til kommunaleformål.

Då ser dei vekk frå at politiet sine oppgåver i stor grad erretta mot tryggleik i lokalmiljøet og tryggleik for den enkelte borgar. Detteer også oppgåver for lokalpolitikarane. Politiråd i kommunane kan styrkeforståinga for dette og betre samarbeidet, men kan også ende opp som supperåd.

Det trengst noko meir - det trengst ei reell politiskmobilisering lokalt for å støtte opp om politiet sitt arbeid. Lokalpolitikaranemå også våge å presse på - presse på mot storting og regjering - for nødvendigeressursar til politiet.

Fordi politiet er viktig for lokalmiljøet, er politiet ogsåviktig i lokalpolitikken og i valkampen.

Powered by Labrador CMS