Tilsvar til Marit Fostervoll

Politiet sin overordna strategi for perioden 2010 til 2015 legg til grunn at politiet sitt samfunnsoppdrag er å førebyggja og kjempa mot kriminalitet, og å skapa tryggleik for folk.

Samfunnsutviklinga krev at politiet stadig må vidareutvikle måten sin å tenka på, evna si til å foreta riktige prioriteringar og tilpassa arbeidsmetodane sine.

Strategien tek mellom anna utgangspunkt i Politirollemeldinga: «Politiet skal være desentralisert. Politiet skal ha mange og spredte tjenestesteder. Politiet bør være tilstede i lokalsamfunnet, enten dette er en mindre landkommune eller bydel i en større by. Et desentralisert politi, vil i likhet med det sivile preg, åpne for samspill mellom politiet og befolkningen».

Politirollemeldinga understrekar også nokon enkle prinsipp om alliansen mellom politi og folk: « Politiet skal virke i samspill med publikum. Publikum er politiets viktigste ressurs, og samspillet med publikum bør være selve hovedstrategien. Samspillet politi – publikum går i korthet ut på samarbeid om løsningen av daglige problemer. Hjelp til selvhjelp i kriminalitetsforebyggende øyemed er ett eksempel. Publikums bistand til politiet i samband med konkrete saker er et annet».

Trondheimspolitiet, som både Klæbu lensmannskontor og Heimdal politistasjon i ein årrekkje har vore ein del av, har gjennom mange år synt utstrakt evne til å tenka nytt, vidareutvikla nærpolitiet, driva godt dialogarbeid og ha god samhandling med lokalsamfunnet. Desse tenestestadene har vore i fremre rekke både når det gjeld førebyggjande politiarbeid og kampen mot organisert kriminalitet. Korleis Trondheimspolitiet organiserar seg, er det dei lokale partane som avgjer innanfor det til ein kvar tid gjeldande lovverk, politiet sin overordna strategi og innanfor dei gjeldande økonomiske rammene.

Den strategien og dei handlingsalternativa som lokale leiarar vel, må vera innanfor ramma til lova og innanfor andre føringar Stortinget har gitt, til dømes gjennom stortingsmeldingar. Ut i frå min kontakt med særs mange leiarmedlemmar i Politiets Fellesforbund, opplevar eg ikkje at dei skildrar det som augeteneri, men oppfylging av demokratisk fatta vedtak.

I ein verden i rask endring og med ei globalisering som førar oss nærare kvarandre i eit stadig meir opent samfunn, er politiet si evne til å kommunisera på tvers, og framfor alt tett og nært med folk, av vital betyding. Politiet løysar ikkje kriminaliteten aleine. Politiet er avhengig av tett dialog med folk, utvikling av nye arenaer for samhandling og etablering av alliansar som førebyggjar og kjempar mot kriminalitet.

Politiets Fellesforbund har ikkje en strategi som hegnar om bygningar eller gamle strukturar, men vektlegg samfunnsoppdraget til politiet og at me treng å utvikla ein nærpolitireform som byggjar på politirollemeldinga sine grunnprinsipp.

Utvikling går ofte hand i hand med omorganisering. Til den konkrete situasjonen me ser no, med omorganiseringar i fleire politidistrikt, har Politiets Fellesforbund meint at ein i politi-Noreg bør venta med fleire omorganiseringar til arbeidet med Resultatreforma er sluttført. Det same synet registrerar me at justisministaren har gitt uttrykk for. Arbeidet med Resultatreforma er som kjend satt på vent til resultata av 22. juli-evalueringane er klare. I evalueringane er det sannsynlig at det vil koma resultat som vil ha følgjar for Resultatreforma, og dermed gi sentrale føringar på korleis politidistrikta bør eller skal organiserast.

I utviklinga er det viktig at me tar vare på dei verdiane og dei enorme gevinstane som nærpolitirolla og lensmannsmodellen byggjar på i samfunnet vårt.

Til toppen