Riksadvokaten har avslutta Obiorasaka

Fredag 21.desember kom endeleg Riks­advokaten si avgjerd i Obiora-saka, lang tid etter den tragiske hendinga på Østbyen servicekontor i Trondheim 7.september 2006.

Saka har vore ein svært stor belastning på alle, sjølvsagt mest tragisk for familie og vener til den avdøde, men også ein stor belastning for dei involverte politifolka og deira familiar. I tillegg har også for resten av Sør-Trøndelag politidistrikt og resten av politi-Noreg følt presset.

Som Riksadvokaten skriv avslutningsvis i sin 35 siders svært grundige og gode gjennomgang av saka, «et for politiet i utgangspunktet rutinemessig oppdrag fikk en tragisk slutt. Det kan illustrere hvor vanskelig og krevende polititjeneste er. Ikke minst i dette perspektivet er det viktig med god kunnskap i alle ledd om de nærliggende farer ved teknikker som benyttes for å passivisere personer ved maktutøvelse. Selv om beskrevne forhold ikke er straffbart, er det all grunn for politiet til å beklage Obioras tragiske død».

Saka har fått stor mediamerksemd, til tider har det vore svært dårleg journalistisk håndverk med svært einsidig vinkling og lite rom for motforestillingar.

Det kunne vore av stor interesse å fått ein uavhengig gransking av media sin dekning av saka.

Kanskje det er på tide at media får lika stor grad av uavhengig gransking i ein del saker, som politiet får via Spesialeininga for politisaker.

Etter Riksadvokaten sin solide gjennomgang av saka, står Spesialeininga styrka att etter sitt arbeid med saka.

Det er positivt at media i etterkant har hatt intervju med dei involverte politifolka, både i Adresseavisa og på NRK laurdagsrevyen. Gode oppslag som også får fram dei involverte politifolka sin belastning og meir fakta om kva som skjedde.

Det har frå fleire miljø vorte hevda med styrke at saka måtte havna i retten, det var den einaste instansen som kunne avslutta saka med ro rundt avgjerda, har det vore hevda. Det er eit svært viktig prinsipielt spørsmål, det gjeld grunnleggande rettstryggleiksprinsipp.

Ein må da spørre om det skal det vera andre vurderingar og reglar for at påtalemekta sender saker som gjeld politiet til rettsleg prøving.

Dette viktige prinsippet tek Riksadvoka­ten for seg på ein god og grundig måte på side 8 i dokumentet.

«I en rettsstat som den norske, må de prinsipper som det er redegjort for foran, selvsagt praktiseres konsekvent og uavhengig av hvem som er mistenkt, tiltalt eller fornærmet i den aktuelle sak, og uaktet hvor stor offentlig inntresse saken har fått».

No er det viktig at alle respekterar dei reglane som regulerar ein rettstat som den norske, og ikkje nyttar denne saka som ei symbolsak for å fremja eigne særinteresser eller eige markeringsbehov.

Ein del kommentarar i det offentlege rom i etterkant av riksadvokaten si avgjerd, var ikkje imponerande. Lengst, men ikkje uventa gjekk Akhenaton De Leon i Omod til TV-2 med å sei,«dette sender ut signal om at norsk politi kan ta liv uten at det får konsekvenser». Verre er det at advokat Raja uttaler til TV-2 at «for innvandrererne i dette landet er dette et slag mot deres rettssikkerhet. Det er nesten leit å måtte si at pass dere selv mot politiet for at om du blir overgrepet mot kan du ikke regne med at du skal få rettferdighet».

Heldigvis syner ein måling som Synovate har gjort, at folk med innvandrarbakgrunn har stor tillit til norsk politi, faktisk med gjennomgåande større tillit enn resten av dei som har svart.

Folk lar seg ikkje skrema av skremselspropaganda, men gjer seg opp sin meining på bakgrunn av dei mange gode møta mellom publikum og politi.

Til toppen